Vegen til fortaping

februar 1st, 2023

TEATER

FORSONING?: Far (Ketil Høegh) og son (Sindre Arder Skildheim) i ei scene som syner at det kanskje finst både kjærleik, forsoning og ein veg ut. FOTO: KNUT ÅSERUD

«Lang dags ferd mot natt»
Hålogaland Teater, scene øst
Av: Eugene O’Neill
Omsetjing: Ragnar Olsen
Regi: Egill Pálsson
Scenografi og kostyme: Martin Eriksson
Med: Ketil Høegh, Guri Johnson, Kim Jøran Olsen og Sindre Arder Skildheim

Hålogaland Teaters oppsetjing av «Lang dags ferd mot natt» greier i for liten grad å yte teksten rettvise.

Då Eugene O’Neill skreiv «Lang dags ferd mot natt» i 1941, la han ned forbod mot publisering før 25 år etter hans død. Årsaka var nok at innhaldet var sterkt sjølvbiografisk. Men enka hans ville det annleis, og berre eit par år etter at O’Neill døydde i 1953, var det urpremiere på det som er blitt eitt av dei mest spela amerikanske drama. For sjølv om dette i botn kan sjå ut til å handle om den amerikanske draumen, så handlar det like mykje om skuldkjensle, livsløgner, illusjonar, sjalusi, gjerrigskap, religiøse grubleri, alkohol, og sjølvsagt også kjærleiken, altså ulike sider ved kor vanskeleg det er å vere menneske.

Familien Tyrone er ein dysfunksjonell irsk innvandrarfamilie, og vi følgjer dei eit snautt døgn i sommarhuset deira i det som opphaveleg var 1912, men som i Hålogaland Teaters oppsetjing er i vår eiga samtid. James Tyrone (Ketil Høegh) er ein alkoholisert tidlegare fetert skodespelar og Shakespearetolkar, men som nå er ein gjerrig eigedomsspekulant utan eit snev av sjølvinnsikt. Kona hans, Mary (Guri Johnson) var på veg inn i eit strengt religiøst klosterliv då ho møtte og fall hovudstups for James. Ho blei uforvarande heroinist etter den yngste sonens fødsel, og er akkurat heimkomen etter eit avvenningsopphald. Eldstesonen Jamie (Kim Jøran Olsen) skulle bli skodespelar som faren, men er totalt mislukka. Han er ein dagdrivar som får tida til å gå med fyll og fest. Og så er det yngstesonen, Edmund (Sindre Arder Skildheim), tæringssjuk, og forfattarens alter ego. Han er den sarte kunstnarsjela, også ganske alkoholisert, og det er høgst uvisst om han vil overleve dei neste månadane. I originalmanuset er det også ei tenestejente, men her er ho stroke. Eg er ikkje samd i den avgjerda, for ho representerte alternativet, vegen ut av elendet og at det fanst eit liv der ute.

Scena er sett til ein skoddefull seinsommardag i stova i sommarhuset deira. Martin Erikssons scenografi er eit tomt rom med ei taklampe, eit vindauge og ein stol. Like kaldt og nake som den lagnadstunge situasjonen dei fire er fanga i. Og med dette store aude rommet blir avstanden mellom familiemedlemmane også ganske påtrengjande.

Med unnatak av når dei fire går laus på kvarandre, er det lite fysisk handling, for her er det teksten og dialogen som er berande. Gjennom replikkvekslinga og monologane avdekkjer Eugene O’Neill gradvis og lag for lag dei ulike historiene, lagnadane, motsetnadane, og trass i alle orda, den manglande kommunikasjonen. Ragnar Olsen har gitt teksten ei nordnorsk, munnleg og naturleg språkdrakt, og regien til teatersjef Egill Pálsson legg hovudvekta på tekst og dialog. Men ikkje heilt, og det er her denne produksjonen diverre ikkje lukkast. Der O’Neill har laga ein dramaturgisk oppbygging som sakte og omstendeleg kler av dei fire alt dei måtte ha av ferniss, let Pálsson dei heilt frå starten ha store kjenslemessige utbrot som verkar umotiverte og vanskelege å skjøne. Slik går vi glipp av mykje av nyanserikdomen, både i handlinga, og ikkje minst i forståinga av kvar av dei fire og kvifor dei er som dei er. Særleg gjeld dette Jamie, der Kim Jøran Olsen har fått alt for lite å spele på, og blir ganske eindimensjonal. Men eg slit også med å forstå og tru på såpass røynde skodespelarar som Ketil Høegh og Guri Johnson. Berre Sindre Arder Skildheim som yngstesonen Edmund har fått eit stort nok register til at han greier å røre ved noko.

Mot slutten får vi nokre scener som viser kva dette kunne ha blitt. Eit nydeleg tablå der James og Edmund spelar kort, drikk og utvekslar litterære godbitar, syner at her ligg det også ein latent kjærleik i botn. Og Guri Johnsons monolog gir oss omsider noko meir innsikt og forståing av Marys historie og ikkje minst religiøse rivningar. Men trass i desse lyspunkta greidde oppsetjinga i for liten grad å yte den framifrå teksten rettvise.

(Ei litt forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen onsdag den 1. februar 2023.)

Musikalsk gjøglarglede

januar 17th, 2023

TEATERKONSERT

GJØGLARDUO: Hans Petter Nilsen og Ivar Nergaard er om lag akkurat like galne og underhaldande som originalduoen var. FOTO: OLE EKKER

«Knutsen & Ludvigsen – På tide å stå opp»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen
Regi: Øyvind Brandtzæg
Scenografi: Even Børsum
Lysdesign: Eivind Myren
Musikalsk ansvarleg: Jovan Pavlovic
Orkester: Jovan Pavlovic, Anna Ueland og Håkon Mjåset Johansen
Med: Hans Petter Nilsen, Ivar Nergaard, Madeleine Brandtzæg Nilsen og Thomas Jensen Takyi

Ein interaktiv og velframført teaterkonsert med ein underhaldningsverdi som overgår det meste.

Gjennom meir enn femti år har minst tre generasjonar sunge med og late seg underhalde av den store songskatten frå Knutsen og Ludvigsen alias Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen. Gjennom nesten like mange år har norske teater med vekslande kvalitet presentert ulike sceneversjonar av det absurde universet til desse to, og spesielt om livet i tunnelen. Når Trøndelag Teater nå lagar nok ein sceneversjon, har dei vald å konsentrere seg om songane, og ikkje minst alle ablegøyene som dei to krydra konsertane sine med. Det er blitt ein teaterkonsert der dei presenterer nokre av dei mest kjende visene, uakta om dei har samanheng med tunnelen eller ikkje. Men grevlingen er med, likeins konduktøren, kaptein Knutsen og mykje meir. Resultatet er blitt ein heidundrande, velspela og underhaldande konsert som fekk publikum i ekstase frå første låt. Her det inga aldersavgrensing, for sjølv om det er dei yngste som er hovudmålgruppa, er dette minst like stor underhaldning for alle oss andre.

Regissør Øyvind Brandtzæg har hatt eit luksusproblem med å velje ut berre fjorten songar. Rundt desse har han bygd opp ei framsyning der songane blir integrerte delar av minst like mange sketsjar med akkurat same hysterisk morosame og litt ukorrekte humor som prega konsertane til Knutsen og Ludvigsen. Hovudrollene blir spela av Hans Petter Nilsen (Knutsen) og Ivar Nergaard (Ludvigsen), og det er heilt avgjerande for det framifrå resultatet. Dei to er gode songarar og musikarar, men er først og fremst ein gjøglarduo som har gjort teater saman i rundt ein mannsalder, og slik kjenner kvarandre ut og inn slik at timing, kjemi og alt som trengst for å lage stor humor, er på plass. Med seg til koring og mykje meir, har dei «rypa» Madeleine Brandtzæg Nilsen og Thomas Jensen Takyi som er både grevling og rev. Og i tillegg til at alle desse fire også trakterer ulike instrument, er det eit lite, men ekstremt solid orkester (Jovan Pavlovic, Anna Ueland og Håkon Mjåset Johansen) under leiing av Jovan Pavlovic. Han har, med stor pietet, gitt nokre av songane nye, spennande arrangement, noko som gjer at dette langt frå blir ein konsert med coverlåtar.

Scenografen Even Børsum har gått på skattejakt i teaterets rekvisittlager, og frå snorloftet på hovudscena heng det dei mest utrulege ting, men som effektivt illustrerer det absurde og mangslungne universet til Knutsen og Ludvigsen. Og med lyssettinga til Eivind Myren blir det skapt rom og situasjonar på den store scena.

Knutsen og Ludvigsen er allemannseige, men denne konserten rettar seg i hovudsak til dei yngste, og det ved å vere særs interaktiv. Eitt er at vi alle rett som det er må opp og stå for å synge og nynne med, og å lære å spele nasesekkepipe. Men Nilsen og Nergaard er uvanleg dyktige til å få dei yngste i tale, få aktivisert dei, få nokre av dei opp på scena, og ikkje minst å improvisere avslappa og naturleg til responsen dei får frå bøllefrøa i salen. For her er det ikkje berre lov, men nærast ei plikt å gjere narr av foreldra sine.

Vi er sjølvsagt mange som vil sakne ein og annan song, men utvalet er godt og ganske representativt. Frå opninga med «Dum og deilig» og til finalen med «Kanskje kommer kongen» formeleg kokte det i salen, og alle generasjonar song med av full hals. Desse to songane, og låtar som «Hallo, hallo» og «Grevling i taket» er sjølvsagt egna til stor stemning, men godt var det òg at Brandtzæg hadde funne plass til den langt rolegare «Dinosauren og månen», nydeleg framført av Madeleine Brandtzæg Nilsen. Og ikkje minst til «Eventyret om en melodi» som vel eigentleg var eit solonummer av Gustav Lorentzen, der salen både plystra og nynna med, og der Ivar Nergaard fekk syne at han er ein av landets beste forteljarar.

Til å vere ein teaterkonsert utan nokon raud tråd, har Øyvind Brandtzæg greidd å lage ei overraskande samanhengande framsyning, stramt regissert, men med god plass til improviserte innslag alt etter salens dagsform. Og underhaldningsverdien overgår det meste.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 17. januar 2023.)

Med eller mot naturen

januar 17th, 2023

TEATER

VEKTLAUS: Camilla Therese Karlsen synleggjer gjennom akrobatisk dans magien når steinar tar til å sveve. FOTO: ØYVIND MALUM/WOW MEDIALAB

«Allaq – Dållen gïele/Ildens stemme»
Åarjehlsaemien Teatere, Turnéteatret i Trøndelag og Beaivváš Sámi Našunálateáhter
Av: Cecilie Persson
Regi: Peter Oskarson
Scenografi og kostyme: Peter Holm
Masker: Leo Thörn
Kostymemakar: Berit Haltvik With
Komponist: Frode Fjellheim
Koreografi: Camilla T. Karlsen
Lysdesign: Per Sundin
Med: Lene Cecilia Sparrok, Mary Sarre, Camilla Therese Karlsen, Tore B. Granås, Stein Bjørn og Trond Peter Stamsø Munch

Ei sanseleg, vakker og mytisk framsyning som ikkje alltid er like lett å forstå.

Med Høgsteretts dom om vindmøllene på Fosen og regjeringas suverene forakt for denne avgjerda, er det høgst aktuelt å stille spørsmål om kva som skjer når klimaendringar og overgrep frå storsamfunnet gjer at livsvilkåra for urfolk forsvinn. Dette er bakteppet i «Allaq – Dållen gïele/Ildens stemme», ein samproduksjon mellom Åarjehlsaemien Teatere (Det sørsamiske teateret), Turnéteatret i Trøndelag og Beaivváš Sámi Našunálateáhter (Det samiske nasjonalteateret). På bakgrunn av tre arktiske myter frå Alaska, Kalaallit Nunaat (Grønland) og Sápmi, og som alle har bjørnen og naturen som sentrale tema, har Cecilia Persson skrive eit drama der nordkalotten er blitt ørken, is og eld. Varsla har vore mange, men dei er blitt ignorerte. Nå har livsgrunnlaget til det vesle samfunnet vi møter forvitra, og leiaren avgjer at dei må flytte.

Framsyninga opnar med eit slags ritual der aktørane på ulike vis syner respekt for den livgjevande elden. Men når alt er tørke og aude, er det ikkje anna råd enn å flytte. Den gamle bestemora Sakka (Mary Sarre) må bli att, overlate til seg sjølv og ein sikker død. Men medan mannfolka dreg, vel dotterdottera Allaq (Lene Cecilie Sparrok) å bli att med Sakka,.

Den vidare handlinga er ikkje like lett å få tak på, for her er det ei samanveving av myter, metaforar, symbolikk og stilisert teater som manusforfattar Cecilie Persson og regissør Peter Oskarson ikkje alltid har greidd å gjere heilt forståeleg. Men hovudforteljinga er at Allaq, som er halvt bjørn og halvt menneske, forstår at ein må finne attende til naturen og samspelet med han, personifisert gjennom bjørnen.

Framsyninga har ein del problem med sjølve historia, og noko av spelet blir også vel patosfylt utan at det står i forhold til det som skjer på scena. Men som ei sanseleg oppleving har oppsetjinga store kvalitetar. Scenografien og kostyma til Peter Holm gir oss, utan nærare geografisk plassering, eit illustrerande bilde av eit urfolk. Leo Thörns masker er flotte og Per Sundins lysdesign er stemningsskapande på eit nøkternt og diskré vis. Og det som verkeleg løftar framsyninga, er musikken til Frode Fjellheim som gjennomsyrer det meste, og koreografien og dansen til Camilla Therese Karlsen. Saman med steinar som tar til å sveve, illustrerer ho den same vektløysa med akrobatisk dans som ein trapesartist klatrande i to draperi, og alt samansmelta og synkront med Fjellheims musikk.

«Allaq – Dållen gïele/Ildens stemme» er andre del av ein trilogi som vil bli vist og fullført i samband med Bodø 2024 når Bodø til neste år blir europeisk kulturhovudstad. Men etter urpremieren i Verdal fredag, skal framsyninga i tre veker framover turnere i Trøndelag og Nordland.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 17. januar 2023.)

Teateråret 2022

desember 30th, 2022

Gjennom 2022 har dei ulike teatera i Norge gradvis vakna opp etter pandemi og streik, men framleis slit scenekunsten med etterraksten etter det vanskelege fjoråret. Klassekampens teatermeldarar gjer i dagens utgåve opp status. Kor mange produksjonar avisa har meldt i år, har eg ikkje oversikt over, men sjølv har eg sett nærare 100 framsyningar over heile landet, og eg har meldt litt over førti av dei i avisa og ti på bloggen. I dagens oppsummering i avisa fekk vi berre lov å plukke ut ei framsyning kvar. For meg var det eit ganske enkelt val, jamvel om teateråret baud på mange gode og store opplevingar. Påkosta, store produksjonar på Osloscenene, eksperimentelt på Hamar, Shakespeare i meir enn forståeleg språkdrakt i Trondheim, ny norsk dramatikk i Bergen, symbiose av dans og scenografi i Molde, rein underhaldning i Kristiansand, forteljarteater i Haugesund, svart, politisk komedie i Tromsø, solid folkeopplysing frå Beaivváš og sterkt politisk teater i Mo i Rana og Verdal. Her er mange om beinet, og norsk scenekunst er så avgjort mangefasettert. Men det er lite som slår Rogaland Teater når dei får lage ensemblespel på høgt nivå.

ÅRETS FRAMSYNING

«Eks»
Rogaland Teater
Av: Marius von Mayenburg
Regi: Øystein Martinsen

UVENTA BESØK: Kva skjer med den «liberale» kona (Mari Strand Ferstad) når eksen (Mareike Wang) til mannen hennar (Svein Solenes) dukkar opp ein sein kveldstime? FOTO: MARIE VON KROGH

Rogaland Teater fekk i 2014 to Heddaprisar for «Perpleks» av Marius von Mayenburg. Med haustens oppsetjing av «Eks» av same forfattar, er dei nå på same høge nivå. Det er ei intens, attkjenneleg, humoristisk og litt trist historie om kva som skjer når eit tilsynelatande vellukka par får uventa besøk av eksen til den eine. I den overtydande regidebuten til Øystein Martinsen gir han oss eit tett kammerspel utan daudpunkt der dei tre skodespelarane Svein Solenes, Mari Strand Ferstad og Mareike Wang får briljere i tolkinga, og utleveringa, av menneske og karaktertrekk vi kjenner så alt for godt.

Leikent og mollstemd

desember 5th, 2022

TEATER

HAVARI: Ein julemiddag fleire og fleire nok kan kjenne seg att i. FOTO: KETIL BORN

«Ujul»
Nordland Teater i samarbeid med Moddi og Arktisk Filharmoni
Ide/konsept: Sigrid Strøm Reibo og Pål Moddi Knutsen
Songtekst og musikk: Pål Moddi Knutsen
Tekst og dramatisering: Kristofer Blindheim Grønskag
Regi: Oleg Glushkov
Scenografi og kostyme: Mårten K. Axelsson
Kapellmeister: Sverre Tollefsen Laupstad
Orkester: Arktisk Filharmoni mfl.
Lysdesign: Vegar Angel Nordheim Andreassen
Med: Pål Moddi Knutsen, Reidar Sørensen, Line Heie Hallem, Rune Storsæther Løding, Maiken Vembre og Hannah Schulte Strid

Ei lun og leiken framsyning som ikkje kom heilt i hamn.

Jula er full av tradisjonar, og heilt frå førkristen tid ei av dei viktigaste høgtidene våre. Samstundes er ho ganske ekskluderande for dei som ikkje fell heilt inn i falden. Det er mas, kjøpepress og forventingar, og i dagens samfunn med eksar og bonusfamiliar og eg veit ikkje kva, kan ho vere ei uløyseleg logistikkutfordring. Når alt skal vere perfekt, er det duka for mang ein nedtur.

Om desse skuggesidene ved jula har visekunstnaren Pål Moddi Knutsen skrive ei rekkje nye songar, og saman med Sigrid Strøm Reibo utvikla eit konsept der Kristofer Blindheim Grønskag har laga historier rundt songane og skrive dialogen. Reibos mangeårige samarbeidspartnar, Oleg Glushkov, har hatt regien. På Nordland Teater er dette blitt ei lun, humoristisk, sjølvironisk og litt mollstemd framsyning som ikkje på noko vis er eit oppgjer med jula, men likevel manar til både ettertanke og å stoppe opp litt.

Historia er ganske enkel. Ein familie på tre, Pål (Pål Moddi Knutsen), Maiken (Maiken Vembre) og dottera (Hannah Schulte Strid) bur seg på storinnrykk på julekvelden, og gjer det på eit herleg parodisk og passe overspela vis. Ho har alt for høge ambisjonar, han har resignert, medan dottera representerer fornufta og ettertanken. I ein nydeleg song fortel ho nissen at ho ikkje ønsker seg noko til jul. Samstundes er eit nyskild par som ikkje har fortald slekta om skilsmålet ennå (Rune Storsæther Løding og Line Heie Hallem) på veg heim til familien hans for å halde fasaden og feire som før. Og så er det den pensjonerte og einsame sjømannen (Reidar Sørensen) som lever på minna om henne han aldri fekk.

Moddis nyskrivne, vakre, men ganske blå og mollstemde songar bind det heile saman og presenterer oss for dei ulike lagnadane. Det er nydeleg framført av eit songsterkt ensemble og til dyktig tonefølgje av fem strykarar frå Arktisk Filharmoni og to på slagverk og tangentar. Så langt er dette ei tradisjonell juleframsyning. Men eit uvanleg leikent regigrep i tett samarbeid med scenograf og rekvisitør, gjer at framsyninga blir så mykje meir og langt større enn seg sjølv. Ved at scenearbeidarane blir viktige aktørar med å skape scenografi og situasjonar undervegs får oppsetjinga eit utal metalag. Her er det leik og moro med teaterkonvensjonar, sjølvironi og intelligent humor som toppar seg med ein kvilebenk som nektar å bli bore av scena og meiner han eigentleg har hovudrolla.

Julemiddagen til Maiken og Pål blir ikkje som planlagd, for alle melder avbod i siste liten. Men selskapet blir «redda» ved at dei tre andre av ulike grunnar dukkar opp. Det blir ganske kleint og endar i fullstendig havari. Fram til det punktet har framsyninga vore artig, overraskande og full av humor, men med middagens kollaps, skjer diverre litt av det same med framsyninga. Ho blir føreseieleg, og mistar det leikne og oppfinnsame. Men sjølv om finalen ikkje heilt stod i stil med resten, fekk vi likevel i hovudsak ei velspela, artig, litt trist, og ikkje minst sjølvironisk framsyning med mange lag, også metalag. Moralen er vel at vi kanskje berre bør gløyme alt stresset og jaget mot det perfekte, og heller nytte den mørkaste tida på året til å slappe av og ha det litt hyggjeleg.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 5. desember 2022.)

Ein smakebit

desember 2nd, 2022

TEATER

DOTTERA: Den legendariske russiske ubåtkapteinen frå 1978 har ei dotter (Tiril Heide Steen) som er glad i norsk natur, er hobbyfotograf og droneflygar. FOTO: MARCO VILLABRILLE

«Nye Hjorten Teaters Spektakulære Juleshow»
Nye Hjorten Teater, Trondheim spektrum
Av: Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal
Regi: Mads Bones
Komponist og arrangør: Kyrre Havdal
Scenografi: Gjermund Andresen
Koreografi: Martha Standal
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Orkester: Kyrre Havdal, Hans Petter Vik Sæther, Elvin Venæs, Stian Lundberg, Christian Aftræth Eriksen og Emil Emilson Holmesland
Med: Mads Bones, Olve Løseth, Markus Bjørlykke, Tiril Heide-Steen, Kathrine Strugstad, Ingvill Siegel, Karl-Vidar Lende og Lasse Johansen

Om halvtanna år er det klårt for opning av «Nye Hjorten Teater» i eigne lokale. Det vi i desse dagar får oppleve i Trondheim spektrum, er forhåpentleg berre ein appetittvekkjande aperitiff og teaser, og ikkje eit bilde på sjølve hovudretten.

Dette er ein forsmak på kva vi kan vente oss i 2024, fortalde Mads Bones oss i finalen på «Nye Hjorten Teaters spektakulære juleshow» i Trondheim spektrum. Og framover mot jul skal denne nyvinninga på Trondheims teaterhimmel fylle byens storstove med førjulsunderhaldning. Medan vi ventar på at teaterets nybygg i bakgarden til det gamle hovudpostkontoret skal stå ferdig hausten 2024, kan vi få ein smakebit av kva vi har i vente. Og det var akkurat det dette juleshowet var, ein smakebit eller aperitiff, men forhåpentleg langt frå den komande hovudretten.

For den som ikkje er lokalkjend, eller har levd særs lenge, var «Hjorten», eller «Hjorten Revy- og Varietéteater» som var det fulle namnet, Trondheims revyscene frå 1867 til 1947. Kråkeslottet som husa revyscena låg i Ila og var teikna av arkitekt Karl Norum, ein av landets fremste jugendarkitektar. Han teikna også både Hovudpostkontoret i Trondheim og Britannia Hotell. Så når Trondheim omsider har fått ein kunstmesen ved at Reitanfamilien går inn og finansierer både eit nytt kunstmuseum i det gamle hovudpostkontoret og eit nytt teater i postkontorets bakgard, samstundes som dei også har pussa opp Britannia Hotell til fordoms prakt og vel så det, ja, – så er ringen på mange vis slutta.

Trioen Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal har gjennom dei siste femten åra gitt oss ei rekkje sjangeroverskridande, spektakulære og elleville musikalframsyningar som «Slaget på Testiklestad» og «Juleevangeliet, the Smash Hit Musical» berre for å nemne to av dei mest kjende. Dei har revitalisert humor- og musikalsjangeren. Det særmerkte er eit oppkome av idear, humor i verste «bad-taste-tradisjon», men som er så intelligent at han blir akseptabel for dei fleste, framifrå musikk og gode tekstar med overraskande vriar. Og dei har fått tusenvis av folk som elles sjeldan går i teater, til å strøyme til framsyningane. Når Reitanfamilien nå har hyra nettopp desse tre til den kunstnarlege leiinga av «Nye Hjorten Teater», så er det duka for at Trondheim etter kvart kan få ei annleis og ganske spennande teaterscene.

Men førebels er teateret og den kreative trioen huslause, og i ventetida held dei folk varme med ulike show i Trondheim spektrum. I fjor var det ei nytapping av «Juleevangeliet» og i år er det med eit førjulsshow meir i tråd med revy- og varietétradisjonen.

Gjermund Andresen har laga ein scenografi med ei stor bua trapp i eit slags vinterlandskap og med nummererte luker og dører som ein julekalender. Trappa er tradisjonell som ei trapp der vi ventar oss store entrear som ein dansande Fred Astaire, ein pelskledd Dag Frøland eller ei festkledd Scarlett O’Hara. Men så blir vi lurt, for her ingen spektakulær entré, men tvert om sortien til ein i dobbel forstand snublande inspisient (Karl-Vidar Lende). Han opnar det heile, vil så gjerne introdusere meir enn det køyreplanen legg opp til, og «øydelegg» framsyninga. Før Mads Bones og Olve Løseth kjem inn, kledde i smoking og overtek det heile.

Med seg har dei eit solid musikalteam av Markus Bjørlykke, Tiril Heide-Steen, Kathrine Strugstad og Ingvill Siegel. Mennene i smoking, og kvinnene i glitter. Gjennom fjorten nummer av særs ulik kvalitet får vi presentert både jule- og Beatles-medleyar, litt forsøk på politisk satire, ellevill parodiering, framifrå song, god koreografi og flotte musikalske arrangement. Det vi stort sett kan kalle god underhaldning, men som likevel ikkje kjem heilt i mål. Framføringa til dei sju på scena er framifrå og sceneskifta er imponerande mange og godt synkroniserte. Song- og danseinnslaga er det heller ikkje noko å setje fingeren på, men ikkje alle tekstane er like gode. Kyrre Havdal briljerer i arrangementa, og starten er ein julemedley der overgangane er saumlause. Men endå betre blir det i ein flott, men kanskje litt umotivert, hyllest til Beatles der arrangement og koring etter kvart går opp i ei høgare eining, og der dei greier å sample i alle fall tre låtar samstundes.

Alt dette er flott, men showet fell likevel litt mellom mange stolar. Trioen bak er kjend for kreativitet, og då er ikkje reprisar frå tidlegare produksjonar det vi forventar. Og sjølv om Karl-Vidar Lende gjer maksimalt ut av den spotlightsøkjande inspisienten, er temaet litt for kjend frå den like mislukka suffløren på «slaget på Testiklestad».

Høgdepunkta i dette juleshowet er tre litt ulike songinnslag frå det reint humoristiske, via det patoshumoristiske til det heilt såre og mollstemde, men likevel lett parodiske. Vi har alle eit forhold til Harald Heide Steen jr. sin sovjetiske ubåtkaptein. Når kapteinens dotter nesten femti år etter syner seg å vere hobbyfotograf, droneflygar og særs glad i norsk natur, i tillegg heiter Tiril Heide Steen, og har fått ein framifrå tekst og ein god melodi, så er det duka for ein verkeleg klassikar. Og snakkar vi om julesongklassikarar, så er vel Jussi Björlings «O Helga Natt» blant dei fremste. Når Markus Bjørlykke med operatenorens stemmeprakt og med gravalvorleg pondus framfører «O’helgafri» til same melodi, sunge med same store innleving, men med ein heilt annan og komisk tekst, så blir det stor humor. Den siste sviska var i utgangspunktet ikkje humoristisk, for det var Karl-Vidar Lendes mollstemde og djupt sørgjelege song om «Gutten med trommestikkene», ein parafrase over H C Andersen, men samstundes så overdriven trist og patosfyld at han skriv seg inn i tradisjonen frå Astow Ericsons «Julekveld i skogen».

Med desse tre numra viser «Nye Hjorten Teater» kva vi kan ha i vente. Bones/Løseth/Havdal har i fleire år synt seg som både kreative og særs nyskapande. Det trur eg dei gjer lurt i å hegne om og dyrke vidare. Det er laga mang ein evergreen både på Hjorten, Chat Noir og Edderkoppen, men der også kunne det vere langt mellom drammane. Og forma desse scenene nytta er vel for lengst passé? Så eg vil rå «Nye Hjorten Teater» til å dyrke seg sjølv og sin eigenart i staden for å leggje seg tett opp til glamourtradisjonen til gamle revyscener.

Alle rituala våre

november 23rd, 2022

TEATER

OFRING: Det kvardagslege omgrepet syndebukk viser i røynda til ei rituell offerhandling. FOTO: ATLE AURAN

«So Far So Good»
Rosendal Teater
Av: Hestnes/ Popović
Regi: Freya Sif Hestnes
Scenografi: Hestnes/ Popović og Daniel Fogh
Kostyme: Astrid Sønderskov Andersen
Lyddesign: Daniel Fogh
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Med: Marina Popović og Anders Tougaard

Stillferdig og med bruk av sinnrik teknologi tek Hestnes/ Popović oss med på ei sanseleg og audiovisuell historieforteljing.

I tidlegare framsyningar har kunstnarduoen Hestnes/Popović arbeidd med dei nære, familiære forteljingane for å syne at også dei er politiske, og korleis det er dei som til saman blir den store felles historia vår. Slik er også utgangspunktet i den siste produksjonen deira, «So Far So Good», som hadde urpremiere på Rosendal Teater i helga. Hestnes/ Popović er for tida huskunstnarar ved Husets Teater i København, og framsyninga er ein co-produksjon mellom Husets Teater og Rosendal Teater i Trondheim, og med Andrea Skotland som produsent og dramaturg.

Den norsk-bosniske skodespelaren Marina Popović tek avslappa i mot oss og fortel at sjølv om nokre av oss kjem åleine, skal vi i kveld vere del av noko saman. Før ho, som i tidlegare produksjonar, viser til talemåtar og nedervde, gode råd frå bestemora. Sjølv om dei fleste av oss korkje er overtruiske eller spesielt religiøse, omgir vi oss med eit hav av ritual, ofte utan å tenkje over det, eller å vite kvifor vi gjer som vi gjer. Som til dømes å skåle. Popović syner oss at alt har både ein bakgrunn og eit innhald, og i denne framsyninga, som etter kvart blir meir og meir som ein audiovisuell installasjon, blir vi med på ei utforsking av omen, jartegn og andre varsel som vi sjølvsagt ikkje trur på, men som likevel er med på å forme kvardagen vår. Og vi blir presenterte for ulike offerritual som ein nyttar til å verje seg mot det som måtte kome. For ein kan jo aldri vite. Og etter kvart får vi også høve til å delta, og å ta ut eventuell aggresjon mot ei tretønne.

Scenografien denne gongen er eit kunstverk i seg sjølv. Den andre halvparten av kunstnarduoen er den danske scenografen og biletkunstnaren Freya Sif Hestnes. Frå snorloftet heng det sju store og tunne galvaniserte stålplater. Eitt er at desse enkle panela er forbausande vakre i seg sjølve, men ved hjelp av sinnrik bruk av mikrofonar og høgtalarar er dei også i stand til å generere, ikkje berre lyd, men faktisk musikk. Slik gjekk framsyninga gradvis over frå det dokumentariske til å bli ein opplevingsrik og sterkt sanseleg audiovisuell installasjon der scenografi og lyd smelta saman på eit intrikat vis. Lyddesignen til Daniel Fogh, baud på fullt av musikalske små overraskingar. Ikkje sia Cirka Teaters prisvinnande framsyning «Hundre hemmeligheter» på Trøndelag Teater i 2014 har eg opplevd noko liknande. Vi veit alle at det er spenningar i ei metallplate, og at plata kan gi frå seg lyd når ho blir bøygd. Men at det kan bli vakker musikk av det, og truleg komponert og ikkje berre randomisert lyd, var like overraskande som det var imponerande.

Eg veit ikkje om eg heilt forstod logikken i overgangen frå alle dei små forteljingane om ulike rituelle handlingar vi gjer utan å tenkje over det, og til den musikalske utforskinga av scenografien. Men stundom skal ein ikkje forstå, men berre nyte, sanse og oppleve. Og det var det rikeleg høve til i «So Far So Good».

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 23. november 2022.)

Livets mange val

november 21st, 2022

TEATER

NEDERLAGET: Ein fortvila ung forsvarsadvokat (Emil Olafsson) må innsjå at kampen mot dødsstraff ikkje nådde fram. FOTO: JOHANNES L F SUNDE

«De ti bud»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Basert på «Dekalog» av Krzysztof Kieślowski
Dramatisering: Koen Tachlet
Omsetjing: Øyvind Berg
Regi: Maren E. Bjørseth
Scenografi: Olav Myrtvedt og Norunn Standal
Kostyme: Anette Werenskiold
Lysdesign: Eivind Myren
Lyddesign: Alf Lund Godbolt
Koreografi: Ida Wigdel
Med: Sarah Francesca Brænne, Janne Kokkin, Emil Olafsson, Hans Petter Nilsen, Mira Dyrnes Askelund, Trond-Ove Skrødal og Fabian Heidelberg Lunde

Ei tidvis særs god, men litt ujamn framsyning som blir for stutt til å yte alle episodane rettferd.

Dagleg må menneska ta val, dei fleste trivielle, men nokre av dei heilt eksistensielle. For å rettleie oss har alle samfunn laga lover og reglar, og i vår kultur er nok dei ti boda, slik Moses skal ha fått av Gud, dei mest grunnleggjande. I 1989 laga den polske regissøren Krzysztof Kieślowski (1941 – 1996) TV-serien «Dekalog», som i ti episodar av rundt 50 minutt, tok opp moralske og etiske spørsmål med bakgrunn i kvart av dei ti boda. I ei stor bustadblokk i Warszawa møter vi ulike menneske som må ta skilsetjande val. Sjølv om episodane tok utgangspunkt i boda, var problemstillingane knytte meir til ålmenn etikk enn til tru. Det gjorde at serien blei ein stor suksess, også blant ikkje-truande.

Basert på «Dekalog» har den belgiske dramaturgen Koen Tachlet laga ein sceneversjon, og i Maren E. Bjørseths regi var det norgespremiere på Trøndelag Teater torsdag. Kieślowskis meir enn åtte timars film er komprimert ned til to framsyningar på godt under to timar kvar der du anten kan sjå dei kvar for seg eller som ei maratonframsyning med pause.

Olav Myrtvedt og Norunn Standal har ved hjelp av ti mobile modular laga ein scenografi som sinnrikt og på effektivt vis både er bustadblokka i Warszawa, og alle dei andre plassane vi er innom. For å skape naudsynte brot mellom dei fem boda i kvar akt, har Ida Wigdel laga ein enkel koreografi der absurd dans fungerer både som humoristisk overgang og som kommentar til at menneska er statistar i kvarandre sine liv, alt til vakker musikk av Alf Lund Godbolt. Når berre sju aktørar skal spele drygt femti roller på langt under halve tida av TV-serien, er det uråd å få med alt, og dette er i hovudsak løyst ved ei blanding av eit forteljande kor, og at aktørane går ut og inn av rollene og kommenterer seg sjølve. Scenetilvisingar blir fortalde, ofte i humoristisk og absurd kontrast til det vi faktisk ser. Slik blir det skapt ein distanse som kler framsyninga. Sjølv om det berre er sju aktørar, er rollene tydeleg og skifta gode. Det er godt ensemblespel, og særleg overtydande var Sarah Francesca Brænne i si første rolle på Trøndelag Teater, spesielt som den jødiske flyktningen Elzbieta og som kikkarofferet Magda. Scena der ho nærast forfører Tomek (Emil Olafsson), guten som står for stalkinga, er eit høgdepunkt.

Det er for omfattande å skrive om alle dei ti episodane, og presentasjonen av dei er noko ujamn. Vi får overmotet der realisten har slik klokkartru på vitskap og reknemåtar at det fører til at sonen dør. Det er eit forhold mellom far og dotter som kan bli incestuøst. Det er ho som blir plaga av og avslører ein kikkar, og det er ikkje minst eit sterkt oppgjer med polsk rettargong og dødsstraff. I alle episodane kjem ein til eit vendepunkt der det viktige valet må bli tatt. I hovudsak blir dette formidla levande og godt, og aktørane og vala deira er truverdige. Men eit par av episodane blir for stutte, blir fortald meir enn spela, og missar mykje av nyansane i originalen. Særleg gjeld det for bodet om ikkje å stele.

For ein som for seksti år sia måtte pugge dei ti boda, og som tretti år seinare såg «Dekalog», dukkar det opp mange spørsmål, også om dei vala Tachlet og Bjørseth har gjort. Sjølv om bibelen fortel om steintavler, er ikkje boda «hogde i stein», for innhald og rekkefølgje er faktisk ganske forskjellig i ulike kulturar. Kieślowskis film følgjer boda slik vi kjenner dei, men har bytt om på rekkefølgja av dei to siste. Som avslutning på alle dei eksistensielle og vanskelege vala, nøkternt formidla, blir finalen hans ein slags oppsummerande og kontrasterande svart komedie. I sceneversjonen blir dramaturgien endra ved at komedien kjem som eit malapropos i niande episode, og eg spør meg sjølv kva som gjer den norske bibelforståinga viktigare enn god dramaturgi.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. november 2022.)

Apologet eller provokasjon

november 21st, 2022

TEATER

KAFFI OG AK-47: Osama bin Laden (Thomas Bye) byr på ein ganske provoserande miks etter kvart. FOTO: MOTIEJUS KURMIS

«Bin Laden: The One Man Show»
Haugesund Teater
Av: Tyrrell Jones og Sam Redway
Omsetjing: Kjetil Falkum
Regi: Tyrrell Jones
Med: Thomas Bye

Eit enkelt forteljarteater som verkeleg set publikums oppfatning av rett og gale på prøve.

Eg må vedgå at eg var ganske skeptisk då eg drog til Haugesund for å sjå «Bin Laden: The One Man Show». Kunne det vere fornuft i å lage teater om ein islamsk fundamentalist som meir enn nokon er ansvarleg for tusenvis av uskuldige ofre i ulike terroraksjonar? Kva ville teateret, dramatikar og regissør med dette? Stykket er skrive av dei to britane Tyrrell Jones og Sam Redway og hadde urpremiere i 2013 med Jones som regissør og Redway i hovudrolla. Seinare har dei turnert verda rundt, og vunne fleire prisar. Og i Haugesund var det framleis Tyrrell Jones som var regissør, men med Thomas Bye som bin Laden.

Når vi kjem inn i salen blir vi møtt av ein smilande Thomas Bye som helsar vennleg og byr på kaffi og peparkaker. Medan vi ventar på dei siste publikummarane stiller Bye oss nokre enkle spørsmål om kva vi meiner om regjering, styresmakter og demokratiet i landet. Folk er openbert ikkje berre nøgde. Så kva kan ein gjere med det? Bye presenterer seg så som Abu og fortel at denne kvelden skal handle om korleis ein kan endre verda til det betre. På avslappa og pedagogisk vis fortel han med flip-over og stor innleving si eiga livshistorie frå tidleg ungdom, kjærleik, giftemål og om sonen og eit ganske vanleg tilvære som ung og rik muslim i Saudi Arabia. Han tar til å studere, og der møter han ein viktig læremeister. Samstundes kjem revolusjonen i Iran der folk korkje vil sjå til aust eller vest, men skape sin eigen muslimske veg. Rett etter kjem den sovjetiske okkupasjonen av Afghanistan. Med økonomisk hjelp og solid våpenstøtte frå USA dreg Abu til Afghanistan for å kjempe ein rettvis krig mot okkupantane. Han byggjer sitt eige verdsomfemnande nettverk, og er med på å nedkjempe den sovjetiske okkupasjonsmakta. Bye er overtydande som forteljar og nyttar seg på humoristisk og uvanleg godt vis av publikum medan vi følgjer Abus utvikling, Iraks invasjon av Kuwait, det han oppfattar som sviket til Saudi Arabia og USA, og til slutt hans gradvise radikalisering.

Abu er karismatisk og tillitvekkjande og vi får fort sympati for både han og kampen hans, samstundes som vi kjenner på motviljen, for Abu er eit anna namn for Osama bin Laden. Etter kvart som grenser blir flytta og mannen blir meir terroristisk, skjer det brot, og vi mistar også sympatien. Men når og kvifor skjer det?

Framsyninga er skrive som ein provokasjon for å utfordre publikum, våre fordommar og tilvante meiningar, men også for å finne ut kor langt ein god skodespelar kan drive oss, og kva som gjer at sympatien til slutt forsvinn. Ein viktig del av denne framsyninga er eit ettersnakk, som ein debriefing der vi får dele opplevingar, sympati og forakt. Og då er det interessante at vendepunktet for publikum skjer på heilt ulike tidspunkt, og kan vere forskjellig frå dag til dag. Slik syner denne framsyninga oss kva teaterets dramaturgi og spel kan gjere med oss, samstundes som det byr på eit anna blikk og understrekar at kritisk tenking er viktig. Det gjorde godt å bli provosert.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. november 2022.)

Svart humor på sitt beste

november 18th, 2022

TEATER

MINEFELT: Franziska (Mareike Wang) hamnar i eit drabeleg oppgjer mellom ekteparet Sibylla (Mari Strand Ferstad) og Daniel (Svein Solenes). FOTO: MARIE VON KROGH

«Eks»
Rogaland Teater, Teaterhallen
Av: Marius von Mayenburg
Omsett av: Øyvind Berg
Regi: Øystein Martinsen
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Med: Svein Solenes, Mari Strand Ferstad og Mareike Wang

Intenst, svart og humoristisk ensemblespel.

I seriemonogamiets tidsalder er det ikkje uvanleg at ein må forhalde seg til ulike eksar. Det er temaet i Marius von Mayenburgs «Eks» som hadde premiere på Rogaland Teater 10. november. Daniel (Svein Solenes) og Sibylle (Mari Strand Ferstad) er eit vellukka mellomklassepar i førtiåra. Han er arkitekt, ho er lege, og dei bur i eit designarhusvære, framifrå illustrert gjennom Gjermund Andresens smakfulle scenografi med interiør som neppe er av det billegaste. Ein hektisk kvardag med to små born gjer at dei båe har sett karrieredraumane litt på vent. Eller kanskje var ambisjonane høgare enn talent og kunnskap tilsa? For her handlar det nok ein gong om den borgarlege livsløgna, men i ei langt meir moderne tapping enn Henrik Ibsens.

DESIGNARHUSVÆRE: Lutter borgarleg idyll? FOTO: MARIE VON KROGH

Daniel og Sibylla er tilsynelatande veltilpassa, og samtalen ein sein kveld etter at ungane har gått til ro dreier seg om utveksling av sarkasmar, humoristiske små stikk som ein intellektuell leik. I Øyvind Bergs særs gode omsetjing har han boltra seg i metaforar og mogeleg dobbeltyding der Sibylla, til Daniels fortviling, på meir og meir perfid vis mistolkar dei språklege bilda hans. Som ein ouverture får vi ein underhaldande verbal pingpong som dei fleste med erfaring frå eit parforhold kan kjenne seg att i.

Men så kjem brotet. Franziska, Daniels eks (Mareike Wang), ringer og fortel at ho har gått frå sambuaren og spør om å få overnatte. Daniel avslår, men når han fortel det til Sibylla, framstår ho som den storsinna og tolerante som ikkje forstår kvifor han sa nei. Når Franziska likevel dukkar opp, blir realiteten ein heilt annan for Sibylla.

HELVETE LAUS: Eksen trampar inn med skoa på. FOTO: MARIE VON KROGH

Rogaland Teater har tidlegare sett opp to av von Mayenburgs drama, «Perpleks» og «Pang!», og Øystein Martinsen spela i båe. Når han nå debuterer som regissør, er det tydeleg at dette er ein dramatikar han er godt kjend med. For regien av dette nesten to timars intense kammerspelet er stram og utan daudpunkt. I ei god dramaturgisk oppbygging avkler Martinsen den sjølvtilfredse borgarlege idyllen lag for lag. Dei tre rollefigurane er ganske ulike, men likevel lett attkjennelege for dei fleste. Sibylla er den som er mest avgjerande for konflikten, men dei ber alle ved til bålet. Og når kjenslene blir utfordra, er det ikkje grenser for kor vonde vi kan vere med kvarandre og kva elles danna menneske kan finne på å seie. Mari Strand Ferstad blottlegg bokstaveleg talt dei undertrykte kjenslene til Sibylla når ho gradvis går frå å vere den tolerante til å bli ein ufordrageleg åndssnobb. Svein Solenes syner ein Daniel som er riven mellom fysiske kjensler og ambisjonane om sosial klatring. Og Mareike Wang, som den litt meir stillfarande og ikkje så høgt utdanna Franziska, bringer inn klasseperspektivet, og gjer det med ein finstemd mimikk, augekast og stor detaljrikdom. Tre særs gode skodespelarar gir oss i «Eks» ei både trist og humoristisk framsyning i eit underhaldande og intenst ensemblespel av aller høgste klasse.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 18. november 2022.)