Archive for juli, 2011

Livet er tilfeldig

fredag, juli 22nd, 2011

TEATER

Slompetreff
Av Ane Skumsvoll og Morten Joachim på bakgrunn av noveller av Alf Prøysen
Regi: Morten Joachim
Koreografi: Aina Lundby
Musikalsk leiing: Frode Berntzen
Med: Ane Skumsvoll, Ivar Nergaard, Ingjerd Egeberg, Cecilie Lundsholt, Ole Christian Gullvåg m. fl.
Prøysenstua, Ringsaker

Bildet:
FRIERI: Handelsmannen Elias Hansen (Ole Christian Gullvåg) gløymer prinsippa sine og frir til taterjenta Frida Tusenfryd (Cecilie Lundsholt). FOTO: CLAUS MORTEN PEDERSEN

Fire noveller av Alf Prøysen, rista saman til ei heilaftans teaterframsyning, og presentert med ein varme som er hundre prosent tru mot opphavet.

I samband med feiringa av Alf Prøysens fødselsdag den 23. juli, blir det ved fødestaden hans i Ringsaker kvart år arrangert festival ei heil ”Blåklokkeviku” til ende. Ein festival til Prøysens ære må sjølvsagt ha eit spel, og det naturlege hadde kanskje vore å sette opp ”Trost i taklampa” eller ei dramatisering av forfattarens liv og virke. Men dei som står bak ”Slompetreff” vil det ikkje så enkelt. Dei tre Prøysenentusiastane, (for det må vel vere lov å kalle dei det?), Cecilie Lundsholt, Ane Skumsvoll og Morten Joachim, innleidde i 2006 eit samarbeid med festivalen om å lage teater av Prøysens noveller, og i år er det fjerde året på rad at det blir sett opp ei heilaftans framsyning. Men det spesielle er at dette ikkje er noko spel i tradisjonell forstand, men ei ny oppsetting kvart år. Ane Skumsvoll og Morten Joachim les seg opp på novellene til Prøysen, plukkar litt her og der, og kjem årleg opp med ein heilt ny produksjon. Det seier ganske mye om Skumsvoll og Joachim, men kanskje vel så mye om kva for ein enorm arv vi har i Prøysen sine tekster, ei Sareptas krukke det berre er å ause av.

Årets oppsetting heiter ”Slompetreff” og bygger på fire noveller som i utgangspunktet ikkje har noko med kvarandre å gjere, men som nettopp fordi Prøysens tekster er så gjennomsyra av kjærleik til menneska  –  på godt og vondt –  likevel heng særs godt i hop. Tittelen har dei henta frå ei av Prøysens første tekster der han skriv om at alle trur dei er eit ”je som ska skånes for ulykker. Men over oss alle ligg tilfeldigheta, likeglad og hensynslaus…”

Med berre Prøysenstua og Præstvægen som scenografi hentar dei fram ulike figurar frå Prøysens univers. Det er småbrukarparet Kal og Gunda i Baklykkjen med draumar om å skape seg sitt eige, det er ho Karen som blir offer for folkesnakk av di ho vågar å prate med den omreisande kremmaren, det er handelsmannen Elias Hansen som er så opptatt av butikken sin at han ikkje har tid til kvinnfolk, og det er taterjenta Frida Tusenfryd som lever litt på sida av alle dei andre. Og så er det eit trettitals statistar som lagar eit autentisk og flott bakteppe rundt småbruket til Kal og Gunda. I dette vesle samfunnet møter vi menneska på godt og vondt, til kvardags og fest. Prøysen romantiserte ikkje tilværet, – langt i frå, men han omtala menneska med slik varme, innsikt og kjærleik at du blir glad i også dei som ikkje er like prektige. Og du forstår at i alle menneske finst det noko grunnleggande godt.

Dei fleste spel er ambisiøse og store produksjonar som tidvis kan bli litt pompøse for å få fram det store i den lokale fortellinga dei skal løfte opp og fram. Slik er det ikkje med ”Slompetreff”. Oppsettinga er upretensiøs og slentrande, fullstendig i Prøysens and der det enkle og kvardagslege er det viktige. Skumsvoll og Joachim er hundre prosent tru mot opphavet og har laga ei oppsetting som både gjennom Prøysens tekster og rike metaforbruk, men også i detaljar og spel, får fram ei fortellarstemme og noko autentisk eg trudde forsvann då Prøysen døydde for meir enn førti år sia. Morten Joachim har sjølv ansvar for regien. Han har laga ei oppsetting full av varme tablå der dei fire novellene blir presentert meir eller mindre som ei sams historie. Fem dyktige profesjonelle skodespelarar i dei viktigaste rollene ber det meste, men utan den spesielle bruken av statistar kunne dette blitt atskillig tammare.

Folkloren er viktig hjå Prøysen, men det er ikkje alltid like lett med amatørar og personinstruksjon. Morten Joachim har meistra denne utfordringa ved å konsentrere seg om nokre få av dei, og det så godt at det stundom var vanskeleg å skjøne om dei verkeleg var amatørar. Dei øvrige nyttar han meir som kulisser. Spesielt vellukka er det når statistane står fram som eit tidsvis ganske absurd talekor, som ei slags røysta frå folkedjupet som gjer det heile temmeleg humoristisk. I tillegg har Joachim fått god hjelp av den særs naivistiske koreografien til Aina Lundby som gjennom medvite overspel er sjølvironisk så det held. I ei nydeleg blanding av alvor og skjemt ler og gret vi om kvarandre. Sjølvsagt blir det heile bunde inn av eit utsøkt knippe av Prøysens mange songar. Og aldri har eg høyrt ”Slipsteinsvalsen” sårare og meir mollstemt enn i Ingjerd Egebergs tolking.

Slompetreff” blir spela ved Prøysenstua i Ringsaker til og med sundag 24. juli.  

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 21. juli 2011)

Draumen om ei kyrkje

tirsdag, juli 19th, 2011

TEATER

Fru Guri av Edøy
Av Peggy Kristine Kruse
Regi: Ronald Rørvik
Komponist og orkesterleiar: Asgeir Gjøstøl
Scenografi: Ronald Rørvik og Anne Spets
Kostyme: Anne Spets
Med: Turid Røen Kroknes, Lasse Valdal, Per Kjerstad, Oddrun Valestrand, Ketil Hugaas m.fl.
Gurisenteret, Smøla

Bildetekst:
MILD OG MYNDIG: Fru Guri (Turid Røen Kroknes) er ei både mild og myndig kvinne. FOTO: WIGDIS WOLLAN

Eit historisk spel om sterke og myndige kvinner i ei uroleg tid.

Den vesle øykommunen Smøla på Nordmøre hyser heile to viktige minne frå den tidlegkristne tida i landet. På øya Kuløy har det i hundrevis av år stått ein runestein, den såkalla Kulisteinen, som kan vere så gamal som frå Håkon den Godes første kristningsforsøk på midten av 900-talet. Og på naboøya, Edøya, står ei steinkyrkje som truleg blei bygd i kong Sverres tid rundt 1190. Då ein feira at kyrkja var 800 år i 1990, skreiv Peggy Kristine Kruse, sjølv busett på Smøla, det historiske spelet ”Fru Guri av Edøy”. Det blei dei første åra spela tett attved kyrkja, men vaks seg etter kvart så stort og populært at det for to år sia blei opna eit eige ”Gurisenter” ved ferjeleiet, eit vakkert kultur- og opplevingssenter teikna av arkitektane Askim/Lantto. Der er det i tillegg eit flott utandørs amfi med plass til heile tusen tilskodarar. Med den gamle steinkyrkja i bakgrunnen, og eit bølgande kulturlandskap i mellom, blir ”Fru Guri av Edøy” spela på Gurisenteret i juli kvar sommar.

Med bakgrunn i kyrkja og Kulisteinen har Peggy Kristine Kruse skrive eit drama som er rein fiksjon, men som er så vidt tru mot historia, at handlinga godt kunne ha skjedd. Ho tek oss attende til 1180-talet med klåre konfliktar mellom kyrkje og kongemakt. Fru Guri av Edøy (Turid Røen Kroknes) er ei sterk og myndig dame med ei godt forankra gudstru, og ein overordna draum om å bygge opp att ei kyrkje på Edøy slik at etterkomarane hennar kunne ha ein plass å bli døypt og gift, og ho sjølv ein stad å bli stedt til kvile. Inn i denne historia diktar Kruse opp ein svær sosial roman om folka på dei to øyene og strevet deira for eit verdig liv. Ho målar ut eit landskap fullt av konfliktar både lokalt og storpolitisk, om bortgifte, uekte born, maktkamp og kjærleik. Og heile tida med fru Guris visjon om kyrkja som eit viktig bakteppe. I tillegg har ho lagt inn eit aldri så lite kvinnepolitisk aspekt. Medan mennene kivar om makt og prestisje og er stolte og sta, er det tre generasjonar kvinnfolk som står for kjærleik og sunn fornuft.

I eit nydeleg amfi, med flott scenografi og med kyrkja som ein særs viktig del av kulissene blir dette dramaet presentert av eit ensemble med ei god blanding av lokale amatørar og profesjonelle. Det er store, relativt spektakulære masse- og danseopptrinn i tidsriktige kostyme, og når fru Guri døyr medan kyrkjeklokkene ringer, sola forsvinn bak skydekket og temperaturen med eitt fell fleire gradar, er det nesten litt magisk. Det siste var nok rein flaks på den framsyninga eg såg, men her er nok av einskildscener som kan røre dei fleste. Trass i dette, har oppsettinga mange problem. Det viktigaste trur eg ligg i teksten. Kruse har litt for mye ho vil fortelle, og det fører til eit så stort persongalleri, og så komplisert intrige at ein ikkje får høve til å bruke nok tid på kvart opptrinn til at dei kan bli truverdige. Når det går som fortast, blir dette kompensert med skjemmande overspel. Eg trur regissør Ronald Rørvik med fordel kunne ha stramma inn historia, konsentrert seg om det viktigaste og dvela meir ved sentrale scener som nå fekk for mye karakter av stutte tablå. Då hadde særleg dei mannlege aktørane fått meir å spele på, og blitt heile personar til å forstå og tru på slik vi gjer det med kvinnfolka. Oddrun Valestrand er svigerdottera til fru Guri, og veks gradvis gjennom framsyninga frå å vere den relativt anonyme kona til mannen sin, til å bli ei sterk og sjølvstendig dame, klår til å ta opp arven etter Guri. Turid Røen Kroknes som Guri sjølv, er først og fremst songar, og neppe vant med roller med så lite song. Men ho spela Guri med stor autoritet og viste oss ei sterk dame, med draumar og visjonar, med den tvilen som er naudsynt for å kunne tru, og med eit sjarmerande pragmatisk forhold til både sanning og gudstru når det kom til stykket.
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. juli 2011 med den litt misvisande overskrifta: «Spektakulært og springande».)