Teateråret 2025
Som vanleg har Klassekampen bede teatermeldarane i avisa om å kåre årets framsyning. Før om åra har vi fått velje ut tre produksjonar kvar, men i år blei det berre ein. Teateråret 2025 har diverre vore prega av styresmakter på både kommunalt og statleg nivå som behandlar scenekunsten på eit særs lemfeldig og kritikkverdig vis. Oslo kommune har tatt strupetak på Oslo Nye Teater som har måtta innskrenke drastisk. Og sentralt i Oslo, på Johanne Dybwads plass, let regjeringa Nationaltheatret…