Heddaprisen og truverd
KOMMENTAR Heddaprisen 2024 Legitimitet er skjøre greier, og etter årets utdeling av Heddaprisane er det grunn til å rope eit lite varsku. Sia 1998 har norsk teater feira seg sjølv med årleg å dele ut Hedda-pris for framifrå scenekunstprestasjonar. Prisen blir finansiert av Norsk Teater- og Orkesterforening, bransjeorganisasjonen til teatera. For å skape tilstrekkeleg avstand til oppdragsgivaren, oppnemner NTO ein Heddakomité som fastset kriteria juryen skal arbeide etter, og som også oppnemner ein fagjury på ni personar. Denne juryen får…