Medynk eller medkjensle

TEATER

EIN DANS, FRØKEN?: Løytnanten (Isak Holmen Sørensen) byr den lamme Edith (Emma Deichmann) opp til dans, og godseigaren (Ingunn Beate Strige Øyen) kan berre konstatere at skandalen er eit faktum. FOTO: VEGARD EGGEN

«De utålmodige av hjertet»
Trøndelag Teater, Teaterkjelleren
Av: Stefan Zweig
Omsett av: Ursula Krogvig
Dramatisering, scenografi og regi: Jon Lockert Rohde
Lysdesign: Daniel Takle Piel
Med: Emma Caroline Deichmann, Isak Holmen Sørensen og Ingunn Beate Strige Øyen

Er det ein skilnad på medynk og djuptfølt medkjensle, og er eit skadd menneske berre ein diagnose eller ein heil person?

Stefan Zweig (1881-1942) var ein av mellomkrigstidas største forfattarar. Han var født og oppvaksen i ein velståande jødisk familie i Wien, den gongen verdas kulturelle og intellektuelle sentrum, og hovudstad i det austerriksk-ungarske keisardømet. Etter Hitlers inntog med Anschluss i 1938, blei Wien og Austerrike ikkje nokon verande stad. Alt i 1933 emigrerte Zweig til England, og seinare til USA og Brasil, der han i 1942 tok sitt eige liv i fortviling over situasjonen i verda. Stefan Zweig var både lyrikar, essayist, romanforfattar og dramatikar, og hadde ein omfattande produksjon der mykje er omsett til norsk. Men dramatikken hans har vore lite påakta her heime. Berre to av tekstane hans er sett opp på norske scener, og siste gongen var komedien «Volpone» på fjernsynsteateret for nærare seksti år sia.

I dagens verdssituasjon er det fortenestefullt av Trøndelag Teater å ta fram att humanisten og pasifisten Zweig ved å dramatisere og setje opp romanen «De utålmodige av hjertet» («Ungeduld des Herzens») frå 1939. I Teaterkjelleren er det laga ei minimalistisk oppsetjing, eit velspela tett kammerspel med ei fin blanding av forteljarteater og dramatisering, og med både metainnslag, overraskande brot, og ikkje minst mykje humor og sjølvironi. Alt utan å gå på akkord med innhaldet som er eksistensielt, mangesidig, og til verkeleg ettertanke.

I ein liten austerriksk garnisonsby blir løytnant Anton Hofmiller (Isak Holmen Sørensen) stasjonert våren 1914. Tilfeldig kjem han i kontakt med byens rikaste mann, den aldrande godseigaren Kekesfalva (Ingunn Beate Strige Øyen), og blir invitert på slottsball. Løytnant Hofmiller er eit godt menneske, eller har i alle fall eit ønske om å vere det, og finn det difor rett å by opp godseigarens dotter, Edith, (Emma Deichmann) til dans. Han veit ikkje at Edith er lam frå livet og ned, og dermed blir det skandale. Hofmiller freistar å gjere godt att, sender Edith ein blomsterbukett og får ny invitasjon til godset. Så endar han opp som familien Kekesfalvas husvenn. Men kva er motivet hans? Skal han berre rette opp skandalen? Har han ei djup og ekte medkjensle for Edith? Eller er det ikkje anna enn uforpliktande medynk, at han synest synd på henne, men ikkje meir. Zweig bringer etter kvart inn fleire tema og andre store etiske spørsmål. Som kor ærleg ein skal vere overfor folk med ein skade. Er det eit lite håp om at Edith kan bli før att, eller er skaden hennar stasjonær, og noko ho må forsone seg med? Til dette introduserer han huslegen Condor (Ingunn Beate Strige Øyen) som balanserer sin eigen legeetikk mot faren for å ta livsgnisten frå Edith. Både godseigaren og Edith har von om ein kur. Condor veit det er fåfengd, men løytnanten, som ikkje forstår konsekvensane, bringer vidare eit håp det ikkje finst grunnlag for. Slik konfronterer Zweig oss for både haldninga til sanning og livsløgner, og til ein altomfemnande og evigvarande empati kontra den overflatiske medynken. Dramaet gir inga svar anna enn at ein skal vakte seg vel for å vere lettvint med andre sine kjensler.

Jon Lockert Rohde er ein røynd skodespelar med mange solide rolletolkingar og også ein Heddanominasjon bak seg. Han debuterte som regissør i «Vinterreise», Hallbjørn Rønnings lågmælte og kloke avskilsframsyning i 2021. Men det han nå har gitt seg i kast med, er noko langt større. «De utålmodige av hjertet» er Stefan Zweigs mest omfattande skjønnlitterære verk, og Rohde har både dramatisert romanen og hatt ansvar for den sparsommelege, men lell så effektfulle scenografien, i tillegg til regien. På ei nesten nake scene let han ordet, dialogen, mimikken og det fysiske spelet gjere jobben. Det er sakte-teater med lange pausar, ispedd mykje sjølvironisk humor, litt metateater og fleire overraskande brot og lydspor. Dei tre på scena spelar eit titals roller som dei går ut og inn i utan at det på noko vis er vanskeleg å følgje med for oss i salen. Dei gir oss tre framifrå einskildprestasjonar, formidla med uvanleg detaljrikdom og stor innleving, samstundes som det er ensemblespel av klasse. Denne framsyninga viser til fulle at verkeleg godt teater gjerne kan vere enkelt og nedstrippa.

(Ein litt forkorta versjon der vesentlege moment diverre var utelatne, stod i Klassekampen tysdag den 14. mai 2024.)

Leave a Reply