Archive for april, 2005

Leik med grenser

lørdag, april 23rd, 2005

TEATER

Geita – eller hvem er Sylvia?
Av Edward Albee
Omsett og instruert av Carl Jørgen Kiønig
Scenografi og kostyme: Pekka Ojamaa
Med: Janne Kokkin, Terje Strømdahl, Are J. Rødsand og Jan Frostad
Trøndelag teater- Studioscena

Bildet: UTENKELEG: Er det rart ho (Janne Kokkin) blir hysterisk når mannen (Terje Strømdahl) forelskar seg i ei geit? Foto:GT Nergård
Med ein abnormitet som påskot, og med mye humor, utfordrar Albee toleransen og grensene våre.

Martin, verdsberømt arkitekt, på høgda av karrieren og lykkeleg gift i 22 år, vedgår for kone, son og sin beste ven at han er forelska i ei geit. Ja, – ei geit! Gjett kva som skjer? Det blir eit helvete, skjellsorda haglar, fordømminga er unison, toleransen lik null og forståinga likeeins. Dette er i kortform kva Edward Albees siste stykke dreier seg om, men berre på overflata. For ærendet hans er eit heilt anna enn å skrive om perversitetar.

Den amerikanske dramatikaren Edward Albee har i ein alder av 74 skrive nok eit grensesprengande skodespel. Geita – eller hvem er Sylvia? hadde urpremiere for tre år sia, og onsdag var det norgespremiere på Trøndelag teater. På overflata handlar dette som sagt om noko så prosaisk og utenkeleg som at Martin (Terje Strømdahl) fell for ei geit. All ytre handling dreier seg om det upassande, det abnorme, det perverse i denne romansen, og om korleis omgivnadene reagerer. Det er total nulltoleranse, ikkje eingong freistnad på forståing, og det går temmeleg heftig for seg. Kona Stevie (Janne Kokkin) nærast raserer husværet deira, venen Ross (Jan Frostad) misbrukar tilliten Martin har til han, og sonen Billy (Are J. Rødsand), som er homse og sikkert har opplevd stigmatisering sjølv, er breddfull av fordømming. I eit ekstremt tekstrikt kammerspel kastar dei fire replikkane sine fram og attende i ei verbal skotveksling av dimensjonar. Utanpå ser det alvorleg nok ut, men teksten er stappfull av humor, og endå meir undertekst. Slik blir dette ein komedie der Albee med latteren som verkemiddel utfordrar og leikar seg med grensene våre. Kva er akseptabelt? Og er alt ok så lenge ingen får vite om det? Framsyninga går på mange plan, og alvoret i den ytre handlinga blir også ofte utfordra av at dette er intellektuelle, oppegåande menneske som skal ha alt korrekt og difor kan henge seg opp i ulogisk semantikk og galt val av metaforar i kjenslelause utsegner der slikt kanskje ikkje er det viktigaste.

Dei fire på scena leverer solide rolleprestasjonar og passar særs godt i rollene. Terje Strømdahl greier det meisterstykket det er å få oss til å tru at han faktisk er forelska i ei geit. Og Janne Kokkin gir oss eit fyrverkeri av ei rolletolking der ho vekslar mellom raseri, fortviling, infamitetar og det at dette faktisk er den mannen ho har elska og som ho nok framleis elskar. Det er umogeleg ikkje å bli riven med, samstundes som låtten sit laust. Carl Jørgen Kiønig har ansvaret for både omsetting og regi. Båe delar med sikker hand. Teksten er godt tilpassa norske forhold, og er blitt særs munnleg og naturleg. Og regien er uhyre stram i tillegg til at det blir spela i eit temmeleg høgt tempo. Scenografien til Pekka Ojamaa tar oss rett inn i designarstua til ein stjernearkitekt, og er gjennomført stilsikker. Den intelligente teksten, det gode spelet og den understrekande scenografien skulle vere meir enn tilstrekkeleg. Men av ein eller annan grunn har Kiønig valt å legge bakgrunnsmusikk på ein del av scenene. Det blir forstyrrande, og heilt unødvendig. Med slike oppsettingar treng ein ikkje dramatisk filmmusikk for å skape dramaturgi!

Med ei handling som er så hinsides som dette, lurar ein på korleis det heile vil ende. Det skal eg ikkje røpe, men korkje Kiønig eller aktørane har greidd å gjere avslutninga like truverdig som resten. Finalen blir overtydeleg og alt for brå, samstundes som han manglar det overraskingsmomentet som han burde ha. Det er synd, for ei elles sterk og heilstøypt framsyning renn såleis ut i eit lite malapropos.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 22. april 2005)

Komplett ukorrekt

torsdag, april 21st, 2005

TEATER

Radiohole is still my name.
Av og med Radiohole
Teaterhuset Avant Garden

Bildet: HARSELAS: Amerikansk kultur og ukultur får gjennomgå i ei framsyning som harselerar med det meste. Foto: Roee Dori/Radiohole.

Radiohole er kanskje provoserande teater i USA, men for eit norsk publikum er dette meir underhaldning enn særleg sjokkerande.

Teaterhuset Avant Garden, saman med Black Box i Oslo og BIT i Bergen, har fått den amerikanske undergrunnsgruppa Radiohole på gjesting. Alle tre teatra marknadsfører oppsettinga som sesongens høgdepunkt. Ja, dei tar jamvel i bruk så sterke omgrep som årets sensasjon og nærast åtvarar publikum om kva dei kan vente seg. Så står det att å vurdere om dette var så sensasjonelt. Personleg meiner eg at framsyninga ikkje heilt stod til omtalen.

Radiohole er ein kvartett frå New York. Dei har i løpet av få år vunne seg eit trufast publikum, og ein del særs god presse. Gruppa er så definitivt off Broadway, og eit slags heimesnekra garasjeteater der alle gjer alt, og der det går over stokk og stein både innhaldsmessig, dramaturgisk og ikkje minst i framføringa.

Oppsettinga dei gjestar Norge med for tida, heiter «Radiohole is still my name», og er ei syltynn historie, om ein i det heile kan seie det er ei historie. Men det er ganske uviktig, for det er heilt andre ting som er Radiohole sitt ærend. Dei vrir og vrenger på vanlege samanhengar, set metaforane inn i ny kontekst, driv harselas med pornografiens verkemiddel, heng opp eit vrengebilde av vanleg amerikansk kultur – eller ukultur og boltrar seg i upassande klisjear. På dette området er oppsettinga både særs politisk, og ganske vellukka. Ikkje så reint lite av framsyninga er i tillegg ei formidabel reise i bad taste og alt som blir rekna som motbydeleg. Det er så vidt eg kan forstå dette som har gitt dei slike sensasjonelle presseoppslag. Og det er mogeleg at ristande kjønnsorgan og ekstremt grisete eting er provoserande for eit amerikansk publikum, men for ei alternativ scene i Norge er dette neppe egna til anna enn latter. Og det er greitt nok. Vi lo og så samanhengar vi ikkje hadde sett før. Provoserande var det ikkje, men ganske underhaldande.

Scenografien er som framsyninga elles, ei temmeleg rølpete greie. Han er som eit Mekanosett for vidarekomande der sceneskift, lyd og lys blir styrte av skodespelarane sjølve. Ofte komplett usynkront. Det var artig, og når det var så gjennomført off pitch, så blei også dette ein harselas med alt det perfekte vi til dagleg omgir oss med, og ikkje minst med det teknisk fullkomne teater der alt skjer til rett tid og på rett måte. Det er mogeleg eg har misforstått alt, men i Radiohole is still my name fann eg først og fremst ein særs humoristisk kritikk av alt som er korrekt og main stream. Dei som vil sjå Radiohole for å oppleve noko provoserande, kan like gjerne gå i Vigelandsparken for å sjå pornografi!

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klasekampen onsdag den 20. april 2005)

Ein hyllest til tanken

torsdag, april 14th, 2005

TEATER

What is Thinking?
De Onderneming
Av og med Ryszard Turbiasz og Carly Wijs
Teaterhuset Avant Garden

Lågmælt fortellarteater som både er ein hyllest til all form for tenking, og samstundes ein vâr presentasjon av forholdet mellom Hannah Arendt og Martin Heidegger

Den belgiske teatergruppa De Onderneming har gjesta Trondheim med ein produksjon som er ei blanding av dramatisert filosofiførelesing og innføring i eitt av dei mest pikante kjærleiksforholda i førre hundreåret. Det er lågmælt, det er tekstrikt, det er annleis, og det er fortellarteater på sitt aller beste.

To skodespelarar på ei nesten nake scene. Ho er Hannah Arendt, førre hundreårets kanskje viktigaste kvinnelege filosof. Han er Martin Heidegger, sytten år eldre, gift, tobarnsfar, hennar lærar dei første åra på universitetet i Marburg, og alt då ein vidgjeten filosof. Det utviklar seg til eit kjærleiksforhold mellom dei to, og i utgangspunktet er ikkje det meir problematisk og uvanleg enn det som skjer ved alle lærestader den dag i dag. Det spesielle i denne situasjonen er, ved sia av at dei båe var blant førre hundreårets mest profilerte intellektuelle, at han blei medlem av nazipartiet i 1933, medan ho var jøde og måtte flykte til Paris same år. Og det endå meir spesielle er at dei tok opp att forholdet etter krigen. Her er stoff til både romanar og dokusåpe, men De Onderneming har laga ein produksjon der kjærleiksforholdet berre blir eit bakteppe for filosofiske betraktningar om å tenke, tankeløyse, og om noko så banalt som fotball.

Carly Wijs er Hannah Arendt og sit i retrospekt, ja faktisk posthumt, og blar gjennom gamle brev og nøstar opp forholdet til Heidegger samstundes som ho kommenterer det heile og meir til med utdrag frå eigen filosofi. Ryszard Turbiasz som Heidegger, sit meir som ein tilskodar og kontrollør og ser på. Det meste av den halvannan time lange framsyninga er ein monolog frå Arendt, medan Heidegger berre slepp til i nokre korte sekvensar der han har ein underfundig vurdering om ein ufullendt fuge av Bach, og der han, banalt nok, avslører sin store fascinasjon for fotball, og spesielt for Franz Beckenbauer. Det blir fullstendig crazy, men likevel så forståeleg, når gruppa illustrerer dette ved å syne Monty Pythons elleville og udøydelege landskamp i fotball mellom dei greske og tyske filosofar, der faktisk både Beckenbauer(!) og Heidegger spelar på det tyske laget.

Men det er ikkje fotball dette handlar om, men ein hyllest til tanken. Monologen til Arendt er lågmælt, resonnerande, og ei særs pedagogisk innføring i hennar måte å tenke på. Framsyninga opnar med videoopptak av prosessen mot Eichmann, brått avbrote av Aretha Franklins Think. Og der ligg heile framsyninga i eit nøtteskal. Då Adolf Eichmann, hovudansvarleg for jødedeportasjonane og gassinga av seks millionar under andre verdskrigen, blei stilt for retten i Jerusalem i 1961, dekka Arendt saka for New York Times. Det ho såg, og som ho seinare skreiv om i boka «Eichmann i Jerusalem», var at han ikkje var eit monster. I det ho kalla vondskapens banalitet gjer ho greie for at Eichmann sin største og kardinale feil ikkje var vondskap, men tankeløyse. Han gjorde den oppgåva han blei sett til utan på noko tidspunkt å stoppe opp og vurdere etikken. Om han hadde jobba for raude krossen, ville han sikkert ha gjort ein utmerka jobb! For desse utlegningane blei Arendt sjølvsagt ikkje særleg populær. Gjennom den intense, men særs lågmælte presentasjonen til De Onderneming får vi stor forståing for hennar avdemonisering av det vonde. Det er dessutan ei problemstilling som er blitt særs aktuell både i samband med ordskiftet rundt filmen «Der Untergang», og med Bushdoktrinen om Vondskapens akse. Og i tillegg får vi eit utal andre filosofiske innspel, ja så mange at det vil ta lang tid før eg får sortert og fordøydd dei alle. For først og fremst er «What is thinking?» ein hyllest til tanken. Det var ei framsyning av dei verkeleg sjeldne, og det er synd at gruppa førebels berre ser ut til å gjeste Trondheim med denne produksjonen.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 13. april 2005)

Aldri for seint

tirsdag, april 12th, 2005

TEATER

Lilli Valentin
Av Willy Russell
Omsett av Arthur Arntzen og Arvid Hansen
Regi: Otto Homlung
Scenografi: Per Kristian Solbakken
Med Hildegunn Eggen
Trøndelag teater – Gamle scene

Bildet: TRIST LIV: Lilli Valentin sitt liv er så trist og innhaldslaust at dei beste samtalepartnarane er poteter og gulrøter, for ikkje å snakke om veggen. Foto:Marianne Øiamo
Same kor ulevd livet er, så er det aldri for seint å ta det attende!

Willy Russell henta mange lovord for komedien Shirley Valentine då den blei sett opp i London og på Broadway for rundt tjue år sia. I 1989 blei historia allemannseige då ho blei filmatisert, og etter kvart har ho også inntatt fleire norske scener. Innhaldet skulle vere godt kjend: Femogførtiårig husmor som berre har dagdraumane att, gir med eitt faen og blir med venninna til Hellas på to vekers ferie. Der finn ho attende til livet, og bestemmer seg for å bli. Punktum!

Filmen, som langt dei fleste har eit forhold til, har dramatisert heile historia med stor rolleliste og opptak både i England og Hellas. Men den originale teaterversjonen er ein monolog der ein i langt større grad kjem inn i tankeverda og kjenslene til den temmeleg grå husmora Shirley Valentine. Det er ein tekst som, då han blei skriven, var utfordrande og dristig, men på grunn av humoren i det meir enn lett gjenkjennelege, fullstendig avvæpnande. Eg var redd mye av dette nå var blitt noko utdatert, og at berre den litt bittersøte historia og humoren var att. Og eg må vedgå at det var med stor grad av skepsis eg gjekk til Trondheimspremieren av denne oppsettinga. Sia Otto Homlung tok over som teatersjef ved nyttår, har han sett opp ikkje mindre enn tre eigne tidlegare produksjonar. Denne har vore spela på Stiklestad med Hildegunn Eggen i hovudrolla tidlegare. Det er grenser for kor mye reproduksjon og sparebluss teatret kan tåle. Men heldigvis tok eg feil. Hildegunn Eggen gjer dette til eit rørande møte med dei inste kjenslene til eit kvardagsmenneske du berre blir umåteleg glad i. Det er humoristisk, gjenkjenneleg, men eigentleg først og fremst særs gripande.

Teksten er godt omsett av Arthur Arntzen og Arvid Hansen, men i tillegg har Hildegunn Eggen og Otto Homlung omarbeidd han til det trønderske. Hovudpersonen heiter Lilli Pedersen med pikenamnet Valentin, ho pratar trønder, og alle referansar er særs lokale. Det gir ein ekstra dimensjon til det gjenkjennelege, og er eit særs viktig val. For det viser seg at tekstgrunnlaget i seg sjølv nok er i ferd med å gå ut på dato, og humoren er ikkje alltid like god. Det er difor ei krevjande sak å halde trykket oppe i to timar utan daudpunkt. Men Hildegunn Eggen er ein framifrå skodespelar som balanserar dette hårfint og med fingertippkjensle. Ho eig salen, og når ho i andre akt gjer sin entre i Hellas iført silkekjole, så er det til full applaus og ellevill jubel frå publikum. Og når ho mellom alle saftige metaforar og kvardagsfilosfiske betraktningar, går over til meir eksistensielle vurderingar om ulevd liv som det framleis er mogeleg å hente tak i, så blir det dørgande stille, og det er fleire i salen som grip etter lommetørkleet.

Lilli Valentin er godt gamalt fortellarteater der teksten er det viktigaste. Per Kristian Solbakken har forstått det, og scenografien hans er diskret, men likevel effektfull nok utan at han nokon gong gjer anna enn å vere med å illustrere. Regien til Otto Homlung har fått til ei god veksling mellom humor og alvor, der særleg andre akta gir masse næring til ettertanken. Det som i starten berre er revyhumor, blir etter kvart eit rørande møte med ei som gjer noko så banalt som å finne seg sjølv.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. april 2005)