Teatermetropolen i Lofoten

KOMMENTAR

STAMSUND TEATERFESTIVAL 2024

Stamsund Teaterfestival er ein viktig møteplass for figurteater og fysisk teater, men har potensiale til også å trekke eit langt større publikum.

Stamsund er eitt av dei største fiskeværa i Lofoten. Trass i berre 1100 fastbuande, er Stamsund også ein teatermetropol som er kjend langt utover Norges grenser. Den vesle plassen har ikkje mindre enn tre teater. Det starta med Teater NOR på slutten av 90-talet. Sidan har Eilertsen & Granados Teater og Figurteatret i Nordland kome til. Om ein skulle ha like stor teatertettleik per innbyggjar som i Stamsund, måtte det til dømes vere rundt to tusen teater i Oslo.

Det som verkeleg set Stamsund på kartet i internasjonal samanheng, er Figurteatret i Nordland. Det er eit offentleg eigd produksjonsselskap som held til i gamle og kummerlege lokale, men som gir produksjonshjelp til figurteater langt utover landegrensene. Det fransk-norske kompaniet Plexus Polaires spektakulære og Heddavinnande oppsetjing av Herman Melvilles «Moby Dick», ei framsyning som for tida turnerer i Asia, blei i stor grad produsert i Stamsund. Ikkje utan grunn er Plexus Polaires kunstnarlege leiar, Yngvild Aspeli, også tilsett som kunstnarleg leiar av Figurteatret i Nordland. Slik pendlar ho mellom Paris og Stamsund.

SMÅ KÅR: Her passerer opningsprosesjonen Figurteatret i Nordland som i dette vesle, unnselege huset har to scener, verkstadar og driv produksjonshjelp for figurteater i både inn- og utland. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Det spansk-norske kompaniet Eilertsen & Granados som særleg arbeider med fysisk teater, blei starta i 2006, og har halde til i Stamsund heile tida. Teater NOR produserer ikkje mykje teater lenger, men under leiing av Thorbjørn Gabrielsen, er dei i staden arrangør av ein av dei viktigaste teaterfestivalane i landet. Stamsund Teaterfestival er ei årleg happening og ein møteplass der det gjennom eit trettitals ulike arrangement skjer noko i nesten annakvart hus. Årets festival, den 24. i rekkja, blei arrangert i uka som gjekk, og inneheldt ei god blanding av figurteater, fysisk teater, dans, utstillingar, seminar og samtalar. Sjølv om eg ikkje fekk med meg meir enn snaue halvparten, fekk eg likevel eit godt inntrykk av kompleksiteten, kvaliteten, og ikkje minst det internasjonale preget. Innafor figurteater og fysisk teater er Stamsund eit viktig omgrep ute i verda, og det er det ikkje vanskeleg å forstå etter å ha vitja festivalen. At det var lyst døgnet rundt og strålande sol og godvêr så godt som heile tida, gjorde opplevinga endå betre.

Tysdag var det opningsparade der vi til tonane frå Stamsund Hornorkester marsjerte ned til hurtigrutekaia. Framfor eit fråflytta industribygg som ein dag kanskje kan bli eit nytt teater- og produksjonsbygg for Figurteatret i Nordland, var det offisiell opning av festivalen.

TAPTE IGJEN: Draugen blir nok ein gong jaga til sjøs, og som segna fortel, forsvinn han i ein halv båt. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Opningsframsyninga rett etterpå slo verkeleg an tonen. Tre av dei beste kompania innan figurteater og fysisk teater, det fransk-norske Plexus Polaire, det norsk-amerikanske Wakka Wakka og det fransk-norske The Krumple hadde gått saman med bandet MoE, eit hav av statistar og Stamsund Hornmusikk og laga utandørsoppsetjinga «Draug». For to hundre år sia hadde draugen heimsøkt Stamsund, men blitt jaga på sjøen. Segna fortel at han skulle kome att på dagen to hundre år seinare. Og det gjorde han. Det blei ein livfull kamp mellom den enorme skapnaden som formeleg taut ut av fabrikkbygninga, og skodespelarar, dansarar og lokale ungar før ein skadeskoten draug måtte sigle ut fjorden på det som var att av båten hans.

MED OG MOT ELEMENTA: Systrene Julie og Cecilie Solberg i «Djupvasstråkk». FOTO: AMUND GRIMSTAD

Deretter fekk vi norgespremiere på Wakka Wakkas «Dead as a Dodo», ei imponerande framsyning som er omtala i eiga melding. Opningsdagen blei avslutta med «Antigone 3», eit særs fysisk teater av det portugisiske kompaniet Companio Do Chapitô, ei framsyning som også var produsert i Stamsund. Dagen etter fekk vi to norske produksjonar. Kompani Oval hadde urpremiere på «Skipbrudden», ei draumeaktig, visuell, musikalsk og fysisk framsyning som blir vist i Oslo denne veka. Og systrene Julie og Cecilie Solberg viste «Djupvasstråkk», ei framsyning som hadde premiere i Oslo i fjor i skumring og med kunstlys, men som her blei vist i fullt dagslys i eit lokalt tjern der dei to flaut rundt i vatnet på eit uvanleg poetisk vis og i harmoni med elementa, før dei tok til å opponere med dei. Vatn kan vere både livgjevande og det motsette.

Stamsund Teaterfestival er i dag først og fremst ein møteplass der dei ulike kompania ser produksjonane til kvarandre, og med lite eksternt publikum. Men dette er absolutt ein festival som bør kunne femne langt breiare, og også nå eit vanleg festivalpublikum. Det er hurtigruteanløp på staden, flyplass berre femten minuttar unna, og overnattingskapasiteten er slett ikkje verst. I slutten av mai 2025 er det ny festival. Eg berre nemner det.

(Artikkelen stod i Klassekampen måndag den 3. juni 2024.)

Leave a Reply