Archive for desember, 2019

Teateråret 2019

mandag, desember 30th, 2019

Klassekampen held seg med heile sju teatermeldarar som i løpet av 2019 har meld meir enn hundre teaterframsyningar frå heile landet. Vis meg den dagsavisa som kan skilte med noko liknande. Eg er stolt over å få vere med på dette laget saman med dei røynde, kompetente og kunnskapsrike meldarane IdaLou Larsen, Julie Rongved Amundsen, Frøydis Århus, Karl Kristian Bekeng, Victoria Kielland, og Charlotte Myrbråten (som nå er gått til BT, men som er erstatta av den både dyktige og ikkje minst særs skriveføre Sandra Lillebø). For eit lag!
På årets nest siste dag har vi sju freista å gjere opp status over teateråret 2019. Før om åra la vi fram kvar vår topp-tre-liste, men ettersom vi nå er så mange, fekk vi ikkje plass til meir enn kvar vår favoritt. Difor nyttar eg høvet til å trekkje fram nokre fleire av dei framsyningane som eg har vurdert.

«SCENER FRA ET EKTESKAP»
Rogaland Teater
Regi: Kjersti Horn

Foto: Stig Håvard Dirdal

Sjølv har eg sett rundt hundre framsyningar over heile landet (og fjorten i Danmark) det siste året, og eg har skrive seksti meldingar, og førti av dei i Klassekampen. Årets vinnar, som eg også skriv om i dagens avis, var enkel å kåre. «Scener fra et ekteskap», den snart femti år gamle ikoniske TV-serien til Ingmar Bergman, nå i Kjersti Horns regi på Rogaland Teater, var ein sjølvsagt vinnar. Ikkje berre fordi Bergmans tekst er særs god, men fordi både dramatisering, modernisering, scenografi og spel drog i same retning. Arne Lygre er ein av landets fremste dramatikarar og kjenner scenekunsten ut og inn. Han har omsett Bergmans tekst, tilarbeidd og modernisert han, fjerna alt uvesentleg og skrive ein tekst som er både munnleg og naturleg i 2019. Kjersti Horn har laga kjenslevart sakte-teater, og i særs godt samarbeid med scenograf Sven Haraldsson har ho greidd å få fram både distanse og ubehageleg nærheit til den etter kvart ganske klaustrofobiske tosemda. Og når to av landets beste skodespelarar får tolke Marianne og Johan i eit drama der dei båe leverer på øvste hylle, blir det godt teater og stor scenekunst. Anders Dale og Nina Ellen Ødegård er ektepar også i det sivile, og slik sett kjenner dei kvarandre som berre ektepar gjer det. Frå TV-serien er det i hovudsak Liv Ullmann som blir hugsa, men i Rogaland Teaters versjon er det verkeleg slik at «it takes two to tango», og det blir heilt meiningslaust å skilje mellom dei to rolleprestasjonane.
Dette var ei framsyning som snakka til dei fleste av oss, og som framleis, eit halvår etterpå, sit i meg.

«DEN HEMMELIGE HAGEN»
Trøndelag Teater
Regi: Kjersti Haugen

Foto: Terje Visnes

Andreplassen for meg dette året var ei uvanleg vakker og poetisk framsyning på Trøndelag Teaters gamle scene. Kjersti Haugen har dramatisert og regissert Frances Hodgson Burnetts gamle barnebok «Den hemmelige hagen», og det blei eit kunstverk av ei framsyning. Det var ei multimedial oppsetjing der Katrin Bombes opplevingsrike, vakre og relativt enkle scenografi, Magnus Børmarks nydelege songar, Svetlana Stokkes koreografi, Eivind Myrens lysdesign og Kjersti Haugens lågmælte og dvelande regi saman med framifrå spel og like utmerka personinstruksjon gjekk opp i ei høgare eining. Eg gret og kosa meg om kvarandre, og det er godt å sjå at det framleis er regissørar som har tillit til publikums tolmod, også barnas, og som held seg frå å pøse på med action og punchlines, men i staden stoler på historia og lagar ei episk og saktegåande forteljing der magien og undringa får hovudrolla.

«LANG DAGS FERD MOT NATT»
Trøndelag Teater
Regi: Johannes Holmen Dahl

Foto: Bengt Wanselius

Tillit til publikum er noko som også regissøren av mi tredjeplass-rangering har. Johannes Holmen Dahl har gjennom fleire produksjonar synt at det er ein grunn til at dei gamle klassikarane er nettopp gamle klassikarar, og at det ikkje alltid er naudsynt å stæsje dei opp med gags og effektar, men i staden gå til teksten og late han gjere jobben. Slik var det også med hans iscenesetjing av Eugene O’Neills «Lang dags ferd mot natt» på Trøndelag Teaters hovudscene. Saman med Nia Damerells scenografi, og nok ein gong til Eivind Myrens lysdesign, har han laga ei minimalistisk framsyning der menneska og deira lagnadar får vere midtpunktet. Og med eit lite, men strålande velspela ensemble toppa av Hildegunn Eggen og Trond-Ove Skrødal i to av dei beste rolletolkingane eg har sett av dei, – og det seier ikkje lite, var dette ei gåve til alle som er glad i teater. Til alle oss som ikkje går i teateret for å bli underhaldt, men for å bli rysta, rørt og herja med.

Refleksjon og repetisjon

mandag, desember 2nd, 2019

TEATER

MEINING: For den som ikkje kan kodane, er språk berre meiningslause lydar. Det kan det bli mykje moro av. FOTO: ARNE HAUGE

«Things in my mouth»
Rosendal Teater
Konsept, tekst og regi: Iggy Lond Malmborg
Lyd og tekniske løysingar: Kalle Tikas
Videodesign: Gloria Hao
Med: Rea Lest og Iggy Lond Malmborg

Intelligent, underhaldande og utforskande om stemmen vår, noko av det mest flyktige hjå menneska.

Den svenske skodespelaren og teatermannen Iggy Lond Malmborg har, trass i at han berre er 32 år, alt markert seg som ein nyskapande scenekunstnar. Trondheim og Teaterhuset Avant Garden har han gjesta heile ti gongar og med sju ulike produksjonar. Sjølv har eg med denne sett og meld tre av dei, den første alt i 2009 då han var med i det svenske kompaniet Institutet med framsyninga «Triptych on essence». Den andre var den eigenproduserte «Physics and Phantasma» i 2018. I båe desse framsyningane var det knapt noko narrativ, det handla mest om utforsking av ulike tema. Slik er det også denne gongen, når han har vald å ha verdspremiere på produksjonen «Things in my mouth» på Rosendal Teater (tidlegare Avant Garden), eit teaterhus han openbert har eit særleg nært forhold til.

Når vi kjem inn og set oss på teaterets hovudscene, er det i eit nake rom med berre ei lys gardin som eit slags sceneteppe midt på scenegolvet. Så kjem Malmborg fram, ønsker oss velkomne, klårgjer premissa for det som skal skje, og kva som er kontrakten med publikum. Han gjer det heilt klårt at oppsetjinga ikkje har noka forteljing, men at det blir mange repetisjonar, femten sonettar, og at fornuft og meining ikkje er hans greie. Salen stiller nokre spørsmål, godtek premissa, og vi er i gong.

Saman med den estiske skodespelaren Rea Lest tek Malmborg oss med på ei reise i lydar, fonem, og alle dei ulike kodane som gjer at vi menneske har språk og kan kommunisere verbalt. Framsyninga går i hovudsak på engelsk, og er særs mykje tekst og lite spel. Så godt som all tekst blir projisert på sceneteppet, og i tråd med kontrakten med publikum, er det inga handling eller forteljing, men som i «Physics and Phantasma» meir ei forteljing om den forteljinga som ikkje er. Vi blir del i ein språkleg teaterleik der dei to på scena utforskar alt som kan kome ut av munnen vår i form av lydar, babbel, kåte utbrot og klår tale. Lydane som dei lagar er overalt rundt oss, under oss og inni oss. Språk er sjølvsagt berre ulike lydkodar som menneska gjennom årtusenar er blitt samde om, og for dei som ikkje kan kodane, det vil seie det konkrete språket som blir nytta, kan sjølv den mest intelligente tale framstå som meiningslaus babbel. Dette syner dei med ei scene der Rea Lest, som ingen vil mistenke for å kunne norsk, får norske setningar på øyra og bringer dei vidare til publikum som ein papegøye. Vi forstår kva ho seier, men avsendaren gjer det ikkje sjølv. Slik leikar dei seg med intelligente refleksjonar rundt språk og kommunikasjon, der dei postulerer at alt vi seier er berre sitat som går i ein evinneleg loop som endelause repetisjonar.

Repetisjonane blir gjort synlege gjennom sonettane som er ein slags ryggrad i framsyninga. Sonettar er, for dei som ikkje veit det, ein gamal versesjanger frå mellomalderen. Han er prega av særs streng metrikk og nærast bygd opp etter matematiske formlar. Innafor sjangeren er det fleire ulike typar, og ein av dei er sonettkransen. Ein sonettkrans er femten sonettar der den siste er sett saman av den første lina i kvar av dei fjorten første. Slik syner dei oss nærast heile spennet i lyd- og språkbruk frå grynting, erotisk stønning, lokking, hosting, forføring, meiningslaust babbel, nynning, latter, og til intelligent tale og komplisert metrikk. Det vil seie alt som kan kome ut av ein munn. For ikkje å snakke om det som ikkje kjem ut når ein blir råka av afasien.

Dei to nyttar masker som gjer at snakkinga blir meir overdriven og outrert, men også slik at vi ikkje ser kven som eigentleg snakkar. Slik kan dei framstå som kvarandre sin buktalar, som når dei på humoristisk og fullstendig synkronisert vis bytter stemmer, kjønn og identitet. Gjennom fem kvarter tek dei oss med på ei leiken og utforskande reise i lyd og språk, ei reise som stundom kan bli både ordrik og litt monoton, men der eg likevel aldri missar konsentrasjonen og fell av. Dei mange små overraskingane, og ikkje minst humoren er med på å halde oppe intensiteten, og når dei tek til å fortelje kvarandre ganske turre vitsar, stort sett bygd på leik med språklege dobbeltydingar, er det berre å gi seg over.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 2. desember 2019.)

Fargerik fauna

mandag, desember 2nd, 2019

TEATER

VENNER: Ingen er åleine når ein har så sjarmerande lemenvenner. FOTO: DAVID ZADIG

«Jostedalsrypa»
Sogn og Fjordane Teater, Knarvik
Tekst: Maria Tryti Vennerød
Musikk: Julian Skar
Regi: Torkil Sandsund
Musikalsk leiar: Kåre Sandvik
Scenografi og dokkedesign: Tormod Lindgren
Kostyme og dokkedesign: Dordi Strøm
Koreograf: Jon Werede Hope
Lysdesign: Krystian Myska
Lyd: Robert Tomkiewicz
Med: Reidun Melvær Berge, Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen, Oda Kirkebø Nyfløtt, Eirik Risholm Velle og Per Arne Løset

Ein litt ujamn, men fantasirik og fabulerande eventyrmusikal.

Svartedauden er utan tvil den største ulukka som har råka Norge i historisk tid. I løpet av åra 1349 til 1350 døydde meir enn halvparten av befolkninga, og mytane er mange om denne pandemien. Den best kjende er segna om Jostedalsrypa, ei jente som skulle vere einaste overlevande i Jostedalen. Segna er neppe heilt sann, men historia er god og har overlevd og gitt identitet til Jostedalen. Kva er då meir naturleg enn at Sogn og Fjordane Teater dramatiserer det heile. Og ein sjarmerande og fantasifull eventyrmusikal er det blitt.

Dramatikaren Maria Tryti Vennerød har dikta ganske fritt med bakgrunn i segna. Hovudpersonen (Reidun Melvær Berge) og familien hennar bur langt nede i dalen når pesten kjem, og saman med tippolde (Idun Losnegård) blir ho send til slektningar øvst i dalen for å kome unna pesten. På vegen dør tippolde, og det gjer også slektningane etter kvart. Så er den vesle jenta åleine i heile verda. Men det syner seg raskt at slik er det ikkje. Med sterke parallellar til «Jungelboka» av Rudyard Kipling, finn ho vennskap og støtte i dyra. Eit særs sjarmerande menasjeri med ei rekkje lemen, ein hare og ein ulv blir redninga hennar, og her er det mange varme og gode tablå.

Musikalen startar litt famlande når situasjonen skal forklarast, og der møtet med slekta øvst i dalen blir noko outrert. Skummelt er det også når fingrar blir svarte, dett av, og alle rundt jenta dør. Men når ho er blitt åleine, tippolde kjem til henne i minnet, og ho blir venn med og lever i eit symbiotisk forhold med dyra, går framsyninga over til å bli ein humoristisk og varm sjarmbombe. Det skuldast først og fremst dei fargerike dyra og fantasirik dokkedesign, scenografi og kostyme av Tormod Lindgren og Dordi Strøm. Ulven er rett nok litt vanskeleg å forstå seg på, men haren og ikkje minst alle lemena er til å bli verkeleg glad i. Og dokkeføringa er imponerande slik at når dyra syng, er det gjort så synkront at ein trur songen kjem frå dokkene.

Julian Skar har skrive melodiøs og stemningsskapande musikk, orkesteret gir fint tonefølgje og songprestasjonane til ensemblet er gode. Reidun Melvær Berge er trygg og overtydande i rolla som rypa, og nokre av scenene mellom henne og tippolde er små lyriske perler. Også fordi både Berge og Losnegård er så gode songarar. «Jostedalsrypa» er blitt eit vakkert lite eventyr, til tider litt ujamn, men opplevingsrik og med masse mat for fantasien.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 2. desember 2019.)