Eit lite kinderegg?

TEATER

GNAGSÅRET: Celerina (Martha Løseth Borgen) er høgt og lågt, og Robert (Håkon Aaberg) slit med å halde maska. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

«Koffertsamtaler – en teaterfestival»
Studentersamfundets Interne Teater, Knaus
«Enigma» av Floyd Dell
«Frittgående høns» av Ann Wuehler
«Uroens Barn» av Lennart Lidstrøm
Regi: Dennis B. Eliassen
Scenografi: Max Lødøen
Kostyme: Emilie J. Homme
Med: Sunniva Schøyen, Emilio Lombardo, Håkon Aaberg, Martha Løseth. Borgen, Linn Tønnesen Kystvåg og Hedvig Asp

Med ein liten teaterfestival med tre små, ulike einaktarar som kanskje likevel har noko til felles, set SIT eit verdig punktum for den vesle, og nærast umogelege biscena Knaus..

Det er nesten vemodig, for i kveld har eg vore på Knaus i Studentersamfundet i Trondhjem og sett det som er denne heilt umogelege, men likevel så kjære biscenas siste oppsetjing før det nye tilbygget står ferdig. Studentersamfundets Interne Teater (SIT) har hatt ein produktiv sesong, og avsluttar med ei verkeleg nyskaping. I staden for å setje opp eit innkjøpt eller sjølvlaga drama, har dei tatt for seg tre ganske ulike einaktarar og presentert dei som ei framsyning under fellesnamnet «Koffertsamtaler». Umedelbart gjekk mine tankar til Robert Altmans ikoniske kultfilm «Short Cuts» frå 1993 der han tok for seg ni noveller og eit dikt av Raymond Carver og sette dei saman til ein heilaftans spelefilm. Men regissøren Dennis B. Eliassen har gjort det litt annleis, og presenterer dei tre einaktarane kvar for seg, og difor som ein mini teaterfestival. Tilsynelatande, som i Raymond Carvers noveller, har dei ikkje noko sams, om det ikkje er at ein koffert er ein rekvisitt i dei alle, og at ein ørkenreplikk og eit ganske uvanleg lydspor går att i to av ei tre. Den som leitar, vil sikkert finne andre fellesnemnarar som eksistensielle spørsmål, svik og folk i transit, utan at eg skal følgje dette for langt.

Knaus er ei scenografisk utfordring, som er nærast umogeleg å løyse. Denne gongen har scenografen, Max Lødøen, laga ei sams løysing for dei tre einaktarane, der bakveggen er eit interiør som har vridd seg 90°. Det er noko som har gått over ende, eller bikka fullstendig. Symbolikken er tydeleg og god, og i tillegg fungerer scenografien både som eit husvære, ein busshaldeplass og det meir ubestemmelege i siste akt.

Det opnar med «Enigma» frå 1922 av den amerikanske avisredaktøren, forfattaren og dramatikaren Floyd Dell (1887-1969). Vi møter eit ektepar, Sunniva Schøyen og Emilio Lombardo, til eit lite kammerdrama ved morgonkaffien. Det som frå starten ser ut til å vere eit ekteskap der han er den sterke med full kontroll, og med motbydelege hersketeknikkar, og ho er den oppofrande, naive som ønsker seg kjærleik og tilbake til romantikken i eit forhold som openbert har gått i stå, syner seg etter kvart å ta uventa vendingar. Maktforholda er med eitt ikkje like eintydige, det er vanskeleg å vete kva som er sanning og løgn, og den vesle einaktaran byr på mang ei overrasking. Eg undrar meg stadig over kor moderne denne over eitt hundre år gamle teksten er. Dei to aktørane leverer godt og sikkert kammerspel der dei greier den hårfine vekslinga mellom det lågmælte og infame og det meir aggressive.

Framsyninga tek oss nærast saumlaust over i neste stykke, «Frittgående høns» («Free Range Chickens») av den amerikanske samtidsdramatikaren Ann Wuehler. Der møter vi Celerina (Martha L. Borgen) og Robert (Håkon Aaberg) på ein busshaldeplass i Las Vegas, Nevada. Han sit med kofferten i varmen og ventar på ein buss som aldri kjem, og så kjem i staden det lokale gnagsåret Celerina. Ho skravlar i veg, medan han på eine sida ønsker å få vere i fred, medan han på høfleg, og litt avvisande vis, svarar på i alle fall noko av det ho kjem med. Ho er ganske alternativ, snakkar om karma, og at det ikkje er tilfeldig at dei møtest akkurat der, medan han helst vil vere i fred. Dei fleste av oss har møtt slike personar, og vil kjenne att korleis Robert blir meir og meir sliten. Dei to står særs godt til kvarandre, og Martha L. Borgen greier å formidle Celerina så intenst og overtydande at dette, som også er eit lite kammerspel, blir meir og meir spennande, og nok også framsyningas høgdepunkt. Som i første akta, kjem det også her uventa brot, ja og langt meir overraskande. Korleis det går, skal eg halde meg frå å røpe, men undervegs er underhaldningsverdien stor, særleg på grunn av ein uvanleg god tekst, og i tillegg framifrå spel.

Etter ein liten pause, er vi i tredje akt som er «Uroens Barn» av den norsk-svenske dramatikaren Lennart Lidstrøm. Det hadde urpremiere på Hålogaland Teater i 2019. Det er ein absurd komedie om to ørkenpersonar, Gobi (Hedvig Asp) som er utadvent, medan Kalahari ( Linn T. Kystvåg) er inneslutta så det held. Dette er ei framsyning som på eine sida har noko Becketsk over seg samstundes som det er ein absurd komedie. Og det er nok i tolkinga av denne finalen at regissøren møter dei største problema. Komedie kan sjølvsagt bli spela ut i store ord og nærast overspel. Om det ikkje er overspel, så er det i alle fall i denne gata tredje akt i hovudsak blir presentert. Men i denne absurde teksten er det mykje subtil undertekst som fort kan drukne om ein ikkje også stundom spelar med sordin. Her er ei god historie og mykje bra spel, men personleg trur eg at ei litt meir neddempa tilnærming, ville ha vore meir vellukka.

Når det er sagt, må eg likevel få gi ros til regissøren, Dennis B. Eliassen. Han har sjølv omsett og tilarbeidd dei to første stykka til eit munnleg og godt norsk. Dramaturgi, skift, framdrift og ikkje minst peroninstruksjon er, med det vesle atterhaldet for tredje akta, særs bra. Når SIT nå presenterer si siste oppsetjing på Knaus gjer dei det så absolutt med flagget til topps.

Leave a Reply