Den intellektuelle Pippi

TEATER

REKTOR FRÅ HELVETE: Rektor Trunchbull (Espen Hana) nyttar både fysisk og psykisk vald mot Matilda (Marte Sirevåg Berge), medan læraren Miss Honey (Mareike Wang) er forskrekka tilskodar. FOTO: GRETHE NYGAARD

«Matilda»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Roald Dahl
Manus: Dennis Kelly
Musikk og songtekstar: Tim Minchin
Regi: Mathias Luppichini
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Koreografi: Ludvig Herstad
Med: Marte Sirevåg Berge, Ragnhild Røsbak Sandemose, Espen Hana, Mareike Wang, Espen Reboli Bjerke, Mari Strand Ferstad, Matias Kuoppala, Svein Solenes, Catharina Vu, Kim Fairchild, Kirsti Lucena Medalle Andersen og 24 statistar frå Barne- og ungdomsteateret.

Ein tvers gjennom velspela, underhaldande og akkurat passe skummel musikal om ei sjarmerande lita heltinne.

Romanen «Matilda» frå 1988 er ein av Roald Dahls mange klassikarar der han kombinerer uhygge, grøss og gru med barnas synspunkt, og der dei vaksne er ulideleg dumme. Hovudpersonen er den skarpe, og ikkje minst lesande og litterært kunnige Matilda. Ho er ei sju år gamal jente som også har magiske evner. Og på same vis som den litt mindre intellektuelt orienterte Pippi Langstrømpe, får ho med seg dei andre ungane og gjer opprør mot forstokka vaksne. Boka blei filmatisert i 1996, og i 2010 skreiv Dennis Kelly og Tim Minchin «Matilda the Musical». Den har gått sin sigersgang over heile verda, og i 2022 var det norgespremiere på Folketeateret i Oslo. Nå har Rogaland Teater slått på stortromma og sett opp ein stor og omfattande produksjon som har resultert i musikalfeber i Stavanger. Etter å ha sett den forrykande premieren onsdag forstår eg godt responsen, for dette var ei familieframsyning av dei sjeldne.

BOKHAT: Foreldra hatar både Matilde og bøker, og her riv faren i sund ei bok. FOTO: GRETHE NYGAARD

Matilda (som blir spela av Marte Sirevåg Berge alternerande med Ragnhild Røsbak Sandemose) er eit uønskt barn som veks opp med ein far (Espen Reboli Bjerke) som driv med bilsal på kanten av lova, og ei pyntedokke av ei mor (Mari Strand Ferstad) som berre er oppteken av pengar. Båe hatar bøker, og har den same aversjonen mot Matilda. Det er omsorgssvikt så det held. Men Matilda lærer sjølv å lese, og finn ein fristad på biblioteket der verdslitteraturen blir redninga. Verre blir det når ho begynner på skulen, for der regjerer den svært mannhaftige Miss Trunchbull (Espen Hana). Prøyssardisiplin og heilt urimeleg avstraffing er kvardagen. Lyspunktet er Miss Honey (Mareike Wang), læraren som både ser og forstår. Matilda er uvanleg skarp, litteraturkunnig, og diktar sjølv historier, i tillegg til at ho har litt magiske evner. Mot urettvise er det sjølvsagt rett å gjere opprør, Matilda leiar an, og utan å røpe meir, så vinn ho sjølvsagt fram etter kvart.

TRØYST: Læraren Miss Honey er god å ha. FOTO GRETHE NYGAARD

Rogaland Teaters hovudscene er ikkje stor, og scenograf Gjermund Andresen har hatt ei formidabel utfordring som han har løyst imponerande bra med eit system av ulike flyttbare stillas som illuderer både skulen, heimen og meir til. Det er saumlause skift, utsøkt bruk av lyspærer for å skape artige illusjonar, og samstundes har han greidd å gi rom for store danseopptrinn. Mathias Luppichini er ein røynd skodespelar og musikar, men «Matilda» er hans første store regioppgåve. Det er ein debut det står respekt av. På det som nærast er ei intimscene, har han skapt store spektakulære tablå, forrykande danseopptrinn i høgt tempo, vekslande med rolegare parti, naturlege skift, og ein dramaturgi heilt utan kvileskjær. Historia har fleire lag med i alle fall to parallelle forteljingar, og dette er tatt godt vare på, sjølv om avsløringa kjem som ei overrasking. Personinstruksjonen er det mest imponerande. Ni profesjonelle skodespelarar og to alternerande lag av tretten barn frå Rogaland Teaters dyktige Barne- og ungdomsteater. Alt fungerer til fulle. Ludvig Herstads koreografi må også nemnast, for når tretten unge amatørar skal opptre i takt på ei lita og godt møblert scene, er det mykje som kan gå gale, men det heile er imponerande synkront. Lykkeleg er Rogaland Teater som i meir enn 60 år har hatt Barne- og ungdomsteateret som ei Sareptas krukke å hente dyktige statistar frå.

SPEKTAKULÆRT: Imponerande presis koreografi på ei lita scene. FOTO:GRETHE NYGAARD

I «Matilda» er det kanskje feil å snakke om statistar. Marte Sirevåg Berge (som ambulerer med Ragnhild Røsbak Sandemose i hovudrolla) er trygg og tydeleg. I tillegg til god mimikk, spel, diksjon og dans, er ho og ein solid songar. Dei fleste vaksne er sjølvsagt ganske outrerte, som dei skal vere, men unnataket er Mareike Wang som den forståingsfulle læraren, Matildas vaksne motstykke. Og så er det Espen Hana som gjer maksimalt ut av den forferdelege rektor Trunchbull, men likevel aldri verre enn at ungane forstår at han eigentleg står for fall.

Sjølv om «Matilda» hadde fortent ei større scene, blir det ein intimitet og nærleik i denne oppsetjinga som ein større konsertsal ikkje kan tilby. Men akustikken er eit problem, og sjølv om song og diksjon er framifrå, blir lydbildet stundom i kraftigaste laget, og orkesteret kan med fordel dempe seg litt.

Samstundes med at forsking syner at nedgangen i talet på foreldre som les for barna sine er urovekkjande stor, er Rogaland Teater med «Matilda» førebiletleg motstraums. Teaterfoajeen er bygd om til eit bibliotek, og framsyninga er ein hyllest til bøker, litteratur og kunnskap. «Matilda» er ingen peikefinger, men gir tvert om inspirasjon til å lese, synge og ikkje minst sjå teater.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. april 2024.)

Leave a Reply