Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Skogsunderholdning – Talk Softly But Carry A Big Stick
Av og med Lisa Lie
Scenografi: Erik Tidemann
Lydlandskap: Trygve Brøske og Lisa Lie
Lisa Lie er berre 26 år, men har allereie, som det multitalentet ho er, hausta framifrå kritikkar både som romanforfattar og scenekunstnar. Saman med Stina Kajaso presenterte ho fleire sensasjonelle produksjonar under namnet Sons of Liberty. Nå er ho attende med soloframsyning under namnet Son of a Gun. Torsdag var det urpremiere på Avant Garden i Trondheim, og etter fire framsyningar i heimbyen, spelar ho i neste veke på Grusomhetens teater i Oslo. Den som vil oppleve annleis, nyskapande, befriande frisk, intelligent og humoristisk performance, bør absolutt få med seg skogsunderhaldninga hennar.
Saman med kunstnaren Erik Tidemann, som har ansvar for scenografi og daude dyr, tar ho oss med på ein skogstur som ikkje berre er mykje skumlare enn Raudhette sitt møte med ulven, men også atskillig artigare. Lisa Lie er vår reptilvert for kvelden, og gjennom ei blanding av autogen trening og hypnose tek ho oss inn i ein skog der det meste er snudd opp ned. Bokstaveleg talt! I denne underskogen der fantasi, UFO, røyndom, konspirasjon, new age, fabeldyr og you name it går opp i ei høgare eining, geleidar Lie oss i stort tempo og med ufatteleg tekstrikdom gjennom eit møte med hennar endelause rekke av aforismar og paradoks. Det er tryggast å ha med seg ein stokk i denne skogen, men ein bør også ha stilkar til å sette øyro på, for her skal ein ha konsentrasjon for å følge med. Framføringa, som er ei blanding av standup og performance med innslag av vaudeville og mykje anna vilt, er tekstmessig eit timelangt dikt! Lie er litterær, og dette er lyrikk. Men det går så fort at du rekk ikkje få med deg all klokskapen og den naudsynte ettertanken før ho er på full fart inn i neste motsetnadsfylte påstand eller observasjon. Så mye tekst, så mye humor, – og ikkje minst så mye kunnskap!
Lisa Lie er eit fenomen. Ho er dyktig og struttar av sjølvtillit og sjarm. Litt regihjelp og kanskje også assistanse på koreografien hadde nok ikkje vore av vegen, men på den andre sida er eg redd at noko av den spontane autentisiteten kunne ha gått tapt med ei meir strigla framføring. Og ho er fullstendig avvæpnande når ho ligg dørgande stille og du lurer på kor lenge ho vil våge å ligge slik utan at noko skjer. For så bryt ho tagnaden med lakonisk å fortelle at ho driv framsyninga framover på dette viset. Ho er sin eigen dramaturg, og heilt sjef. Det er hennar lover som gjeld på scena, og det er Lex Lie som rular. Eg reknar med at lesaren har forstått at denne meldaren er meir enn vanleg begeistra. I det hypnotiserte draumelandskapet blant astrale objekt og fabeldyr må kvar einskild legge inn si eiga tolking av kor skillet mellom fakta og fiksjon går. Men den som ikkje finn ei meining i denne oppsettinga, eig ikkje fantasi!
Amund Grimstad