Den norske allsongkanonen

TEATERKONSERT

SOLIDE SONGARAR: Sara Fellman, Kjersti Sandal og Ole Andreas Silseth ga oss eit framifrå, men ørlite innblikk i den store norske songskatten. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Norsk sangbok»
Teatret Vårt, Surnadal Kulturhus
Av: Tormod Carlsen
Regi, musikalske arrangement, scenografi: Tormod Carlsen
Scenografi og kostymedesign: Heidi Dalene
Med: Sara Fellman, Kjersti Sandal, Ole Andreas Silseth og Bjørnar Lisether Teigen

Vakkert og godt framført presentasjon av ein ørliten del av den store norske songskatten.

Både folkeleg empiri og vitskapleg forsking peikar i ei lei når det gjeld song, og særleg allsong. Den er bra for folkehelsa, skapar fellesskap og gjer godt for dei fleste av oss. Då eg gjekk på folkeskulen på midten av førre hundreåret, starta vi alltid dagen med «No livnar det i lundar» og avslutta med «Fager kveldsol smiler», ståande ved pultrekkene. Det var nok andre songar også, men det var desse to som i hovudsak ramma inn skuledagen. Og for ein som ikkje var spesielt glad i alle rituala på skulen, hugsar eg likevel attende på allsongen med stor glede. Seinare i livet har både korsong og allsong i sosiale lag vore stemningsskapande og gitt mange gode opplevingar. Og som vi har sett i NRK-programmet «Demenskoret», kan songen også vere terapeutisk. Fransklæraren min på gymnaset meinte at songen også kunne vere pedagogisk. – Det er to måtar å lære fransk på, sa han. Du kan lese deg til det, eller lære gjennom song. Og så avslutta han lett ironisk med: Skal vi synge, – skal vi til dømes synge ein song? Eg veit ikkje korleis det står til med allsongen i dag, men når ein ser alle som går rundt med øyreproppar og er i si eiga boble, så er det mykje som tyder på songen er blitt privatisert.

Difor er det befriande meir enn nostalgisk når Teatret Vårt har vald å lage ein fullstendig upretensiøs teaterkonsert med grunnlag i boka «Norsk sangbok av Folkehøgskoleforbundet». Det finst mange norske songbøker, men to av dei har ein heilt spesiell posisjon i kulturarven vår. Det gjeld Mads Bergs (1865-1955) «Skolens sangbok» som blei gitt ut første gong i 1914. Og så er det denne framsyningas grunnlag, Olaus Alvestads (1866-1903) «Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag». Den blei gitt ut første gong i 1898 og har kome i stadig fornya opplag, til slutt under namnet «Songbok for folkehøgskolen» i 1998. Og det er på denne arven «Norsk sangbok» (Av Folkehøgskoleforbundet) kviler, og på den att det som Tormod Carlsen har sett saman i framsyninga «Norsk sangbok».

Som alt sagt er framsyninga totalt upretensiøs. For at slike teaterkonsertar ikkje skal bli berre konsert, vil regissørane ofte lage ei historie rundt han eller freiste å få songane til å framstå som del av ein heilskap. Teatret Vårt har god tradisjon med sjangeren, og både «Vårsøg 75 år» i 2020, «Virvelvind» i 2021 og «Danse med skjebnen» i 2023 er gode døme på ulike vis å sy musikk, tekst og framføring saman til eitt. I «Norsk sangbok» har dei vald ei anna, men ikkje uvanleg tilnærming, nemleg å la ein eller annan i produksjonsapparatet freiste å kløne til framsyninga og slik sett lage humor rundt presentasjonen. Ofte er det suffløren som har eit ønske om å vere på scena og som tek litt for stor plass. Teatret Vårt har den relativt sett største venneforeininga i landet, og har vald å la Bjørnar Lisether Teigen vere ein utypisk og plasskrevjande representant for Teatrets (beste) venner. Han startar med å steike sveler medan vi set oss og fortel litt om alt som skal skje, og det er greitt nok. Men så vil han absolutt vere meir deltakar, og slik vil vel Tormod Carlsen at litt klein humor skal gjere framsyninga meir underhaldande. Men det var gjort på eit vis som gjorde det meir kleint enn humoristisk. Ideen er grei, men opplegget var ikkje spesielt velskrive, og Teigen hadde diverre fått alt for lite å spele på. Når ein ikkje gjorde noko meir raffinert enn dette, og det eigentlege innhaldet er solid nok til å stå på eigne bein, kunne Carlsen ha spart seg denne gagen. For dei tre framifrå songarane, og ikkje minst songskatten dei tok så godt vare på, var meir enn nok til å få ei skikkeleg feelgood-oppleving.

Sara Fellman og Kjersti Sandal er del av teaterets faste ensemble, solide skodespelarar, men også særs dyktige songarar. Og med seg har dei den klassisk musikkskolerte operasongaren Ole Andreas Silseth som også synte seg å vere ein habil skodespelar. I ein enkel, men meir enn god nok scenografi kjem dei tre inn i habittar som kan minne meir om «The Handmaid’s Tale» enn tradisjonelle korkappar. Men før eg rekk å undre meg meir over kostyma, er det demaskering, og dei står i bunad og sivile finklede.

Og så får vi eit femtentals songar frå den norske songkanonen, presentert med tidvis nye og spennande arrangement, og med ei harmonisering som verkeleg sat. Og det som gjer meg mest imponert og glad, er at presentasjonen er a cappella. For det første går dét godt når det er så gode songarar, men ved å la vere å nytte akkompagnement blir orda også meir tydelege. I songtradisjonen vår er tekst og meining minst like viktig som melodi og harmonisering. Då kan innhaldet ofte drukne i form ved bruk av akkompagnement. Her var det reint, tydeleg og strippa til beinet. Berre eig gong blei det eit brot, og det var då Sara Fellman med eige trekkspelakkompagnement nærast gjekk på barrikaden og song Stein Ove Bergs «Ta hverandre i handa og hold». Og nettopp fordi dette var eit brot, og eit unnatak, blei det ekstra sterkt.

Når ein skal velje frå den nærast utømelege songskatten vår, og frå rundt 500 songar berre i songboka, vil sjølvsagt alle vere usamde i utvalet. Slik må det vere, og det skuldast at dette er noko alle, – absolutt alle har eit djupt og inderleg, og for nokre nærast eksistensielt forhold til. Så difor skal eg halde meg frå mine private innvendingar, og eg er meir enn nøgd så lenge vår eigentlege nasjonalsong, Ivar Aasens «Nordmannen» fekk plass saman med ei grei blanding av folkeviser, gamalt tradisjonelt og nyare songar frå folk som Jan Eggum og Anne Grete Preus. Eggums «Mor jeg vil tilbake» var for øvrig den einaste gongen den kleine humoren både var overraskande og fungerte, utan at eg skal røpe meir om det. Songar er til for å syngjast, og det er ikkje berre eit munnhell at alle får synge med den røysta ein har. Det er slik det skal vere, og då var det sjølvsagt at publikum også fekk vere med på både allsong og kanon.

«Norsk sangbok» er, med atterhaldet om den ikkje så vellukka humoren, blitt ein opplevingsrik, vakker og flott framført teaterkonsert. Den norske songskattener er så tung og solid at han står fjellstøtt på eigne bein utan behov for korkje akkompagnement eller ablegøyer. Eg stussar likevel litt over at ein ikkje fann plass til nokre fleire songar, for framsyninga varte berre vel ein time inklusive pause. Men det vesle vi fekk var til gjengjeld førsteklasses.

OPPVARMING: Nordmøre Folkehøgskules kor. FOTO: AMUND GRIMSTAD

Eit lite PS til slutt:
«Norsk sangbok» hadde premiere i Ålesund 13. april, og etter nokre dagar i Molde er ho nå på turné i fylket. I samband med desse oppsetjingane blir det nokre stadar laga ein minikonsert på førehand av eit lokalt kor. Eg såg framsyninga i Surnadal og der var det oppvarming ved Nordmøre folkehøgskules kor under leiing av Jo Inge Nes. Det var ein fin måte å knyte teaterkonserten og innhaldet i han opp mot dei lokale forvaltarane av songskatten. Så fekk vi bere over med at korkje teateret eller songkoret hadde funne plass til Hans Hyldbakk eller Henning Sommerro endå vi var i Surnadal.

Leave a Reply