Archive for april, 2008

Nakent og ærleg.

onsdag, april 16th, 2008

DANS

Lettere Amorose
Konsept, koreografi og dans: Raimund Hoghe
Gjestedansar: Lorenzo de Brabandere
Teaterhuset Avant Garden, Olavshallen Lille sal, Trondheim

Bildet: Ekspressivt. Velkoreografert rørsle kan gi vel så uttrykksfulle bilde som meir fysisk dans. Foto:raimundhoghe.com
 
Koreografert rørsle, så diskret at det er vanskeleg å kalle det dans, men likevel vel så ekspressivt.

Den som ventar ei tradisjonell danseframsyning med spektakulære sprang, enorm kroppskontroll, og rørsler tilnærma det gymnastiske, har kome feil ved å sjå framsyningane til Raimund Hoghe. I grenselandet mellom dans, teater og performance, er det meir koreografert rørsle enn eigentleg dans han framfører, men trass minimalismen, vel så uttrykksfullt.

Den tyske kunstnaren Raimund Hoghe (1949) har arbeidd som skribent, filmmakar, dramaturg, koreograf, og dei siste fjorten åra har han også laga eit utal danseproduksjonar med seg sjølv i hovudrolla. Lettere Amorose, som han nå har gjesta Trondheim med, er ein ni år gamal produksjon. Namnet er frå ein komposisjon av Claudio Monteverdi som framsyninga tar til med. Rommet er ein black box, og rekvisita er forskjellige gjenstandar Hoghe har lagra i utkanten av scena. Kulisser er fråverande, men lydkulisser er ulike komposisjonar og songar frå operaens far, Monteverdi, til Melina Mercouri, Frank Sinatra, Jacques Brel, Peggy Lee og mange andre. Med steinandlet går Hoghe rundt på scena, legg ut handdukar, pinnar, blomar og meir til, gjer diskrete, velkoreograferte rørsler, alt særs synkront med musikken i bakgrunnen, og berre avbrote av opplesing av nokre brev. Stykkets tittel kan sjølvsagt også tolkast som kjærleiksbrev, og breva han les frå, dreier seg kanskje meir om kjensler, lengt og svik enn eigentleg kjærleik, – om ikkje nettopp dette er viktige element i det store samleomgrepet kjærleik? Sams for breva, er at dei handlar om folk som på eitt eller anna vis er på utsida. Slik kan dei fort opplevast sjølvbiografisk.

Eg plar ikkje skrive om lyta til aktørane eg melder, men i dette tilfellet gjer eg eit unnatak. Raimund Hoghe er ingen grasiøs og spenstig dansar, han er tvert om liten og pukkelrygga. Men dette spelar han så medvete på, så ærleg, oppriktig, så sårbart og så nakent, at det blir ein særs viktig del av framsyninga, og ei unnlatingssynd ikkje å nemne det. Så vidt eg forstår, er prosjektet til Hoghe nettopp å utfordre oppfatningar og fordommar vi har om kropp og dans. Det greier han til fulle.

Eg må vedgå at under framsyninga var det ikkje alt eg forstod, men dette er ei oppsetting der ettersmaken er vel så viktig som opplevinga der og då. I skrivande stund, meir enn eit døgn etter presentasjonen, dukkar stadig nye bilde fram på netthinna. Hoghe spelar – og dansar – særs lågmælt. Her er ingen store faktar, og nettopp difor blir kvar ei lita rørsle så sterk. Han er dvelande, tar seg god tid, og mye av framsyninga får preg av rituelle handlingar. Musikken er ein integrert del av det heile, og om ein høyrer etter, forstår ein fort at utvalet er langt frå tilfeldig. Når Frank Sinatra syng It was a very good year og Hoghe dansar sakte selskapsdans med ein partnar som ikkje er der, er det ikkje vanskeleg å forstå kor han vil, og kor sårt dette er. Andre bilde og metaforar sit lenger inne, men om ein ikkje fattar alt, så er framsyninga likevel så gjennomsyra av det såre, nakne, og ikkje minst ærlege, at heilskapen ikkje er til å ta feil av. Det vakre og uttrykksfulle ligg ikkje alltid i det kroppsleg perfekte slik reklamen vil ha oss til å tru. Hoghe utleverer seg sjølv, utfordrar fordommar, og opnar auga våre. Det gjer godt!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 14. april 2008)

Biografens dilemma

søndag, april 13th, 2008

TEATER

MIN STÖRSTA SMÄRTAS BARN
Tekstutval og tilrettelegging: Wenche Strømdahl
Instruert og framført av Wenche Strømdahl og Hallbjørn Rønning
Musikar: Jarl Strømdahl
Trøndelag teater, Gamle scene

Foto: Bosse. Wenche Strømdahl som Harriet Bosse. Foto: Vegard Eggen
 
Det må nok meir til enn berre nytt stoff for å gi ny innsikt.

Forholdet mellom Sveriges største kvinnelege skodespelar på tidleg nittenhundretal, Harriet Bosse, og landets fremste dramatikar, August Strindberg, er godt kjend og veldokumentert, mellom anna gjennom Bosses eiga bok Strindbergs brev til Harriet Bosse, og frå Strindbergs dagbok Ockulta dagboken som han skreiv i ti år rundt sekelskiftet. To sterke, kompromisslause kunstnarsjeler med nærare 30 års aldersskilnad var gift frå 1901 til 1904. Det var eit stormfullt ekteskap som sjølv om det tok slutt etter berre tre år, heldt fram som eit kjærleiksforhold med sterke band for dei båe fram til Strindberg døydde i 1912.

Harriet Bosse gifta seg att to gongar, og i det andre ekteskapet fekk ho sonen Bo. Dottera hans bur i Trondheim, og sit på ei samling brev og fortellingar frå bestemora. Det har skodespelaren Wenche Strømdahl fått tilgang til, og etter å ha gått gjennom både dette materialet og det som tidlegare er kjend om Bosse og Strindberg, har ho laga ei lita framsyning om det turbulente forholdet mellom dei to. Ho spelar sjølv Harriet Bosse, og ektemannen Hallbjørn Rønning er Strindberg. I tillegg spelar broren, Jarl Strømdahl, gitar og syr dei ulike scenene saman musikalsk.

Resultatet er eit lite kammerspel som diverre gir oss lite nytt. Biografens dilemma når han får tilgang til nytt stoff, er ofte at han blir så blenda av materialet at han ikkje får den naudsynte kritiske distansen. Eg skal ikkje påstå at det er årsaka i denne oppsettinga, men det er nærliggande å tenke i slike banar. Skal ein biografi, eller dramatisering av kjende personars liv eller forhold vere interessant for ålmenta, må det fortelle oss noko om kva som førde til at kunsten eller produksjonen til den presenterte blei som han blei, gi eit viktig og tidstypisk bilde av samtida, eller omhandle ein konflikt som kan seie oss noko generelt som menneske. Berre å få presentert to personar som ikkje har det greitt med kvarandre, blir ganske privat og uinteressant, uakta om personane er aldri så namngjetne. Denne oppsettinga dokumenterer dette til fulle, for her er lite som kan gi noka ny forståing av Bosses skodespelarkunst eller Strindbergs forfattarskap.

Framsyninga tar til når Harriet Bosse kjem til Dramaten i Stockholm berre 21 år gamal og etter kvart blir kurtisert av den mye eldre dramatikaren. Scena er to bord der Bosse og Strindberg sit og les frå eigne brev og dagboksnotat, og vi følger dei to kronologisk gjennom ekteskap og skilsmål, fram til Strindberg døyr. Dramaturgisk er det heile på det jamne og utan spesielle høgdepunkt. Vi får rett nok presentert heftig ordbruk og store konfliktar, men like etter er det forsoning utan at nokon kan forstå kvifor. Dette er eit kammerspel om ein liten familie, skrive, presentert og regissert av ein liten familie. Eg trur det hadde vore ein fordel om det hadde vore henta inn litt ekstern regihjelp frå nokon som ikkje var så involvert i stoffet.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 11. april 2008)

Siste dans i Berlin

onsdag, april 9th, 2008

TEATERCABARET
Av Joe Masteroff, Fred Ebb og John Kander
Omsett av Finn Ludt
Bearbeidd av Otto Homlung
Regi: Tomas Adrian Glans og Otto Homlung
Koreografi: Tomas Adrian Glans
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Musikalsk leiing: Åsmund Flaten
Med: Silje Lundblad, Svein Tindberg, Ola G. Furuseth, Helle Ottesen, John Yngvar Fearnley m.fl.
Trøndelag teater, hovudscena

Bildet:Spektakulært. Diskret scenografi og nøktern rekvisittbruk gir plass til dei mange danseopptrinna, særs godt koreografert av Tomas Adrian Glans. Foto:GT Nergård
 
Eit vellukka spel på kontrastar som resulterer i ein særs komplett og ikkje minst politisk sterk musikal, og med ein finale det er vanskeleg å gløyme.

Alt kan bli si eiga motsetning! Lukka er kortvarig, og kan fort bli katastrofe. I ei uvanleg politisk, sterk, tydeleg, velspela og først og fremst særs god versjon av Cabaret, leikar Homlung og Glans seg med motsetnadene i det førnazistiske Berlin der det er like før festen er i ferd med å ta ein brå slutt. Skjønt å leike seg er eit misvisande omgrep, for jamvel om både tidlegare sceneversjonar og også filmen frå 1972 har eit dystert bakteppe, så er denne produksjonen tidvis så sterk at ein tar seg i å fryse på ryggen. I programmet skriv teatersjef Homlung at det ikkje er nokon påtrengande moralsk peikefinger frå hans side. Det er nok rett, men han har ei meining, og ho er tydeleg, ho er sterk, og ho gjennomsyrer framsyninga og gjer Cabaret til noko langt meir enn berre ein god musikal.

Vi er i Berlin i 1933, nazistane meir enn rører på seg, det er enorme motsetnader, sosial uro, og stor uvisse, men samstundes eit dekadent samfunn der det meste (framleis) er tillate, der det er lite som sjokkerer, og der festen er på sitt høgaste. Den engelske cabaretartisten Sally Bowles gjer stor suksess på Kit Kat Club, og hit kjem den amerikanske forfattaren Cliff Bradshaw. Søt musikk oppstår, og med det eit heftig forhold mellom to temmeleg ulike menneske. Samstundes får vi og presentert ei parallell kjærleikshistorie om to menneske i ein litt annan livssituasjon. Og heile tida er bakteppet det etter kvart meir og meir nazistiske Berlin, kontrastert med det frivole og laussloppe livet på Kit Kat. Stykket går føre seg på mange plan, det er symbolmetta, og sjølvsagt fullt av godt kjende songar og spektakulære danseopptrinn.

Opningsscena er som klipt ut av ein James Bond-film der konferansieren (Svein Tindberg) stig ut av ein raud sol eller eit kamerafokus, om du vil. Han ønsker velkommen, og gjennom resten av framsyninga leier han oss med stor autoritet og sikker hand gjennom både det som skjer i klubben og på teaterscena. Dette er eit metagrep som også ligg i originalen, men som Glans og Homlung har dyrka vidare i fullt mon. Nettopp ved at konferansieren også blir framsyningas eigen konferansier, kan han både kommentere, supplere, og ikkje minst gjere dei mange sceneskifta nesten heilt saumlause.

Silje Lundblad kom rett frå teaterskulen til Trøndelag teater i fjor, og Sally Bowles er den første store rolla hennar. Ho imponerer stort både som songar og skodespelar. Ho er den naive songartisten som ikkje forstår at verda rundt også vedgår henne. I samspelet med den langt meir nøkterne Cliff (Ola G. Furuseth) kjem kontrastane tydeleg fram. Han er den einaste som ser kor det ber, men åtvaringane fell på steingrunn. Parallelt med den umogelege kjærleiken til hovudpersonane, finn fräulein Schneider, Cliffs hybelvertinne, og den jødiske fruktselgaren Herr Schultz, kvarandre. To einsame personar i livets haust. Det er ei vakker og trist lita historie i historia, glitrande framført av Helle Ottesen og John Yngvar Fearnley. Kjærleiken kjenner inga aldersgrense! Når Fearnley framfører songen Nygift (Married), er det til å grine av. Når denne framsyninga er blitt så vellukka, og ikkje minst komplett, heng det også saman med ei særs bra sceneløysing. Per Kristian Solbakken har nytta heile formatet på hovudscena, plassert orkesteret på eit flyttbart galleri i bakkant, men elles laga ein relativt minimalistisk scenografi der enkle stålrørskonstruksjonar kan bli både husvære, togkupé og meir til. Den nøkterne rekvisittbruken gir høve til raske og gode sceneskift, og ikkje minst plass til dei mange danseopptrinna. Der Solbakken er diskret i scenografi, tar han det att i kostyme. Særleg gjeld det danseensemblet, særs godt koreografert av Tomas Adrian Glans. Gjennom dans, song, og ikkje minst kostyme, kommenterer og utfyller dei framsyninga. Utmerka hjelp har dei av det berre ni mann store orkesteret som under kyndig leiing av Åsmund Flaten leverer meir enn godt nok musikalsk trøkk. Berlin er kosmopolitisk og opningssongen Willkommen er på fleire språk. Homlung og Glans har vald å halde på det fleirspråklege, og både songar og tekst blir framført på norsk, engelsk og tysk i stor tillit til at folk forstår, og med særs godt resultat. Her som elles spelar dei på kontrastane. Særleg er dette vellukka i framføringa av Tomorrow belongs to me som på tysk (Der morgige Tag ist mein), blir langt meir autentisk. Frå starten nærast som ein nasjonalromantisk parafrase over Heines og Silchers Die Lorelei, utviklar han seg til reine Horst Wessel-songen, og blir slik si eiga motsetning, samstundes som han også står i skarp kontrast både til andre songar og til handlinga elles. Finalegrepet til Homlung og Glans er for meg heilt nytt, og desto sterkare. Ringen blir slutta ved at dei nyttar symbolikken frå opningsscena i nok eit kontrasterande grep. Eg skal ikkje røpe kva som skjer, men den som ikkje blir gripe av denne scena, må vere temmeleg historielaus, for ikkje å seie hjartelaus.
Amund Grimstad.

(Meldinga stod i Klassekampen den 7. april 2008)

Trivialitetanes teater

onsdag, april 2nd, 2008

TEATER

No Dice
Av og med: Nature Theater of Oklahoma
Idé og regi: Pavol Liska og Kelly Copper
Med: Anne Gridley, Robert M. Johanson, Zachary Oberzan, Thomas Hummel og Kristin Worrall.
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet: No Dice er ei framsyning som handlar om det som det handlar om! Foto: Nature Theater of Oklahoma
 
Sjeldan har absurd teater vore meir realistisk enn dette.

I desse dagar blir Norge gjesta av ei teatergruppe ganske utanom det vanlege, men ikkje mindre sjåverdig. Nature Theater of Oklahoma, eit særs spennande teaterkompani frå New York, er ute på Europaturne med framsyninga No Dice, og for den som er glad i teater og har sett ein del, er dette ei verkeleg perle. Framsyninga blei vist på Avant Garden i Trondheim i helga, og i dagane som kjem står Black Box i Oslo og Teatergarasjen i Bergen for tur.

Oppsettinga tar opp i seg formspråk og referansar frå heile teaterverda, men er samstundes meir amerikansk enn eplepai. Pedagogisk nok har difor kompaniet utstyrt oss med eit tresiders referanseskriv der dei minst amerikanske av oss kan få ei viss innføring på førehand. Dinner theater er til dømes eit ukjent omgrep i norsk teater, men var ei populær teaterform i statane for ein del år sia. Saman med ei ofte amatørprega framsyning, fekk ein servert eit måltid. I denne tradisjonen startar det heile ved at regissørane sjølve serverer Dr.Pepper eller Diet Coke og smørbrød med ham and cheese- eller peanut butter. Med det er stemninga sett, og etter kvart tar framsyninga til. Ho er basert på meir enn hundre timars opptak av private telefonsamtalar, og handlar om alt og inkje. Aktørane er storytellers og vil så gjerne fortelle ei historie, men innhaldet uteblir. Eller kanskje ikkje? -Kva handlar det om? spør dei sjølve tidleg i framsyninga. Og frå å svare at dei ikkje har peiling, blir svaret gradvis endra til at dette er ei historie om det som det handlar om! Og det er ganske korrekt, for dette er så absurd som vår vanlege smalltalk og kvardag i røynda er. Det er trivialitetane opphøgd til teaterkunst, og kvardagen vår spegla for oss i all si meiningsløyse. Det er observant og særs intelligent.

Forfattarane har tydeleg god kunnskap om teater, film og litteratur, og boltrar seg i referansar og metaforar frå ulike sjangrar og med slektskap til det meste innafor film- og teaterverda. Sjølv fann eg parallellar både til Ionescos Den skalla sangerinna, og David Byrnes åttitalsfilm True Stories. Aktørane snakkar eit litt gebrokkent engelsk som for å framandgjere eller gi distanse, men det er utanpå, for dette er veldig amerikansk. Eit speilbilde av amerikansk kvardagsliv og konversasjon, men likevel langt frå framandt for det overflatiske livet vi sjølve lev. -Det er godt å snakke med deg, seier ein etter å ha gjennomført ei innhaldslaus samtale. Og slik er det! I form er framsyninga eit slags episk teater fullt av små tablå utan påfallande samanheng, start eller slutt. Tablåa er fragmentariske, men likevel står produksjonen fram som uvanleg heilskapleg. Eit paradoks, kanskje, men slik er vel både røyndomen og liva våre, – ein fragmentarisk heilskap. Regigrepet er særs spesielt. Dette er marionetteteater på høgt nivå. Det rikhaldige tekstmaterialet blir sett saman på ulikt vis frå framsyning til framsyning. Alle aktørane har øyretelefon der dei mottar teksten for så å måtte gi den sitt eige innhald og uttrykk der og då. Det gjer dei medan dei også lagar eit slags mimeteater som eit døvespråk ingen førebels kan, men som vi etter kvart tar til å kjenne att, – om ikkje forstå.

Framføringa er ein prestasjon i seg sjølv. Presentasjonsforma er særs krevjande, oppsettinga er tekstrik, og ho varar i nesten fire timar! I tillegg blir ho toppa av nokre velkoreograferte dansenummer som er hysterisk morosame, men også fysisk krevjande. Dialog og spel er litt naivistisk, pompøst og sjølvhøgtideleg, som eit middels amatørteater, og i denne framføringsforma ligg mye av humoren som også er eit viktig element. Han er særs lågmælt og ytrar seg ved uttrykk som blir vridd og vrengt på, små diskrete gags, eit vell av absurditetar og masse undertekst.

Oppsettinga er på eit vis ei metaframsyning av ei metaframsyning, ein produksjon som bit seg i halen og handlar om seg sjølv. No Dice er både underhaldning og sivilisasjonskritikk, det er ein leik med metaforar og referansar, det er absurd teater på sitt beste, og eigentleg har eg vel aldri opplevd det absurde så realistisk!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 31. mars 2008)

Berre underhaldning?

tirsdag, april 1st, 2008

TEATER
Kasimir & Karoline
Av Ödön von Horváth
Omsett av Øyvind Berg
Regi og bearbeiding: Catrine Telle
Scenografi og kostyme: Ingvild Rømo Grande
Med: Hermann Sabado, Marte Stolp, Cici Henriksen, Kristofer Hivju, Øyvind Brandtzæg m. fl.
Trøndelag teater, Studioscena
Bildet: Karaoke. Til akkompagnement av eit polsk danseband får Kasimir (Hermann Sabado) sunge ut seg sjølv. Foto:GT Nergård
 
Mange bekkar små gjer ikkje alltid ei stor å.

Den ungarsk-austerrikske forfattaren Ödön von Horváth (1901-38) rakk å skrive heile 17 skodespel før han døydde i fransk eksil i alt for ung alder. Det meste skreiv han frå Tyskland og Austerrike, og han var blant dei som tidleg åtvara mot den framveksande nazismen. Stykka hans blei forbode i Tyskland, og i stor grad var produksjonen hans lenge gløymt til han blei gjenoppdaga på sekstitalet, og nå blir han spela mye i Tyskland. Kasimir & Karoline frå 1932 er ein komedie som korkje er blant dei mest politiske eller mest spela av stykka hans, og Trøndelag teaters oppsetting er, så vidt eg veit, norgespremiere.

Vi er i München på oktoberfest, det er tivoli og alle er i feststemning. Men ikkje vår mann, Kasimir, som mista jobben sin dagen før. Han vil helst gå heim, medan kjærasten, Karoline, vil ha med seg det som er artig. Ein krangel fører dei kvar sin veg, og i løpet av kvelden møter dei to utfordringar og nederlag i ei uskjønn foreining før dei treff kvarandre att til det som kanskje kan bli ei forsoning. Den ytre handlinga er med andre ord kjent stoff for dei fleste. Menneskelege relasjonar er ikkje lette å handtere, og spesielt ikkje kjærleiken. Samstundes er vi i det førnazistiske Tyskland, eit klassedelt, men dekadent samfunn, på stupet av eitt eller anna der ein er i ferd med å gå til helevete på første klasse. Ein småborgarleg, idyllisk fasade som dekker over atskillig sprengstoff. Eg kjenner ikkje von Horváths tekst, men har meir enn ei mistanke om at i denne produksjonen har regissør Catrine Telle leika seg nokså fritt på bakgrunn av før nemnde tematikk. Vel er vi kanskje i München i 1932 der ein zeppelinar er det store trekkplasteret, men resten må vere ei ganske fri attdikting, for her er speilreflekskamera, karaoke, polsk danseband og Abba! Vi er med andre ord fristilt frå tid og rom. Slike grep gjer vanlegvis tematikken tydelegare, men i dette tilfellet blir det meir absurd og morosamt enn eigentleg forståeleg.

I Catrine Telles tapping er Kasimir & Karoline blitt ein burlesk og frodig folkekomedie spela i ganske store bokstavar. Karakterane er meir enn tydelege, og tidvis overspela. Det fungerer for så vidt godt sjølv om einskilde av personane, og særleg den ekstremt forhutla skreddaren Schürzinger (Øyvind Brandtzæg), blir så karikerte at dei blir vanskelege å tru heilt på. Hovudpersonen Kasimir, derimot, er den einaste heilt truverdige (og kanskje verdige?) personen i dette galleriet. I Hermann Sabados nydelege, diskrete og lågmælte tolking, er det lett å få sympati for han. Om dei andre, kan ein seie med Strindberg, at det er synd om människan. I Ingvild Rømo Grandes særs vellukka scenografi, og ved hjelp av Anders Schilles gode lyddesign, blir vi tatt inn i ein fuktig og heftig kveld på tivoli, ein stad klassemotsetnadene er oppheva – inntil vidare – og der lukka er kortvarig. Eit polsk danseband, glitrande framstilt og parodiert av Hans Petter Nilsen og Mads Bones dreg opp både allsong og karaoke, og den eine etter den andre lar seg freiste framfor mikrofonen. Songane er eit knippe Abba-låtar som tekstmessig syner seg å vere reine blinkskota for å beskrive dei ulike personane. Det svingar, og det er stor stemning. Vi får presentert den eine scena betre enn den andre, det er artig og underhaldande. Men så sit ein der og lurer på kva det eigentleg er Telle og teatret vil seie oss. I den grad dette skal vere meir enn rein underhaldning, og det har eg ei mistanke om at det skal vere, så er det vanskeleg å få auge på det. Finalen gir for så vidt svaret, men med ein så overtydeleg metafor at ein nesten blir litt skuffa over å få ein ferdigtogge konklusjon på noko som elles ikkje er heilt til å bli klok på.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen 1. april 2008)