Archive for desember, 2013

Nådelaus demaskering

søndag, desember 22nd, 2013

TEATER

Ingjerd Egeberg som Blanche. FOTO: KETIL BORN

Tennessee Williams: EN SPORVOGN TIL BEGJÆR
Regi: Terje Skonseng Naudeer
Scenografi og kostyme: Tormod Lindgren
Nordland Teater, Brønnøysund Samfunnshus 22. oktober 2013

Ei oppsetting der vi kjem så tett på at ubehaget blir nesten påtrengande. Og det var også meininga.

Tennessee Williams’ Pullitzerprisvinnande drama frå 1947, «En sporvogn til Begjær» har, i tillegg til å bli udøydeleggjort med ikoniske Marlon Brando og Vivien Leigh på lerretet,  gjennom 65 år blitt sett opp på dei fleste scener verda rundt. Så skulle ein tru at Terje Skonseng Naudeer ville gjere ein 2013-produksjon litt annleis, gje han eit strok av vår tid, eller på anna vis freiste å modernisere det heile. Men Naudeer har vore tru mot det meste i manus utan forstyrrande påhitt, og har i staden synt at teksten til Tennessee Williams står på eigne bein, og er like moderne og aktuell i dag som for to mannsaldrar sidan. Det har Naudeer gjort med eit tett og  velregissert salongdrama der vi på nesten ubehageleg vis blir dratt heilt inn i familien Kowalskis aller innarste gemakkar. Og her finst definitivt ingen heltar, men berre menneske det i høgste grad er «synd om».

I programmet skriv Naudeer at han vil freiste å skape ei tett og klaustrofobisk verd, dra publikum inn i dette rommet, låse døra, kaste nøklane og la aktørane kjempe for livet. Langt på veg lukkast han. Klaustrofobisk er kanskje ikkje rette ordet, men gjennom den tilsynelatande enkle scenografien til Tormod Lindgren blir vi nådelaust dregne rett inn i ein trong og intens intimsfære der jamvel toalettbesøka er integrert del av spelet. Vi kjem så tett på at ubehaget blir nesten påtrengande. Og det er openbert meininga.

«En sporvogn til Begjær» handlar om klassereiser, livsløgner, kjønnskamp og mye meir. Og kanskje først og fremst om kva som er sanning, eller den verkelege røynda. Systrene Dubois har gått kvar sine vegar i livet, og gjort ganske ulike val. Når Blanche (Ingjerd Egeberg) etter lang tid oppsøker systera Stella (Yngvild Støen Grotmol) som er gravid og gift med Stanley, ein enkel mann som syner seg å vere ganske valdeleg (Rune Storsæther Løding), er det to heilt ulike røyndomar som møtest. Trur vi. Det er gamalt fransk aristokrati mot polsk-amerikansk arbeidarklasse. Kunnskap og kultur mot fyll og mishandling. Men mye er overflate, og det meste er berre tilsynelatande. Dette spelet på motsetnadar og kontrastar har Naudeer greidd å ta vare på og formidle særs godt, og han syner oss at heile persongalleriet er ganske samansette personar, like mangefasetterte som dei fleste av oss. Og nettopp på dette viset ålmenngjer han det heile. Om aktørane er aldri så outrerte, er det alltid meir enn nok å kjenne seg att i.

Blanche feiar inn i familien Kowalski, og som ein Ibsensk Gregers Werle ser ho ut til å søke den absolutte og utilslørte sanninga, berre for å oppdage at svogeren Stanley er ein alen av same stykket. Og som hos Ibsen, syner Tennessee Williams oss korleis det går når sanningskravet blir omsynslaust og absolutt. Dei fell båe for eige grep. Ingjerd Egeberg gjer ei fantastisk rolletolking, og framsyninga er i røynda først og fremst hennar diskret og gradvise demaskering av Blanche frå den kunnskapsrike overklassedama til si rake motsetning. Det er gjort med verkeleg fingertippkjensle der ho kler av Blanche lag for lag, nesten umerkeleg fram til ho står nake og sårbar attende til doms for oss alle. Og når den bråkjekke og påståelege fasaden er borte, når alle løgnene er avkledd, så gir ho oss paradoksalt nok eit menneske å føle for.

«Tryin’ to get to heaven before they close the door» syng Bob Dylan i pausen, men på scena går det stort sett motsett veg for alle. Terje Skonseng Naudeer har gitt oss ei reise i menneskeleg forfall, presentert eit ensemble som kjempar for livet, men som er langt frå å lukkast. Det er vondt, det er trist, og nettopp difor er det godt teater.

(Meldinga stod i Norsk Shakespeare- og teatertidsskrift nr. 3/4-2013)