Sjå på meg, eg kan fly!
MUSIKAL «Kråkeslottet»Musikalfabrikken, Olavshallen, TrondheimAv: Gunnar Hauk GjengsetKomponist: Ingrid KindemRegi: Kari Wist HolmenMusikalsk ansvarleg: Hannah Kosberg LarsenKoreografi: Henrikke Sølvberg BorgersenMed: 169 barn frå Musikalfabrikken Ny norsk dramatikk for barn i ei oppføring som var eit halsbrekkande stykke teater. Barns rettar og oppvekstvilkår har lenge vore på dagsorden. Men framleis blir fleire millionar jenter gifta bort kvart år, og barnearbeid er langt frå avskaffa. Her heime veks alt for mange barn opp med omsorgssvikt og overgrep. Og sjølv blant den generasjonen som…