Draumen om det urealistiske

TEATER

DRØYMEVESENET: Ti personar som med ulike plastgevant, smeltar saman til eit stort, buktande og opplevingsrikt vesen. FOTO: ATLE AURAN

«Utopia – et drømspel fra Saupstad»
Saupstad Senter, Trondheim
Av: Drømmefakultetet/Maja Roel
Tekst: Toril Solvang, Ibrahim Fazlic, Henrik Hoff Vaagen og Maja Roel
Regi, koreografi: Maja Roel med bistand av Ibrahim Fazlic
Ytterlegare bistand: Toril Solvang og Kristoffer Spender
Komponist: Julian Skar
Scenografi og kostyme: Mari Hesjedal basert på konsept av Fredrik Floen, Ingeborg Staxrud Olerud og Lærke Bang Barfod.
Lysdesign: Erik Brenne Torsethaugen basert på konsept av Ingeborg Staxrud Olerud.
Med: Maja Roel, Ibrahim Fazlic, Henrik Hoff Vaagen, Nina Wollny og Berit Rusten, i tillegg til dei lokale ungdomane Isra Albader, Victor Jowele, Ariana Simone Malm, Lajwa Mwise og Emma Victoria Rye-Hytten

Om menneska hadde slutte å drøyme, ville det meste raskt ha stagnert.

Ordet «utopia» blei skapt av briten Thomas More då han for fem hundre år sia skreiv boka med same namn. Nemninga var eit ordspel konstruert av to greske ord som tydde høvesvis ingenstad og ein god stad, og er opphaveleg ei forteljing om eit samfunn langt meir ideelt enn det engelske på 1500-talet. Til alle tider har menneska drøymd om noko anna og betre, og utan desse draumane hadde nok mange framsteg aldri sett dagens lys. Seinare er ordet utopia, og særleg av makta, nytta som ei nemning på det umogelege nettopp for å halde folk nede og sørgje for at alt blir som det alltid har vore. Men menneska gir seg ikkje, og om ein vil få til noko, er det ofte lurt å setje seg litt urealistiske mål. Det er også mi personlege erfaring, men det skal eg kome attende til.

Eg vil tru at det er med nokre av desse tankane i bakhovudet at Maja Roel og Drømmefakultetet har laga den høgst stadspesifikke framsyninga, eller opplevinga om du vil, som ho kallar nettopp «Utopia» med undertittelen «Et drømspel fra Saupstad». Produksjonen blei først framført på Tøyen i Oslo i 2021, og er sia vist i ei mindre utgåve for barnehagar. I helga var det ny oppsetjing på Saupstad i Trondheim før framsyninga skal visast i Bodø på seinsommaren i samband med at byen er europeisk kulturhovudstad.

For dei som ikkje veit det, er Saupstad ein forstad til Trondheim, ei mil sør for sentrum, og bygd ut for rundt femti år sia. Bustadhusa er ei variert blanding av blokker og rekkehus med mykje grønt rundt, og er relativt populære. Men senteret, med bibliotek, idrettshall, skule og eit butikksenter er ikkje mykje å sjå til, ei megatrist blanding av brutalisme og vulgærfunksjonalisme. I eit slikt miljø vil draumen om noko betre ha uvanleg gode vekstvilkår. Det kan eg sjølv skrive under på, for i 2016 låg eg ein fjorten dagars tid på Søbstad helsehus i det same bygningskomplekset. Eg var der for å kome meg etter ein sykkelulykke og ein omfattande operasjon, men det var som å kome til Aust-Europa på 60-talet, og for meg fungerte det mobiliserande på både helsa mi og draumane om å bli betre. For her måtte eg berre ta meg saman for å kome meg vekk fortast råd. Det er i slike situasjonar ein set seg urealistiske mål, og når dei! I desse triste omgjevnadane, med eit delvis tomt og nesten skrømtaktig senter, og med eit stort hol som næraste nabo, tek framsyninga til. Vi er eit trettitals personar som står ute i ingenstad (var det ikkje det ordet Utopia kom frå?). Vi har fått raude visir som gir omgjevnadane eit litt anna ljos, og kanskje eit meir farga perspektiv? Så kjem ein person i fargerike plastgevant og tar til å fortelje om kva vi opplever før tre andre guidar i tilsvarande kostyme tek med seg kvar si gruppe på ei lita byvandring på plassen. Ganske fritt etter minnet, og langt frå heilt etterretteleg fortel dei om bydelens historie frå havet sokk og fram til i dag.

Så blir vi tekne med inn i senterets nedlagde gjenbruksbutikk som nå er innreidd med resepsjon og ulike rom for drøymefakultetet og «draumologane» som held til der. Vi blir målte, får kvite badekåper og geleida gjennom ulike rom til eit større rom med ein stol for kvar, nokre av dei høge som ein pidestall. Og under desse skal vi leggje oss, slappe av og late tankane, – og draumane – strøyme fritt. Etter denne noko kontemplative delen, får vi sette oss i stolane. Så kjem aktørane, alle kledde i plast. Med synkroniserte rørsler, og smelta saman som eit stort vesen, nærast som lekamleggjeringa av Rudolf Koppitz’ ikoniske fotografi «Etude de mouvement» frå 1926, buktar dei seg gjennom rommet. Slik blir plast og det ein til vanleg tenker på som søppel opphøgd til noko vakkert og ei estetisk nyting medan dette «dyret» dansar seg fram mellom oss. Utan at det eigentleg skjer så mykje, anna enn stadig parafrasering av «Det er synd på menneska», August Strindbergs mest vidgjetne sitat frå nettopp «Et drømspel», og med gjentakande påminning om at vi er tusen år og nyfødt, blir vi førte inn i, – ikkje hypnose, men likevel noko i nærleiken av ein drøymetilstand. Det er opplevingsrikt, og det gjer godt.

Framsyninga er ikkje spesielt interaktiv, men etter applausen blir vi tekne med på «tumling» der både vi og aktørane sit tett som det tidlegare nemnde «dyret» og finn ein slags litt buldrande grunntone. Etter ein dryg times tid er det heile over, men det er det slett ikkje, for på dette fakultetet er det mange avdelingar, og i vi kan fritt vandre rundt, få innføring, rettleiing og nye opplevingar i nok ein time.

Eg kjenner at nokre av lesarane nå vil spørje om eg har vore på healingseminar og lese i tarotkort. Men dette er ikkje new age eller okkulte seansar, men tvert om ei utforsking av ein grunnleggjande og god eigenskap hjå mennesket. Evna til å drøyme, ønske seg noko betre, eit anna liv, og å setje seg store, umogelege og heilt urealistiske mål, – for så å nå dei.

Leave a Reply