Å vere ung er framleis for jævleg, men ikkje berre det.

TEATER

SØPPEL SOM METAFOR: I ungdomen er det fort å føle seg ganske mindreverdig og utanfor. FOTO: KULTURSENTERET ISAK

«Hvorfor meg?»
Gnist Teater, Kultursenteret ISAK
Utvikla av ensemblet under kunstnarleg leiing av Christina Rørvik Søhol og Erik Jimenez Hauge
Lyddesign og komposisjon: Erik Jimenez Hauge
Med: Sverre Haugland, Markus Rydningen Munkeby, Adelen Khalil Wicken, Kristine Sølvberg Hagen, Miriam Wallum Skajaa, Ronja Margrethe Henriksen, Sigrid Melkild Claussen, Leah Marie Lövenius, Ingrid Mjåset Flikke, Eine Grøtte Fosshaug og Guro Eilertsen Solberg

Ei overraskande god og velspela framsyning av dei som kanskje kjenner stoffet best.

Eg har vore på urpremiere på den første framsyninga til Gnist Teater, ei undergruppe av Teater Zett. Eg må ærleg vedgå at eg hadde aldri høyrt om korkje Gnist eller Zett tidlegare, men om denne opningsframsyninga, «Hvorfor meg?» set standarden for nivået til Gnist Teater, så er det berre å bu seg på meir. Eg blei slått i bakken, og er ennå nærast euforisk over det eg fekk sjå.

Ifølgje programmet er Gnist Teater eit gratis teatertilbod for ungdom mellom 13 og 19 år. Og om eg skal sitere vidare, så er det teater for deg som vil vere kreativ, utforske, prøve og feile, vil skape meiningsfulle historier, teste crazy idear, spreie glede, sprengje grenser, prøve noko anna, skape noko nytt, vil vere modig og som vil gjere alt dette saman med andre som vil det like mykje som deg. Dette var ei lang, svulstig og omfangsrik programerklæring. Men så må eg berre fortelje at den framsyninga eg såg, var hundre prosent i tråd med desse intensjonane. Hundre prosent!

Scena er kultursenteret ISAK i Trondheim, og ho er fylt med søppelposar. Inn kjem tre gutar. «Kåffor mæ, kåffor akkurat mæ?» spør den eine, og dermed lanserer han framsyningas stadig tilbakevendande tema, og nærast eksistensielle spørsmål. Kvifor er det berre eg som er kjip, dum, feit og meir til, medan alle dei andre, ja du veit… Vi er på fyllinga, eller dynga, som er møteplassen for ein ungdomsgjeng, og etter introen med dei tre gutane, entrar også åtte jenter scena. Gjennom ein snau time med intenst og velspela teater introduserer dei oss for ei rekkje tablå med eit utal sider ved det å vere ung. Det er kjønnskonfrontasjonar, litt klein forelsking, store kjensler, mykje aggresjon, sjalusi, utforsking av rusmiddel, det overflatiske og det djupt eksistensielle, og sjølvsagt forholdet til ungdomens nye sutteklut, den allstadnærverande helvetes fucking mobilen. Det er chatting, løynde videoar, deling og you name it. Å vere ung er for jævleg, og det har det alltid vore, men skal ein tru situasjonsrapporten desse ungdomane gir, så er det nå verre enn nokon gong. Og eg trur dei har rett.

KJENSLEVART: Ikkje berre elende, men også vare, fine kjensler. FOTO: KULTURSENTERET ISAK

Men sjølv om det ikkje er lett å vere ung, er framsyninga langt frå ein elenderapport. Tvert om. For her er vennskap og ømme kjensler, og nokre tablå er så vakre at det gjekk eit sukk gjennom salen. Vi har alle vore unge, og dei fleste vil nok kjenne seg att sjølv om detaljane endrar seg frå generasjon til generasjon. Den upersonlege tidstjuven som gjer det lettare å sende sms til sidepersonen enn å snakke til han, blir illustrerande presentert saman med ei særs god og saumlaus veksling mellom ulike andre tablå som utan å bli korkje pedagogiske eller retthaverske omhandlar overraskande mange sider ved dei mest formative åra i menneskelivet. Og når det kjennest som mest brutalt, og orda dei nyttar om og på kvarandre er på det styggaste, må ein hugse at her er det eigentleg barnehagens skjellsord «dumming» som er bytta ut med «hore». For avsendaren heilt innhaldslaust, men for mottakaren framleis ganske sårande.

I botn av denne illustrerande og velspela situasjonsrapporten ligg sjølvsagt ein framifrå idé frå dei kunstnarlege leiarane Christina Rørvik Søhol og Erik Jimenez Hauge. Saman med ensemblet har dei arbeidd fram det som er blitt resultatet, og det gjer sjølvsagt at dette er stoff aktørane kjenner som sitt eige og er trygge og fortrulege med. Men eg var likevel ekstremt overraska over kor godt dei presenterte det. Det er ei tekstrik framsyning med høgt tempo og raske skift, men her er ikkje teikn til snubling. Tvert om. Det var scenisk nærvær, mimikk og spel av imponerande nivå, og eg måtte ta meg i å lure på kor alle desse dyktige ungdomane kom frå. Nokre har eg rett nok sett før i Musikalfabrikken og Teaterlaget i BUL, men dei fleste har minimal erfaring i å stå på ei scene. Det gjer dette ekstra imponerande. Om eg skal få kome med eit lite atterhald, så kunne nok nokre ha jobba meir med diksjon, men det er flisespikkeri i denne samanhengen.

Eg har hatt ei stor teateroppleving, og som lesaren vil forstå, er eg nærast euforisk. Det som er trist med denne produksjonen, er at han berre skal spelast ein gong til, – i morgon, og så er det slutt. Det er ei grov sløsing med ressursar, for denne framsyninga kunne godt ha turnert med den kulturelle skulesekken eller ha blitt sett opp på større scener. All ære til Christina Rørvik Søhol og Erik Jimenez Hauge og dei elleve på scena.

Leave a Reply