Statistane på settet

TEATER

STATISTAR MED DRAUMAR: Charles (Jonas Delerud) har skrive eit klisjéfylt filmmanus, klårt for refusering. Jacob (Alexander Rindestu) er litt meir realitetsorientert, men blir lenge blenda av filmstjerna på settet. FOTO: KNUT ÅSERUD

«Stein i lomma»
Hålogaland Teater, Scene øst
Av: Marie Jones
Omsett av Ragnar Olsen
Regi og scenografi: Ketil Høegh
Lysdesign: Øystein Heitmann
Med: Alexander Rindestu og Jonas Delerud

Ein komedie med alvorlege og tragiske undertonar, men som ikkje heilt greier å bestemme seg for kva han skal vere.

Den nord-irske dramatikaren Marie Jones skreiv i 1998 framsyninga «Stones in His Pockets», opphaveleg framført som pubteater, men ganske raskt erobra stykket scener over heile verda. Her heime har det vore i alt åtte produksjonar sia norgespremieren på Torshovteatret i 2001. Året etter sette Hålogaland Teater det opp som «Stein i lomma» i omsetjing av Ragnar Olsen, og med Ketil Høegh og Kristian Figenschow jr. i dei mange rollene. Det blei visstnok ein kjempesuksess. No set teateret stykket opp på nytt med Ketil Høegh som regissør.

Vi er på ein liten plass i Nord-Norge der eit filmteam beståande av søringar og det som verre er skal spele inn eit drama om kjærleiken mellom ein gjeldstynga yngling og væreigarens dotter. For å skape den naudsynte eksotiske autentisiteten, i tillegg til naturen som naturleg scenografi, blir store delar av befolkninga på øya hyra inn som statistar. Vi møter to av dei, Jacob (Alexander Rindestu) og Charles (Jonas Delerud). Dei to spelar i tillegg ei mengd andre roller, som andre statistar, lokalbefolkning, filmcrewet, produsent, regissør og ikkje minst ein fetert diva.

Som vanleg set slike innspelingar lokalsamfunnet på hovudet. Våre to venner er båe wannabes med draumar om sjølve å spele eller lage film, og med Abid Rajas nasegruse lefling for Tom Cruise i bakhovudet, er det ikkje vanskeleg å kjenne seg att i den provinsielle haldninga vi blir vitne til. Men det er i starten, for gradvis endrar situasjonen seg, ein oversett lokal ungguts tragiske sjølvmord blir eit vendepunkt, og det endar i alt anna enn provinsialisme. Innhaldsmessig er dette på overflata ein komedie om manglande sjølvkjensle, arrogant hovmod og påtatt medkjensle. Men i botn ligg også ei djupt tragisk historie, og ein politisk kritikk av storsamfunnets ressurs- og distriktshandtering.

Ragnar Olsen har tilarbeidd teksten til eit munnleg og særs fargerikt nordnorsk. Humor og språklege blomar sit laust, teksten er ganske god, og dei to på scena går forbausande saumlaust mellom dei nitten (trur eg) ulike rollene. Det er ei ekstremt tekstrik framsyning utan annan rekvisitt enn ein scenekasse, men Rindestu og Delerud er fortrulege med og trygge i dei mange ulike rollene. Likevel er det eitt eller anna som ikkje stemmer. Alle søringane, og den eine utlendingen er i overkant karikerte, men det er faktisk også dei lokale, så det får vi skrive på kontoen for å halde rollefigurane frå kvarandre. Verre er det at responsen frå salen er nesten fråverande. Det er ingen gapskratt, berre litt humring. Det tek seg noko opp etter pause når skodespelarane nyttar salen som om vi og var statistar, men i hovudsak blir avstanden, både fysisk og i overført tyding, for stor. Men det største problemet trur eg ligg i regivalet til Ketil Høegh. Denne historia er mangefasettert, og ein distriktspolitisk tragikomedie. Men regivalet greier ikkje å femne alle desse sidene og sameine dei. Slik blir denne framsyninga, trass i eminent spel frå dei to på scena, korkje heilt komedie, tragedie eller den kombinasjonen mellom dei to som truleg var meininga.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 4. juni 2024)

Leave a Reply