Evolusjon i revers

TEATER

PÅ GRAVHAUGEN: Dodoen og neandertalaren i samtale medan dei leitar desperat etter brukbare kroppsdelar. FOTO: RICHARD TERMINE

«Dead as a Dodo»
Frysa, Stamsund Teaterfestival
Av: Wakka Wakka (Gwendolyn Warnock og Kirjan Waage)
Regi, scenografi og kostyme: Gwendolyn Warnock og Kirjan Waage
Figurdesign, dokkemakar: Kirjan Waage
Originalmusikk og lyddesign: Thor Gunnar Thorvaldsson
Projeksjonsdesign: Erato Tzavara
Lysdesign: Daphne Agosin
Med: Lei-Lei Bavoil, Alexandra Bråss, Andy Manjuck, Hanna Margrete Muir, Sigurd Rosenberg, Marie Skogvang Stork, Anna Soland og Kirjan Waage.

Med «Dead as a Dodo» set Wakka Wakka eit meir enn verdig punktum for figurteatertrilogien «Animalia».

Det norsk-amerikanske figurteaterkompaniet Wakka Wakka har laga ein underhaldande, overraskande og humoristisk dystopi om ei fjern framtid når menneska har greidd å utslette alt liv. Det er blitt til trilogien «Animalia» der «Animal R.I.O.T» (2019) og «The Immortal Jellyfish Girl» (2021) er dei to første. I år set dei punktum med «Dead as a Dodo» som hadde verdspremiere i Chicago i januar, og norgespremiere under teaterfestivalen i Stamsund førre veke. I desse dagar er det Go Figure-festival i Oslo, og der blir heile trilogien vist. Men dei tre framsyningane kan godt sjåast uavhengig av kvarandre.

I «Dead as a Dodo» er vi mange år fram i tid, og alt liv er for lengst utsletta. Bein og andre restar er i ferd med å forvitre og forsvinne, og på ein gravhaug held dei ufullstendige skjeletta etter ein neandertalar og ein dodo på med desperat graving for kanskje å finne restar dei kan nytte for om mogeleg å stå opp att. Neandertalarane døydde ut for 28 000 år sia, medan dodoen er mykje ferskare. Ein dodo, eller dronte som er den vanlege norske nemninga, er ein myteomspunne fugl av duefamilien. Den var ikkje flygedyktig, litt uformeleg, og levde berre i området rundt Mauritius i Indiahavet. Det siste levande eksemplaret blei observert på 1660-talet. Ein liten funfact som set denne produksjonen i relieff, er at rike amerikanarar nyleg har donert eit par hundre millionar dollar for ved hjelp av DNA-restar å gjenopplive dronten, noko som har ført til store etiske diskusjonar blant zoologar og paleontologar.

Men attende til gravhaugen, neandertalaren og dronten. Medan dei held på, skjer det med eitt underlege ting når det gror fram eit nytt bein på dronten, og etter kvart også fjør og kjøt på beina. Kva skjer? Er det evolusjonen som er sett i revers? Rundt dette store temaet har Wakka Wakka laga ei figurteateroppsetjing som både er ei audiovisuell oppleving og samstundes særs underhaldande og med mykje overraskande humor midt oppi det dystopiske. Og i botn ligg store eksistensielle spørsmål om livet, døden og kva som skal vere levedyktig og ikkje.

Scena er eit stort mørkt rom med draperi som effektivt blir nytta til å vise illustrerande projeksjonar. Svartkledde dokkeførarar går i eitt med bakgrunnen, og utsøkt lyssetjing som gjer alt nærast blinkande, forsterkar forsvinninga. Fram trer kontrastane, dei to kvite skjeletta, og ulike fargerike skapnadar som dukkar opp etter kvart. Det er mellom anna ein stor fisk, ein rev som var med i tidlegare produksjon, og ikkje minst ein diger mammut, så synkront og presist framført at ein skulle tru det var eit levande dyr. Historia er ikkje alltid like enkel å følgje, men det spelar inga rolle, for her er det den sanselege opplevinga som er det viktigaste. Wakka Wakka er perfeksjonistar og leverer figurteater på aller høgste nivå. Den synkrone og imponerande dokkeføringa gir liv til dokkene, musikk og lydbilde er godt integrert, og stundom er det nesten meir ballett enn dokkeføring vi blir vitne til. Overraskingar og humor er det også mykje av, men i botn ligg heile tida dei store eksistensielle spørsmåla om liv og død.

Framsyninga blir vist på Trikkestallen i Oslo under Go Figure-festivalen den 8. og 9. juni.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 3. juni 2024.)

Leave a Reply