TEATER
«Måsen»
Hålogaland Teater, Scene Vest
Av: Anton Tsjekhov
Omsett av Kjell Helgheim
Til nordnorsk språkdrakt av Ragnar Olsen
Regi: Hanne Tømta
Scenografi og kostyme: Nora Furuholmen
Musikalsk leiar: Simon Revholt
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Med: Kristine Henriksen, Iver Innset, Kristian Fr. Figenschow, Ingrid Mikalsen Deinboll, Jonas Delerud, Jørn-Bjørn Fuller-Gee, Trude Ølnes, Hanne Mathisen Haga, Ketil Høegh og Espen Mauno.
Ei både tydeleg og vakker skildring av menneske som slit med å finne ut av livet.
Dreiescena går rundt og rundt på Hålogaland Teaters hovudscene, men kjem ingen stader. Slik er det også med menneska i Anton Tsjekhovs «Måsen», ei framsyning som i Hanne Tømtas regi er blitt ei tidlaus, vakker og særs tydeleg tolking. Utgangspunktet er det før-revolusjonære Russland der aristokratiet kjeda livet av seg medan dei uvitande venta på sin eigen undergang. Vi er på den russiske landsbygda, på godset til den barnlause pensjonisten Sorin (Kristian Fr. Figenschow). Der er også syster hans, Irina (Kristine Henriksen), ein vidgjeten skodespelar og ein dramaqueen av dimensjonar. Ho fordriv keisemda med forfattaren Trigorin (Jonas Delerud). Frå tidlegare har ho sonen Konstantin (Iver Innset), ei sart kunstnarsjel som vil fornye teateret, og som så gjerne vil bli sett og verdsett av mora. Konstantin er djupt forelska i nabojenta Nina (Ingrid Mikalsen Deinboll), også ei kunstnarsjel med ein draum om å bli skodespelar, men som etter kvart blir besett, og øydelagd av den langt eldre Trigorin.
I denne forteljinga med i alt ti personar er det slik at dei fleste elskar ein av dei andre, men aldri den som gjengjeld kjenslene. Her er difor opplegg til eit utal trekantar og intrigar, og det vil føre alt for langt å repetere dei alle. Viktigare er det at i Hanne Tømtas regi blir alle tydelege, lette å forstå og til å kome under huda på. Det åleine er godt gjort.
Anton Tsjekhovs drama er som oftast ikkje ei forteljing, men meir ei skildring av ein situasjon og ulike personlege lagnadar. Men i «Måken», som i Ragnar Olsens nordnorske språkdrakt er blitt til «Måsen», er det faktisk ei handling og ein dramaturgi som byggjer seg opp til ein brutal og tragisk finale. Tsjekhov sjølv kalla det likevel ein komedie. Sikkert er det i alle fall at Hanne Tømtas versjon er ei fornøyelege og sorgmunter tolking der låtten sit laust jamvel om det stadig dreg seg til.
Handlinga tar til med at Konstantin har skrive eit drama, ein monolog som Nina skal framføre i hagen på godset. Det blir ein total fiasko, mykje grunna Irinas fullstendige fråvær av interesse for andre enn seg sjølv. Og det er ho ikkje åleine om, for desse menneska er kanskje forelska, og har nok også eit ønske om å bli elska, men kan dei elske andre enn seg sjølve? Det går som sagt rundt og rundt, det skjer lite eller inkje, og i mellomtida rullar Tsjekhov ut fantastiske person- og situasjonsskildringar som ein kommentar til livet.
Hanne Tømta har tidlegare sett opp tre av Tsjekhovs fire mest spela drama, og hausta stor fagnad for det. For berre fire år sia sette ho opp «Måken» på Torshovteatret med mykje av det same kunstnarlege teamet. Det var ei oppsetjing som ikkje heilt greidde å røre meg. Men framsyninga hennar i Tromsø har eit heilt anna regigrep og uttrykk. Nora Furuholmen har nytta heile det store scenerommet til å lage ein uvanleg vakker scenografi, ein godshage i 1. akt og ei finstue etter pause. Kostyma hennar er relativt tidlause, og jamvel om dette i utgangspunktet er det før-revolusjonære Russland, kan det likevel vere når og kor som helst der menneska lever livet som i eit hamsterhjul. Lyssettinga til Øyvind Wangensteen er diskret, men utsøkt, og med Simon Revholts musikk, og song frå ensemblet som markerer overgang mellom ulike scener og tablå, blir dette også ei særs vakker framsyning.
Sjølv om Kristine Henriksen stundom eig scena som Irina, det sjølvoppnemnde midtpunktet, har Hanne Tømta lagt mest vekt på eit solid ensemblespel. Det er eit godt val, og med brei pensel og dyktige aktørar målar ho fram eit typegalleri og eit karaktermangfald som imponerer. Det må likevel vere lov å trekkje fram Ingrid Mikalsen Deinboll i rolla som Nina. Ho er ganske fersk frå teaterhøgskulen, men har årelang fartstid frå teaterets eiga barneteatersatsing, Lille HT. Her viser ho eit overtydande scenisk nærvær, så utsøkt i mimikk og detaljar, også når det ikkje er henne det dreier seg om. Og samspelet hennar med Iver Innset, og ikkje minst med Jonas Delerud i finalen av første akt, var til å bli rørt av.
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 26. september 2023.)