Men kor er mora?

TEATER

KONFRONTASJON: Kva skjer når faren til barnet med eitt møter fem, ja kanskje seksten, ulike versjonar av kven barnets mor kan vere? FOTO: MARIUS FISKUM

«Kjære Albert»
Hålogaland Teater, Scene Øst
Av: Monica Isakstuen
Regi: Egill Pálsson
Scenografi: Erlend Nielsen
Kostyme: Gry Norberg
Lysdesign: Øystein Heitmann
Med: Julia Bache-Wiig, Hege Aga Edelsteen, Ellen Andreassen, Anna Karoline Bjelvin, Kine Eliassen og Alexander Rindestu

Ein intelligent tekst om eitt av våre største tabu, formidla presist, til ettertanke og med ein god porsjon humor.

Fleire generasjonar foreldre og barn har i over femti år gledd seg over bøkene om Albert Åberg, hans fiktive ven Skybert, og den tilbaketrekte og piperøykjande faren. Men i historiene til Gunilla Bergström er det noko som manglar, og som vi stillteiande berre aksepterer. Det er inga mor der. Om vi som lesarar har reflektert over saka, har dei fleste slått seg til ro med at faren må vere enkemann. Ja, slik må det vere, for heilt frå antikkens Medea har det vore eitt av dei største tabua at ei mor sviktar sine barn.

Men kva om mora finst og plutseleg dukkar opp? I ein leiken og humoristisk, men likevel djupt alvorleg parafrase over Albert og farens tosemd, let Monica Isakstuen ulike utgåver av mora dukke opp ein sein nattetime etter at Albert (som her berre heiter «barnet») har sovna, og faren endeleg skal få seg litt kvile .

Scenografien til Erlend Nielsen er eit amfi der publikum sit i vanlege stolar på alle fire sider. Slik kjem vi tett på stua til faren og barnet. Fem runde teppe med ein pendellampe over kvart av dei markerer revir. Det er mørkt, det er natt, faren til barnet (Alexander Rindestu) er trøytt og sigen. Men med eitt kjem mora til barnet (Julia Bache-Wiig), eller «den eine eg kan vere» på uventa besøk. Ho er regnvåt, forhutla, lett nevrotisk, og fortel på overtydande vis at dette har ho lurt på lenge. Kven er ho, kva skjedde, kvifor bur ho ikkje saman med barnet? Så mange spørsmål. Og så utviklar det seg ein spennande og særs velspela dialog mellom henne og faren. Eg skal ikkje røpe så mykje, men her får vi verkeleg presentert Monica Isakstuens blikk for detaljar og trivialitetar. Det er munnleg og høgst truverdig, men ikkje utan overraskande vendingar. Og heile tida med eit skråblikk til historia om Albert Åberg, for også her er faren like uinteressert som i bøkene. Han har meir enn nok med kvardagen og å ta seg av barnet.

Så tek framsyninga ei ny vending når «den andre eg kan vere» (Hege Aga Edelsteen) reiser seg frå publikumsstolen. Då blir konfrontasjonane kraftigare, for ho er eit offer som blei slått. Og etter kvart reiser tre til seg frå stolane og hevdar dei også kan vere ei utgåve av mora, og med si spesielle historie for årsaka til fråværet frå barnet. Og som ikkje det er nok, presenterer dei heile seksten mogelege scenario. Mest intenst blir det når dei fem nærast tar til å konfrontere kvarandre, medan faren blir ein tilskodar som til slutt går.

Monica Isakstuen har skrive mykje om nære relasjonar der ho viser stor innsikt og observasjonsevne. Det gjer ho også i «Kjære Albert», men denne gongen med endå meir humor. Det er ein framifrå tekst der ho stiller eit hav av spørsmål, – frå det store tabuet om ei kvinne som forlèt sine barn til kven som eig historia. Kva har skjedd i den Åbergske heimen? Og ho greier også å dra dette saman til ein overraskande og god finale.

Egill Pálssons regi er tru mot Isakstuens tekst, og sjølv om det absolutt blir spela fysisk, er det likevel den gode dialogen som får vere viktigast. Pálsson har laga eit intenst og intimt kammerspel, nesten utan daudpunkt. Alexander Rindestu er stø som faren, er passe uinteressert, og let seg nesten aldri vippe av pinnen. Dei fem «som eg kan vere» er alle kledde nokolunde likt, men har heilt ulike veremåtar. Dette greier dei å portrettere med utsøkt balanse og innleving, og fremst står Julia Bache-Wiig som syner eit enormt register i tolkinga av «den eine eg kan vere».

«Kjære Albert er ein samproduksjon med Vega Scene, og blir spela i Oslo frå 27. september.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 25. september 2023.)

Leave a Reply