Varmt, vemodig og vakkert

TEATER

SØT MUSIKK: Daniel (Jon Lockert Rohde) er verdsvand, men sosialt usikker, og i møte med Lena (Sunniva Du Mond Nordal ) tar det litt tid før han gir etter for også denne typen musikk FOTO: ERIKA HEBBERT

«Så som i himmelen»
Trøndelag Teater, hovudscena
Av: Kay og Carin Pollak
Musikk: Fredrik Kempe
Omsett av Ragnar Olsen
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Katrin Bombe
Musikalsk leiing: Åsmund Flaten
Koreografi: Magnus Myhr
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Jon Lockert Rohde, Sunniva Du Mond Nordal, Tor Ivar Hagen, Ingrid Bergstrøm, Hallvard Holmen, Iren Reppen mfl.

Ei heilstøypt framsyning, som får formidla så mange ulike lagnadar med innsikt og varme.

Den svenske filmen «Så som i himmelen» tok publikum med storm då han kom i 2003, og i 2018 var det premiere på musikalversjonen i Stockholm. Her heime har alt Oslo Nye og Nordland Teater rukke å setje den opp, og onsdag var det Trøndelag Teater sin tur. Men den som trur teateret berre vil mjølke ein sikker publikumssuksess, tar grundig feil, for oppsetjinga i Trondheim er eit heilstøypt og mangesidig scenisk verk som står fjellstøtt på eigne bein.

I denne versjonen veks vedunderbarnet Daniel Daréus opp i Lysåker, ei avsidesliggjande lita bygd ein stad i Trøndelag. Mobbing gjer at mora tek med seg sonen og flyttar. Han blir etter kvart stjernedirigent i verdsklasse og er fullbooka i åtte år framover. Men han køyrer seg for hardt, 39 år gamal vil ikkje hjartet meir, og han må avslutte karrieren. Så flyttar han heim til Lysåker der ingen lenger kjenner han att. Her vil han lytte og vere i fred, men den vesle bygda vil det annleis, og ganske motviljug seier han etter kvart ja til å dirigere kyrkjekoret. Daniel er eit musikalsk geni, men ein sosial analfabet, grunnleggjande redd, og når han forelskar seg, er det mange fobiar som må overvinnast.

Lysåker er ingen metropol, men kan likevel by på all verdas mennesketypar, og i dette mangslungne menasjeriet får vi rulla opp det meste av ingrediensane frå verdsdramatikken som kjærleik, avundsjuke, vald, misbruk, maktstrukturar, kjønnsroller, religiøse tvangstankar, og alt dette i ein varm, fornøyeleg, vemodig og ikkje minst særs attkjenneleg miks. Og når Trøndelag Teaters versjon blir så vellukka, skuldast det også at regissør Kjersti Haugen nok ein gong syner seg som ein framifrå historieforteljar.

LILLE DANIEL: Anna J. L. Robson FOTO: ERIKA HEBBERT

Saman med scenograf og kostymedesignar Katrin Bombe har ho skapt ei stilsikker og vakker ramme for den gode forteljinga. Scenografien er like enkel som effektiv. Ei opphøgd dreiescene og eit piano, og det solide sju personars orkesteret plassert på høgtsvevande hyller rundt om i scenerommet. Her er knapt rekvisittar, for det er folka i Lysåker og alle dei ulike lagnadane som er det viktige. Alt i opninga får vi ei aning av kva dette blir når den feterte Daniel (Jon Lockert Rohde) ser attende på oppvekst som mobbeoffer og vedunderbarn, og den unge Daniel blir personifisert av den snautt 11 år gamle Anna J.L. Robson som med spel og fiolinsolo sjarmerer publikum trill rundt.

Kjersti Haugen har ikkje vald ei vanleg realistisk tilnærming. Ho stykkar i staden opp handlinga med små vakre, stiliserte brot, ofte nennsamt, detaljrikt og diskré koreografert av Magnus Myhr. Det gjer det heile meir poetisk, og får ofte sagt meir enn handling og dialog. Personinstruksjonen er framifrå, og det er eit stort og strålande opplagt ensemble vi møter der einskildprestasjonane er så gode at eg gjerne skulle nemnt dei alle om det hadde vore plass nok.

ARNE: Tor Ivar Hagen som kjøpmannen Arne er motoren i framsyninga. FOTO: ERIKA HEBBERT

Sentralt er Jon Lockert Rohde som får godt fram den verdsvande, men likevel klossete og sosialt usikre Daniel. Og Sunniva Du Mond Nordal som kjærasten Lena er særs truverdig som den langt enklare, men til gjengjeld livskloke personen med stort sosialt samvit. Båe har dei meir enn tilstrekkeleg stemmeprakt. Det har også Ingrid Bergstrøm, – Gabriella, som lever i eit valdeleg ekteskap, og som i framføringa av Gabriellas song, framsyningas musikalske høgdepunkt, greier å tilføre han så mykje ekstra intensitet og kjensler at vi gløymer at vi har høyrt songen hundrevis av gongar før. Prestefrua Inger er også ein kua person, men på heilt anna vis, og Iren Reppen gir oss ei moden kvinne i nærast desperat lengsel etter den mannen ho eingong gifta seg med. Men den som er motoren i denne framsyninga er Arne, bygdas kjøpmann, og altmogelegmann, levande og mangefasettert, frodig og fargerikt framstilt av Tor Ivar Hagen. Hagen er ein framifrå dansar og musikalartist, men her får han også vist seg som ein utmerka karakterskodespelar. Han er høgt og lågt, flørtar med publikum, og er den som driv framsyninga framover.

Med Åsmund Flaten som kapellmeister, dyktige musikarar og ikkje minst overtydande songlege prestasjonar, syner Trøndelag Teater nok ein gong at dei er ei av landets leiande musikalscener. Og Kjersti Haugens gode forteljargrep gjer at dette ikkje er i nærleiken av den sentimentale tårepersa framsyninga kunne ha blitt.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 2. september 2023.)

Leave a Reply