Såg vi det same?

TEATER

SYNSBEDRAG: To av desse er på skjerm, og den tredje fysisk til stades, men kven? Margareta Stone i blått og Maria Salomaa i skjørt er projiserte, men Ida Ingels i raudt er «ekte». FOTO: ANDREAS BRÄNNLUND

«Tre rom»
Riksteatern, Rosendal Teater
Idé: Andreas Brännlund
Manus og regi: Filip Alexanderson
Scenografi: Marika Feinsilber
Kostyme: Frida Hultqrantz
Lyddesign: Anton Söderberg
Med: Ida Ingels (N), Margareta Stone (S) og Maria Salomaa (SF)

Teknisk briljant, men historia er litt for føreseieleg.

Medan vi drøymer om kva vi skal gjere med livet vårt, oppdagar vi med eitt at det faktisk har passert. Denne erkjenninga kjem til meg når eg ser urpremieren på det svenske kompaniet Riksteaterns oppsetjing «Tre rom» på Rosendal Teater. Urpremieren skjedde samstundes i Jakobstad i Finland, Sundsvall i Sverige og på Rosendal Teater i Trondheim. Ein skodespelar og to tynne screens kvar stad, der dei to skodespelarane som ikkje er til stades hjå oss, blir strøymt live, og det så synkront, saumlaust og perfekt at det var som å ha dei i rommet. Produksjonen er i så måte både imponerande og nyskapande, og det skal ha tatt nærare ti år før teknologien var skikkeleg på plass. Framsyninga heiter symptomatisk nok «Tre rom», og her fekk vi dei i eitt.

Situasjonen kvar av dei tre spelestadane er at den nasjonale skodespelaren, for vårt vedkomande Ida Ingels, er fysisk til stades på scena, medan dei to andre, Margareta Stone i Sverige og Maria Salomaa i Finland blir vist på flortunne og nesten usynlege skjermar. Det tar til ved at dei alle sit som byråkratar med rapportskriving ved kvart sitt skrivebord, der «vår» kvinne, nettopp har tatt til i ein jobb ho hatar og med ein sjef som er langt frå god. Vi får raskt presentert draumen om noko anna, eit musikarliv med feite riff, band på turné, og kanskje det ein kan sjå som verkeleg fridom? Etter kvart som samtalane og interaksjonen mellom dei tre går, forstår vi at dei er same person, men på ulike stadium av livet. Ingels er den unge med livet framfor seg, Salomaa småbarnsmora som sit fast i tidsklemme og pliktar, og Stone den aldrande som bittert må erkjenne at det berre blei som det blei.

Dei tre ulike periodane av eit kvinneliv er særs lette å kjenne att, og det er kvinneperspektivet der frykta for ikkje å strekke til, den øydeleggjande pliktkjensla, dårleg samvit og you name it som pregar kvardagen deira. Medan motsatsen, dei få mennene som vi berre høyrer om, ser ut til å surfe problemlaust gjennom livet. Alt dette er godt tatt vare på. Det er observant gjort, det er tidvis humoristisk, og ein treng ikkje vere kvinne for å kjenne att det dei skildrar. Men er det nok å peike på og beskrive røyndomen? Framsyninga er ein god spegel på draum, forventing, brostne illusjonar og levde liv, men seier ikkje så mykje meir. Og ettersom dette er tema mange har skrive om før, blir ho litt for føreseieleg.

Dei tre skodespelarane står godt til kvarandre, utfyller og kommenterer situasjonane, og trass i at dei alle blir filma og strøymt, beveger dei seg så ledig og fritt at eg stadig gløymer at to av dei berre er projiserte. Det mest spennande ved denne framsyninga er difor det tekniske, og erkjenninga om at dette på same tid er ei og tre framsyningar. Teater er interaktivt, der og då, og sjølv om vi ser dei to i Sverige og Finland, veit vi lite eller inkje om korleis opplevinga i salen er der. Og der eg opplever den unge som hovudpersonen her, ettersom det er ho som er fysisk til stades, kan opplevinga vere at den gamle er hovudpersonen i Sverige. Så kanskje såg vi ikkje same framsyninga likevel?

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 16. september 2023.)

Leave a Reply