Ei multimedial oppleving

TEATER

BAK RYGGEN: Utan at Constanze og Amadeus (i bakgrunnen) veit det, driv Salieri (Kyrre Haugen Sydness) sitt skitne spel. Og han erkjenner det sjølv. FOTO: LARS GUNNAR LIESTØL

«Amadeus»
Kilden teater og konserthus
Av: Peter Shaffer
Omsett av Øyvind Berg
Musikk: Wolfgang Amadeus Mozart
Regi og koreografi: Tomas Adrian Glans
Musikalsk ansvarleg: Simon Revholt
Scenografi og kostyme: Katja Ebbel
Lysdesign: Oscar Udbye
Lyddesign: Simen Hefte Endresen
Med: Kyrre Haugen Sydness, Fredrik Høstaker, Ragnhild Meling Enoksen, Henrik Rafaelsen mfl.

Kanskje ikkje det mest intense og djuptpløyande teater, men ei fantastisk scenisk oppleving.

Kilden Teater og konserthus i Kristiansand er eineståande i norsk samanheng ettersom det er både teater, symfoniorkester og opera i same eining og hus. Det har dei tatt konsekvensen av ved å setje opp Peter Shaffers «Amadeus» som ei multimedial og uvanleg spektakulær framsyning der heile det store kulturhuset får vise kva dei kan. Det er blitt ein omfattande produksjon som få teater- og konserthus kan gjere dei etter.

Antonio Salieri (1750-1825) er ein feira hoffkomponist hjå det keisarlege hoffet i Wien. Så kjem den litt yngre Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791) til byen etter å ho vore barnestjerne og turnert kontinentet på kryss og tvers med foreldra. Mozart er ein infantil spjert med klokkartru på sin eigen genialitet, men som ikkje kan alle dei sosiale kodane. Keisaren er ein musikkelskar og fell for Mozart, men utrygg som han er på eigen smak, lit han på Salieri. Salieri på si side, er den einaste som verkeleg fattar kor god Mozart er. Men truga som han kjenner seg, gjer han alt for å halde ynglingen nede. I alle fall i følgje mytane som i stor grad er skapt av Salieri sjølv.

PRODUKTIV: Mozart (Fredrik Høstaker) var særs produktiv dei ti åra i Wien, både med komposisjonar og barn, men han og Constanze (Ragnhild Meling Enoksen) fikk lite anna enn armod og død som resultat. FOTO: LARS GUNNAR LIESTØL

Framsyninga tar til med dødsleiet til Salieri (Kyrre Haugen Sydness) der han ser attende på eige liv, og gjer opp rekning med seg sjølv. Og i desse tilbakeblikka manar han fram historia frå Mozart (Fredrik Høstaker) buset seg i Wien i 1781, giftar seg med Constanze (Ragnhild Meling Enoksen) året etter, og etter ti vanskelege, men produktive år dør ein alt for tidleg død i 1791. Skal vi tru Salieri sjølv, fekk sjalusien hans store følgjer for Mozarts liv og karriere, men mykje av dette er myte, og Shaffers historie går ut på at Salieri regisserte denne forteljinga sjølv for slik å bli like udødeleg som Mozart.

SYMFONIORKESTER: Lykkeleg er Kilden som har både skodespelarar, dansarar, songarar og eit heilt orkester i stallen. Då kan det bli både mektig og magisk. FOTO: LARS GUNNAR LIESTØL

Normalt blir denne framsyninga sett opp som reint teater med nokre musikalske islett. Men med Kildens uvanlege kapasitet, har dei vald å lage ei storslått framsyning med både operasongarar, symfoniorkester og dansarar. Og som om ikkje det var nok. Kilden spelar ikkje repertoar, og det har ført til at scenografen Katja Ebbel og lysdesignaren Oscar Udbye har fått høve til å lage ein scenerigg som er like komplisert som han er elegant. Kombiner dette med Simon Revholts kyndige musikalske leiing, god regi av Tomas Adrian Glans, framifrå dansarar og songarar, og eit meir enn kompetent orkester, og vi har ei framsyning som er så rik i uttrykk at ho går utanpå det meste av det ein ser på norske scener. For når Salieri eller Mozart fortel om musikken, så får vi ikkje berre illustrerande smakebitar frå orkesteret, men lange pedagogiske passasjar. Det er både lærerikt, og ei musikalsk oppleving. Utfordringa er sjølvsagt at det kan bli lite teater, vel omstendeleg og litt langdrygt, men det var berre heilt mot slutten at dette blei eit problem.

Og sjølv om dette er høge parykkar, flott musikk, illustrerande dans og spektakulære tablå, held regissøren ei fast hand om sjølve forteljinga. Kyrre Haugen Sydness er myndig og tydeleg som Salieri som både innser eigen inkompetanse og forsonar seg med vondskapen sin. Fredrik Høstakers Mozart er ikkje like barnsleg og analhumoristisk som mange tidlegare produksjonar, men gir oss ein sårbar og sosialt naiv person med skylappar for anna enn sin eigen genialitet. Og Ragnhild Meling Enoksen kontrasterer dette godt som den jordnære og langt klokare Constanze som i røynda er den einaste som forstår spelet og Salieris intrigar.

SPEKTAKULÆRT: Scenograf Katja Ebbel og lysdesignar Oscar Udbye manar fram spektakulære rom og situasjonar. FOTO: LARS GUNNAR LIESTØL

«Amadeus» er noko av det mest spektakulære og mangefasetterte eg har opplevd, og den kanskje viktigaste ingrediensen er korkje framifrå musikk eller spel, men scenografi og lysdesign. Utan stort anna enn eit flygel og nokre stolar, greier Katja Ebbel og Oscar Udbye likevel, og det berre med lys og draperi, å mane fram uendeleg mange rom og situasjonar.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 14. september 2023.)

One Response to “Ei multimedial oppleving”

  1. Bjørn Krogstad sier:

    Nå skulle jeg gjerne ha vært i Kristiansand!

Leave a Reply