På gyngande grunn

TEATER

ALLE HAR MOTIV: Sjølv ikkje skipets kaptein (Marit Adeleide Andreassen) går fri for mistanken frå Stephan Reckyll (Øystein Røger), – men var ho mordaren? FOTO: ERIK BERG

«Detektimen – en kriminalmusikal»
Kimen kulturhus, Stjørdal
Riksteatret, Nye Hjorten Teater og Nationaltheatret
Manus: Mads Bones og Olve Løseth etter ein idé av Øystein Røger
Musikk: Kyrre Havdal
Regi: Mads Bones
Scenografi: Katja Ebbel
Kostyme: Christina Lovery
Koreografi: Martha Standal
Med: Øystein Røger, Olve Løseth, Silje Lundblad, Marit Adeleide Andreassen, Emil Olafsson mfl.

Ein klassisk lukka rom-krim og ein humoristisk parafrase over sjangeren, men altfor omstendeleg.

Dei siste ti åra har Mads Bones, Olve Løseth og Kyrre Havdal laga den eine musikalen meir ellevill enn den andre. Framsyningane er ofte bygd over gamalt kjend stoff som med stor grad av respektløyse blir vridd og vrengt på. Humoren er burlesk, folkeleg og med haugevis av ordspel og metaforar. Dei leikne og oppfinnsame tekstane til Løseth og Bones, para med særs melodiøs musikk av Kyrre Havdal har sørga for eit utal publikumssuksessar toppa av spelparodien «Slaget på Testiklestad» som dei spela for fulle hus kvar sommar i mange år.

Etter ein idé av Øystein Røger har dei tre nå gitt seg i kast med Detektimen, ein programpost som samla nasjonen på fredagskveldane den tida det berre var NRK. Som ein samproduksjon mellom Riksteatret, Nye Hjorten Teater og Nationaltheatret er det blitt ein kriminalmusikal-komedie der referansane til og harselasen med krimsjangeren sit laust. Året er 1980, vi er på M/S Kronprins Harald, også kjend som Kielferja på veg frå Oslo til Kiel. I botn av båten ligg Unter den Wellen, ein nattklubb for spesielt inviterte. Under øving fell klubbens primadonna, songaren Nora Boman (Silje Lundblad) om etter cyanidforgifting. Tilfellet vil ha det til at den pensjonerte kriminaletterforskaren Stephan Reckyll (Øystein Røger) er om bord på veg heim til Hamburg etter å ha vore på fiske med sin gode ven og kollega Horst Tappert (meir kjend som Derrick). Reckyll har overmot så det held, og let ikkje høvet gå frå seg til å finne ut av ei klassisk mordgåte. Tvillingsystera til den drepne, ein kjend menneskerettsadvokat, er med på båten, og blir Reckylls Harry Klein eller Doktor Watson om du vil. Og i tillegg møter vi skipets kaptein (Marit Adeleide Andreassen), skipslosen (Olve Løseth), ein politikar og ei umake og ganske fargerik forsamling av artistkolleger til den avlidne. Ein av dei må vere mordaren, men kven?

Det syner seg sjølvsagt raskt at alle har sterke motiv for å ta livet av Boman. Som ei blanding av Derrick, Columbo, Sherlock Holmes og med referansar til mange fleire, nøstar Reckyll opp heile historia, ikkje utan sprang og sidespor, og alt medan vi som publikum også blir dregne inn i gjettinga. Før sjefsetterforskaren konkluderer, og peikar ut ein mordar som naturlegvis ikkje er den opplagte. Undervegs blir det heile krydra med eit utal songar og ein god del humor, diverre ikkje alltid like artig.

Det er stram regi, presise skift og mykje god song, men spelet er litt ujamt. I spissen står ein særs opplagt Øystein Røger som eig både situasjonen og scena. Silje Lundblad er trygg i dobbeltrolla som syster og myrda, og syner nok ein gong fantastisk stemmeprakt. Og Emil Olafsson som transen Bruno Bang har vore med i fleire tilsvarande produksjonar, og viser at dette er ein type humor han kan og er fortruleg med. Elles går det litt over stokk og stein, og då er det ofte diksjonen som blir den skadelidande.

Framsyninga kjem diverre ikkje heilt i hamn. Ho er for omstendeleg, mange av ideane blir uforløyste, og det tek for lang tid før det heile verkeleg tar til. Humoren er heller ikkje så subtil, frodig og ellevill som det Bones og Løseth har vist oss i tidlegare produksjonar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11.september 2023.)

Leave a Reply