Er det nok å vere?

TEATER

LEIRBÅLET: Denne enkle scena rundt eit «leirbål» baud på humoristiske kvardagsrefleksjonar og mørkare diskusjonar, alt framført imponerande autentisk. FOTO: MARLON MALEY HANSEN

«Spis de rike»
Kepler Teater, Cosmopolite Scene
Av: Arturo Scotti, Christian Henrik Curcan Sørbye og ensemblet
Idé og regi: Arturo Scotti og Christian Henrik Curcan Sørbye
Med: Thomas Stene-Johansen, Zoe Mæland Rodgers, Fabian Heidelberg Lunde, Lars Oscar Sivertsen og Brita Gram Økland

Intelligent, observant, humoristisk, litt trist og ikkje minst velspela om både kvardagsfilosofi og det meir eksistensielle.

Kepler Teater er ei laust samansett friteatergruppe eg aldri hadde høyrt om. Men så oppdaga eg gjennom sosiale media at Arturo Scotti skulle vere med og setje opp ei framsyning med denne gruppa, og det på eit tidspunkt då eg likevel var i Oslo. Og då var interessa vekt. Arturo Scotti var utdanna på KhiO i fjor, og har det siste året vore tilsett ved Trøndelag Teater der han i løpet av den stutte tida, og gjennom berande roller som Kostja i «Det åttende livet» og Håkon Håkonsson i «Kongsemnene» har vist at dette er ein skodespelar ein verkeleg må følgje med i åra som kjem. Når han nå også forsøker seg som tekstforfattar og regissør, var i alle fall denne meldarens nyfikne vekt.

At eg oppdaga produksjonen gjennom sosiale media er symptomatisk for denne framsyninga, for her er det den første generasjonen som har vakse opp med dette fenomenet som snakkar. Det er tydeleg kva slags referansebakgrunn dei har, og dei formidlar dette overraskande reflektert, innsiktsfullt, klokt og med masse varme. Scena er ein liten black box på Cosmopolite i Oslo. Her er knapt scenografi, ein lyskube med vekslande farge, ein stol, eit videokamera og ein skjerm. Fem unge skodespelarar, der alle utanom ein er heilt nye for meg, spelar eit utal ulike roller gjennom rundt eit dusin tablå som har det sams at dei kretsar rundt situasjonen for denne generasjonen. Det startar med tema som sjølvmord, ei bloggande mor, gaming og datakontakt over landegrensene for å nemne nokre. Desse tablåa blir litt for episodiske, og får i liten grad høve til å bore djupt nok. Framsyninga kunne her også med fordel ha vore meir kresen i uttrykksform og bruk av effektar i desse episodane. Bruk av til dømes røykmaskin og strobelys verkar tidvis litt umotivert.

Men dette er småpirk, for etter kvart dreg det seg til og blir overraskande godt, tett og intenst teater med ein stram, men likevel litt slentrande regi. Det startar med ei scene der alle fem samlar seg med colaboksar rundt ein lyskastar vi straks forstår er eit leirbål. Vennegjengen er på telttur, og rundt bålet går drøsen uanstrengt og lett om dette og hint, om kva som i eit krenkesamfunn likevel alltid vil vere lov å kødde med ettersom det ikkje finst nokon som vågar å stå opp for dei krenka. Kva det er? Liten pikk. Om dette greier dei å lage ein humoristisk og særs autentisk samtale. Før temaet dreiar i svartare retning. Ei av jentene (Zoe Mæland Rodgers) meiner at alle menn har i seg at dei kan vere valdtektsforbrytarar. Ein av gutane (Thomas Stene-Johansen) blir provosert, og seier at det ikkje gjeld han, medan ein annan av gutane (Fabian Heidelberg Lunde) er samd med jenta. Dei to siste (Lars Oscar Sivertsen og Brita Gram Økland) er tause, og blir på det viset også «talande» deltakarar i ordskiftet, før Økland bryt ut i gråt. Samtalen er tidvis nesten aggressiv, men han er mellom venner, og sjølv om dei ikkje endar med nokon konklusjon, og det heile blir ganske uavklart, gir det oss innsikt i tankar og haldningar på eit vis som om vi sat ringside til eit verkeleg leirbål.

I det siste og mest varme og rørande tablået møter vi Nils (Fabian Heidelberg Lunde) som er ein 27 år gamal gut som ikkje får seg dame. Han blir etter kvart sett opp på ein date med åleinemora Sara (Brita Gram Økland), og som alle slike møte, er det både stivt og kleint i starten. Men så blir dei båe litt varmare i trøya, og det blir ein lun og god flørt som får både Nils og oss i salen til å tru at det kanskje finst håp likevel. Fabian Heidelberg Lunde kjenner eg litt frå før, for til liks med regissøren Arturo Scotti, er Lunde også tilsett ved Trøndelag Teater der han spesielt i Lisa Lies «Svingende skygger» og i «Kongsemnene» har fått synt litt av sitt store register, og særleg det komiske. I denne framsyningas siste tablåtek han den sårbare komikken til nye høgder i framstillinga av ein gut som både er litt nerd og til å smile av, men som syner seg å vere så mykje, mykje meir når han berre får nokon å vise det til. At Brita Gram Økland framstiller Sara like ekte og varmt, gjer dette tablået til ei scene som kunne stå på heilt eigne bein som ei framsyning i seg sjølv. Daten blir følgt opp med ein ny, og vi blir berre meir og meir glad i desse to, og særleg Nils. Eg må ta meg i å tru på ei happy ending, før eit brot, – intelligent og kanskje ikkje så uventa når ein får tenkt seg om, tek oss attende til røyndomen. Og det heile endar med at Nils tek bladet frå munnen og framfører eit sterkt og inderleg credo. For Nils blir det, med adresse til både «Romeo og Julie» og «Hamlet» eit spørsmål om det i livet held med å vere.

«Spis de rike» er eit sitat frå opplysingsfilosofen Rousseau, og er etter kvart blitt eit sentralt antikapitalistisk slagord. Det er lite i denne framsyninga som gir assosiasjonar til slikt. I staden er det blitt ein uvanleg innsiktsfull og intelligent situasjonsrapport frå ein generasjon der teknologien som skulle bringe oss nærare kvarandre, i staden har skapt avstand og utanforskap. Framsyninga er blitt til etter ein idé av Arturo Scotti og Christian Henrik Curcan Sørbye, men er, så vidt eg forstår, arbeidd ut i lag med ensemblet. Dette er openbert folk som kjenner stoffet og tematikken godt, men det slår meg likevel kor naturleg og uanstrengt samtalane går, og kor mykje innsikt og klokskap dei greier å fylle inn i desse kvardagsfilosofiske og generelle betraktningane. Framsyninga viser også at det er mogeleg å lage framifrå teater med små middel og lite staffasje når berre tekst, regi og spel er godt nok.

Leave a Reply