TEATER

«We Will Rock You»
Nye Hjorten Teater
Av: Ben Elton og Queen
Regi: Mads Bones
Scenografi: Katja Ebbel
Kostymedesign: Christina Lovery
Koreografi: Josephine Gracia
Musikalsk leiar: Kyrre Havdal
Lysdesign: Ingrid Skanke Høsøien
Lyddesign: Erlend Solli Aune
Maskedesign: Maria Abelsen
Orkester: Kyrre Havdal, Hans Petter Vik Sæther, Tore Thorvaldsen Sandbakken, Morten Berger Stai og Kriss Stemland
Med: Knut Kippersund, Benedicte Søreng, Kirsti Lucena, Thomas Kvamme Urnes, Sara Enger Larsen, Olve Løseth, Julie Dahle Aagård, Henrik Bjelland, Hans Magnus Rye, Kajsa Jacobsen, Martha Standal, Ingvill Siegel, Sindre Sten Vik, Gard Hjertaas Bjørnson, Kristian Vindenes, Margrethe Reitan, Jørund Fjose, Isabella Deng Solvang, Trond Juvkam og Stine Elene Hole
Alle som er glad i musikken til Queen vil nok bere over med ei syltynn og ikkje spesielt god historie når framføring, musikk og alt det andre er så bra.
Å setje saman likt og ulikt som kan vere bra kvar for seg, til å framstå som noko heilskapleg, er ikkje alltid like enkelt. Men det er mogeleg. Robert Altman greidde det på mirakuløst vis med filmen «Short Cuts» i 1993 som er ei ganske einskapleg historie bygd på ni heilt forskjellige noveller av Raymond Carver. Innafor scenekunsten har vi eit omgrep som heiter jukebox-musikalar. Det er oppsetjingar der kjende låtar blir bunde saman med ei form for rammeforteljing. I staden for at musikken skal dreie seg om og illustrere handlinga, blir det motsett. Filmen og musikalen «Mamma Mia» som hyller ABBAs musikk, er av dei mest kjende jukebox-musikalane, og sjølv om forteljinga ikkje er den beste, kjem ho sånn nokolunde i hamn.
Langt mindre vellukka er historia Ben Elton saman med dei attverande bandmedlemmane i rockegruppa Queen laga for jukebox-musikalen «We Will Rock You» i 2002. Historia er særs søkt, og er først og fremst ei orsaking for å kunne presentere den rike musikkarven frå Queen. Musikalen fekk da også ei lunken mottaking, men er, i hovudsak på grunn av musikken, etter kvart blitt ein publikumsfavoritt og ein av dei ultimate rockemusikalane. Kor vellukka oppsetjingane blir, skuldast i tillegg til musikken, stort sett ensemblets framføring og kva ein dyktig regissør kan flette inn av populærkulturelle referansar, gags og humor. Når Nye Hjorten Teater i Trondheim nå set han opp, og seier i programmet at den endeleg er i Trondheim, er ikkje det heilt rett. I staden har dei vel meir tatt musikalen heimatt. For norgespremieren var faktisk i Trondheim, på Strinda gymnas i 2007, før både Folketeateret i Oslo i 2011 og seinast Kilden i Kristiansand i fjor.
Eg skal ikkje referere handlinga i detalj, til det er ho både for innfløkt og dessutan ikkje spesielt god. Men vi er i eit dystopisk framtidssamfunn, 300 år fram i tid. Som i George Orwells «1984», er det meste regulert, – og dermed forbode. Det spesielle i dette samfunnet som er kontrollert av Globalsoft Corporation, er at all kreativitet er lagt daud, alt og alle er konforme, og at det er maskinar og ikkje menneska som skal skape og generere. Samfunnet blir leia av Killer Queen og hennar ivrige løytnant, Khashoggi. I skjul for desse lever det ein subkultur med bohemar som vil finne attende til det som var. Og så er det sjølvsagt to unge heltar, Galileo Figaro og Scaramouche, som til slutt ordnar opp gjennom semireligiøse og ikkje alltid like logiske påfunn.
Ein lesar, som kanskje kjenner litt til Queens diskografi, ser straks at ein i namna over har pøst på med referansar til låtane deira, og særleg «Bohemian Rhapsody». Populærkulturelle og andre referansar er heilt naudsynte for denne oppsetjinga. For rammeverket er at det er litt opp til regissøren å legge inn dei tidsriktige og kanskje stadspesifikke referansane. Er det nokon som kan slikt her i landet, er det Nye Hjortens eigen teatersjef, Mads Bones, som har hatt regien på oppsetjinga. Han er, som oftast saman med Olve Løseth, eit oppkome av ville, artige og gode idear, men har hatt ein tendens til ikkje å vere kresen nok i det endelege utvalet. Slik er det ikkje denne gongen. Her er påfunna, sidespranga, vitsane og referansane mykje meir raffinerte, og det har i stor grad bidratt til å løfte framsyninga og gjere henne meir vellukka enn sujettet legg opp til.
Scenografen Katja Ebbel har nytta det meste av all teknikken som finst på scena, og dermed gitt rom for mange rom og settingar. Det meste er stilisert sci-fi-interiør, men hjå bohemane er det eit meir tradisjonelt kråkeslott. Veggar og element blir flytta saumlaust, og det er fin bruk av både heve- og dreiescena. Samstundes gir scenografien rom for store og spektakulære danseopptrinn. Men det som verkeleg møblerer scena er dei kreative, fantasifulle og omfangsrike kostyma til Christina Lovery. Frå dei konforme skuleuniformene i starten via dei langt meir utflippa, men i røynda også einsarta, kostyma til bohemane. Og alt dette er fint kontrastert av normaliteten hjå dei to heltane Galileo Figaro og Scaramouche. Og på bakscena må det vere hektisk når det talrike ensemblet stadig skal skifte, ikkje berre kostyme, men parykkar og meir til.

Orkesteret er ei oppleving i seg sjølv. Scena er diverre så lita at vi ikkje får sett dei før heilt til slutt. Men lydbildet var så rikt at eg fekk hakeslepp da eg såg at dei berre var fem, for på grunnlag av lyden meinte eg at dei måtte vere minst åtte til ti. Og det er sjølvsagt særs kompetente musikarar under god leiing av Kyrre Havdal.
Oppsetjinga har eit omfangsrikt ensemble beståande av både skodespelarar, songarar og dansarar der ein del greidde å aksle alle tre oppgåvene. Josephine Gracia har koreografert mange flotte danseopptrinn. Men når rundt femten aktørar skal danse, og det stundom ganske heftig og på ei lita scene, ser ein fort at det ikkje er alle som er like gode. Men kostyma, musikken og songane gjorde at dette likevel ikkje blei noko stort problem. Og både songprestasjonane og koringa var gjennomgåande bra. Musikken til Queen er ikkje den enklaste å synge, og med minnet om Freddy Mercurys vokal i bakhovudet på dei fleste i salen, skal det godt gjerast å kome heilt i hamn. Men eg blei positivt overraska og har lite å setje fingeren på.

Knut Kippersund er Galileo, vår helt. Og den rolla fyller han på eit overtydande og ganske nedtona vis. Men i stemmeprakt er han alt anna enn nedtona. Makkeren hans, Scaramouche, blir spela av Benedicte Søreng. Ho har i tidlegare produksjonar synt eit stort komisk talent, særleg når det gjeld å dra poenga ut i det absurde. Her gjer ho det same, og særleg som den kontrære ungjenta i opningsscena, er ho framifrå. Kirsti Lucena som Killer Queen syng særs godt, men rolla hennar gir henne ikkje så mykje å spele på. Det gjer i staden løytnanten hennar, Khashoggi. Thomas Kvamme Urnes er infam og bereknande, høgt og lågt, og i tillegg til at han er ein framifrå songar, er heile kroppen hans musikk slik han dansar og beveger seg. Olve Løseth har ikkje store rolla som Brit, men greier å gjere maksimalt ut av henne, og nok ein gong får han levere ordspel og små homsevitsar, denne gongen både meir raffinert og elegant enn på lenge. Ei rolle som heller ikkje er så stor, men desto meir viktig, er Julie Dahle Aagård som Yoko. Ho har både eit scenisk nærvær og ei songstemme som går utanpå det meste, og hennar lågmælte tolking gir framsyninga ein ekstra dimensjon.

Som eg opna med, er denne jukebox-musikalen mest som ei orsaking for å få spele Queenslåtar. Og kor vellukka det heile blir, avheng sjølvsagt av aktørar og orkester, men i like stor grad av kva regissør greier å fylle tomroma med. Mads Bones greier det. Sidesprang, gags ordspel og humor er mange, men valet av dei er langt meir kresent enn det vi har sett tidlegare. Saman med kapellmeister Kyrre Havdal leikar han seg også litt med publikum med å sende ut små teaserar. For det er ingen løyndom at store delar av salen eigentleg sit og ventar på å få høyre «Bohemian Rhapsody». Og var det den dei starta på? Men, nei. Slik held dei på heilt til finalen. For når du trur det er slutt, publikum reiser seg og aktørane tar applaus, så er det ikkje slutt likevel. Utan å drive røpealarm, så er desserten att til slutt. Og den var underhaldande, artig, overraskande og velsmakande.
Så sjølv om rammeforteljinga for denne musikalen ikkje akkurat er av stor litterær verdi eller spesielt logisk, så ber vi over med at ensemblet ikkje berre vil rocke oss. For i tillegg til å seie at «We Will Rock You», er det like rett å seie at «We Will Queen You. Og det er faktisk heilt greitt.



























