Ubedne gjestar

TEATER

HØG TEMPERATUR: Heftige diskusjonar mellom Ei mor (Julia Bache-Wiig) og Ei søster (Ingrid Mikalsen Deinboll) medan Ein bror (Sindre Arder Skildheim) klamrar seg utilpass til mora. FOTO: KNUT ÅSERUD

«Til minne om familien»
Hålogaland Teater, Scene Vest
Av: Monica Isakstuen
Regi: Hanne Tømta
Scenografi og kostyme: Nora Furuholmen
Lysdesign: Øyvind Wangensteen
Lyddesign: Erik Hedin
Med: Julia Bache-Wiig, Alexander Rindestu, Sindre Arder Skildheim, Ingrid Mikalsen Deinboll, Hanne Mathisen Haga, Ellen Andreassen og Kristine Henriksen

I Hanne Tømtas regi blir «Til minne om familien» eit nådelaust blikk på familien som institusjon.

Frå Monica Isakstuen debuterte som dramatikar med «Se på meg når jeg snakker til deg!» på Rogaland Teater i 2019 har ho vore særs produktiv, og det er blitt minst eitt nytt drama per år. Men til nå er stykka hennar berre sette opp på bi- og intimscener. Ho skriv rett nok om nære relasjonar, altså om intimsfæren, så då er det kanskje nærliggjande å velje intimscener. Men det er inga naturlov som seier at eksistensielle familiedrama må bli spilte på småscener, så når Hålogaland Teater nå har vald å presentere Isakstuens siste drama, «Til minne om familien» på teaterets hovudscene, var det på høg tid. Og det overtydande resultatet synte at valet var heilt rett.

KONFRONTASJON: Ikkje greitt for Ein bror (Sindre Arder Skildheim) når ubedne gjestar dukkar opp. Døden (Kristine Henriksen), Røyndomen (Hanne Mathisen Haga) og Kjærleiken (Ellen Andreassen). FOTO: KNUT ÅSERUD

«Til minne om familien» er skrive spesielt for Hålogaland Teater, og dels på grunnlag av intervju Isakstuen har gjort med tilsette på teateret. For når det gjeld familierelasjonar er vel dei fleste av oss ekspertar, om ikkje på løysingar, så i alle fall på situasjonen. På same vis som i dramaet «Dette er ikke oss», ein av dei beste tekstane hennar, møter vi ein heilt vanleg kjernefamilie med ein far, ei mor, ei søster og ein bror. Dei er heilt ordinære og tilsynelatande velfungerande. Her er rett nok små gnissingar, men ikkje meir enn hjå dei fleste. Ein bror (Sindre Arder Skildheim), som truleg er yngst, er ein spørjande liten kvardagsfilosof som også kan verke litt nevrotisk. Ei søster (Ingrid Mikalsen Deinboll) er truleg tenåring, litt kontrær og oppgitt over alt og alle. Og Ei mor og Ein far (Julia Bache-Wiig og Alexander Rindestu) svarar ungane litt i hytt og vêr og freistar å vere diplomatiske og å glatte over det som måtte vere av konfliktar. Altså som hjå dei fleste familiar. Men så syner det seg raskt at dette likevel er ei eining i full oppløysing. Det får vi særs godt illustrert når Isakstuen let Røyndomen (Hanne Mathisen Haga), Kjærleiken (Ellen Andreassen) og Døden Kristine Henriksen) bli personaliserte og besøke, eller rettare heimsøke den vesle familien. For heile tida må vi jo alle forhalde oss til røyndomen. Og både døden og kjærleiken kan dukke opp når du minst ventar det.

I tidlegare drama har Isakstuen sett søkeljos på og pirka i dei nære relasjonane på eit vis som både er attkjenneleg og som kan kjennest vondt. Denne gongen går ho mykje lenger og stiller heilt grunnleggjande spørsmål ved familien som institusjon. Er familien eit fengsel der medlemmane øydelegg seg sjølve, eller er den eit utviklande fellesskap?

UBEHAGET: Kontrasten mellom den vakre fasaden og heimsøkinga familien får av dei tre gjestane er stor. FOTO: KNUT ÅSERUD

Regissøren Hanne Tømta har ikkje sett opp noko av Isakstuen tidlegare, men bakgrunnen hennar som ein framifrå Tsjekhov-tolkar med lite faktisk handling og mykje undertekst viste seg å vere midt i blinken. Tømta har fått fram nyansar og undertonar som ein ikkje openbert finn i sjølve manus, men som understrekar og vidareutviklar Isakstuens tekst. Saman med sine faste samarbeidspartnarar, Nora Furuholmen på scenografi og kostyme, og Øyvind Wangensteen på lys, har ho skapt ein vakker og stilfull fasade om ein familie som heilt frå opninga på symbolsk vis er i ferd med å gå i knas. Furuholmens scenografi er eit stilisert familieinteriør med sofa og spiseplass, men som delt opp i element også gir rom for så mykje meir. Og symboltungt er det når alt heilt umerkeleg tar til å gli frå kvarandre mot slutten. I sofaen kan familien sitje og ha sine samtalar, men her tronar også dei tre ubedne gjestane som eit slags familiens tribunal. Wangensteens lyssetting skapar uttrykksfulle stemningar, settingar, scener og rom på den elles store scena. Og lyddesignen til Erik Hedin utfyller det heile der kontrasten mellom det vakre vi sansar, og det øydeleggjande vi opplever, er stor.

Dei sju aktørane leverer eit uvanleg presist og synkront ensemblespel i ei oppsetjing der orda i den omfattande tekstens mange lag får lov å spele hovudrolla. Ingen av dei dei fire i familien, er eintydige personar, men samansette og mangefasetterte slik vi alle er. Og personinstruksjon og det nyanserike ensemblespelet understrekar dette til fulle i eit drama der ubehaget ligg som eit latent bakteppe.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 21. april 2026.)

Leave a Reply