Ekte forteljarglede

TEATER

LEIRBÅLET: Kjøkenet er det nye leirbålet der forteljingane og løgnene får leve og formeire seg. FOTO: MARIUS FISKUM

«Markens lille grøde»
Hålogaland Teater, Scene øst
Av: Knut Nærum
Fritt etter Knut Hamsun
Tilarbeidd av Kristian Fr. Figenschow og Mari Andreassen
Regi: Morten Kjerstad
Scenografi: Linda Nilsen
Lysdesign: Espen Andre Hansen 
Komposisjon: Tore Bruvoll
Med: Kristian Fr. Figenschow

Eit overflødigheitshorn av ein monolog om den store nordnorske forteljartradisjonen.

Når to av landets fremste humoristar slår seg saman, kviler seg på Knut Hamsuns episke forteljing i «Markens grøde» og samstundes vegeterer på nokre av Nord-Norges dyktigaste forteljarar, er det lov å ha forventingar. Og i hovudsak innfrir Kristian Fr. Figenschow i monologen «Markens lille grøde» som hadde premiere på Hålogaland teater laurdag. Utgangspunktet var at Knut Nærum blei beden av teateret om å skrive ein tekst for Figenschow basert på romanen «Markens grøde». Det gjorde han, men etter kvart som Figenschow, saman med regissør Morten Kjerstad og dramaturg Mari Andreassen jobba med stoffet, oppdaga dei at Hamsuns roman i røynda er starten på ein nordnorsk forteljartradisjon, seinare vidareutvikla og foredla av folk som Cora Sandel (1880-1974), Peter Wessel Zapffe (1899-1990), Asbjørn Dybwad (1924-1973), Arthur Arntzen (1937-2025) og mange fleire, heilt fram til Isalill Kolpus, ein av Knut Nærums etterfølgjarar i «Nytt på Nytt».

Slik blei Nærums opphavelege tekst i «Markens lille grøde» skjelettet i ein hyllest til forteljargleda i nord, til den fargerike historia til Hålogaland Teater, og med mangt eit venskapeleg spark til søringar, og ikkje minst vestlendingar ettersom «Markens grøde» nå skal filmatiserast og innspelinga er lagt til – vestlandet!

HARESKÅR: Inger Sellanraa, visualisert som ei mugge med skår. FOTO: MARIUS FISKUM

Figenschow meiner at det ikkje lenger er leirbålet, men kjøkenet som i dag er forteljingas heimstad. Rundt kjøkenborda blir det fortald historier og loge. Difor er scena eit enkelt kjøken med respatexbord og stålrøyrsstolar sjølv om Figenschow vil ha det til at ettersom vi er på HT (Hålogaland teater), så er det vel eit HT-H-kjøken. Frå opninga av strør han om seg med eit utal ordspel av denne typen, gags, aforismar og onelinerar, og det stundom i eit tempo der du skal følgje godt med for å få med deg alt.

I løpet av ein dryg time tek Figenschow oss gjennom den nordnorske forteljartradisjonen frå ein «Markens grøde for dummies» via Hålogaland teaters eigen 55-årige historie, men der han også tek oss heilt attende til Peter Dass (1647-1707) og diktverket «Nordlands trompet» som kanskje var der det heile starta. Mellom alle ordspela og humoren har han også rolegare og meir alvorlegare parti der han fortel om historiene til filosofen Peter Wessel Zapffe, om Asbjørn Dybwad sine radiokåseri og til Arthur Arntzen som blei den mest folkekjære av dei alle. Og ettersom nordnorske heimar ofte hadde to biblar, humorbibelen «Vett og uvett» og den eigentlege, greier han også å gi oss sin eigen humoristiske versjon av første mosebok.

ISAK OG SAMEN: Med enkle middel blir rollene personifiserte. FOTO: MARIUS FISKUM

Linda Nilsen har laga ein enkel scenografi, som er eit kjøken med ulike reiskapar som Figenschow på kreativt vis nyttar til å gi liv til dei mange han portretterer. Tore Bruvoll har skrive noko ny musikk medan han også gir oss eit lydbilde frå James Brown til Mark Knopflers «Telegraph road» som faktisk blei inspirert av nettopp «Markens grøde». Morten Kjerstad har hatt regien. Mot slutten kunne nokre av scenene ha vore stramma litt inn, men i hovudsak får han til ei framsyning utan alt for mange daudpunkt, og der det spesielt er ei fin veksling mellom det hysterisk artige og det djupt alvorlege som tidvis faktisk også er ganske rørande.

Kristian Fr. Figenschow er ein av landets fremste komikarar, og denne forteljinga er som skapt for hans rike register. Ikkje all teksten er like god, men med sin sceniske sjarm greier han å gjere gull også av andre mineral. Det er sikkert nokre søringar, for ikkje å snakke om vestlendingar, som ikkje fattar alle poenga, men det får vere verst for dei.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. mai 2026.)

Leave a Reply