TEATER

«Pippi Langstrømpe»
Teatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Av: Astrid Lindgren
Regi: Johanna Mørck
Scenografi og kostyme: Silje Sandodden Kise
Koreografi: Zezé Kolstad
Musikalsk ansvarleg: Bård Watn
Med: Anne Wiig, Conrad James McLean og Anette Sissener Amundsen
Akrobatisk og energisk Pippi i ei tett og underhaldande framsyning.
Oppsetjinga «Pippi Langstrømpe» på Teatret Vårt i Ålesund syner at det er fullt mogeleg å lage særs vellukka framsyningar med relativt enkle middel. Forteljinga om Pippi er godt kjend, og i Johanna Mørcks overtydande regi er dette blitt ein forkorta og konsentrert versjon der vi gjennom berre ein snau time likevel får med det viktigaste, som historia til Pippi, vennskapet med Tommy og Annika, dei udugelege politimennene Kling og Klang, og møtet med tjuvane som vil stele gullmyntane hennar.
På den vesle scena i Arbeideren kulturhus i Ålesund har Silje Sandodden Kise laga ein scenografi som både er eit klatrestativ og Villa Villekulla og som slik gir overraskande godt rom for akrobatikk, forbrytarjakt, leik og masse ablegøyer. Hit kjem Pippi (Anne Wiig) flyttande med hesten sin (kjepphest), apen Herr Nilsson og ein koffert full av gullmyntar. Rett etter at ho har etablert seg, dukkar Tommy (Conrad James McLean) og Annika (Anette Sissener Amundsen) opp på veg til skulen. Etter dei kjem også politimennene Kling og Klang for på urkomisk og fullstendig fåfengt vis å overtyde Pippi om lukka ved å bu på barneheim. Og om natta får ho besøk av to tjuvar som også kjem fullstendig til kort mot den oppfinnsame niåringen.
Det er ikkje grenser for kva den enkle, men kreative scenografien til Silje Sandodden Kise kan nyttast til, og Zezé Kolstad har laga ein koreografi som passar scenografien perfekt der klatring, dans og akrobatikk i scenografien gjer Pippi til ei jente som med sine halsbrekkande stunt rett som det er nærast opphevar tyngdekrafta.

Anne Wiig spelar Pippi med ein enorm energi, med presis timing og eit kroppsspråk og ein mimikk som er overtydande. Ho er passe rampete og full av sjarm i tillegg til at ho syng godt. Conrad James McLean og Anette Sissener Amundsen spelar både Tommy og Annika, Kling og Klang og dei to tjuvane. Medan Pippi syng eller finn på rare ting, er det raske scene- og kostymeskift for dei to andre, og sjølv om dei vekslar på fleire roller, er det aldri tvil om kven som er kven. Særleg var dei herleg komiske som dei to klossete politimennene som vil sende Pippi på barneheim.
Regissøren Johanna Mørck, til dagleg skodespelar ved Teatret Vårt, har laga ei framsyning som er opplevingsrik, utan daudpunkt og som blir spela i høgt tempo og med mykje energi. Kontakten med publikum var upåklageleg, og det nærast kokte i salen den stutte timen det heile varte.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 4. mai 2026.)
