MUSIKAL

«Ruth Maier»
Trondheim Symfoniorkester & Opera
Trøndelag Teater, Game scene
Av: Gisle Kverndokk og Aksel-Otto Bull
Regi og scenografi: Markus Olzinger
Co-regissør: Elisabeth Sikora
Visuell design: Jürgen Erbler
Lysdesign: Ingo Kelp
Lyddesign: Harald Soltvedt
Dirigent: Peter Szilvay
Orkester: Daniel Turcina, Sophie Berggren, Lars Hilde, Odd-Bjørn Øslebø Lund, Helgi Thorleiksson, Julia Neher, Jaroslav Havel, Nils Anmarkrud Bergaust og Erlend Auestad
Med: Mathilda Bonnevier, Ingrid Tykhelle Kayser, Emma Stallvik, Yngve Gåsøy-Romdal, Nora Oleanne Sårheim, Renate Ekerhovd, Arnar Aarnes Bjorøy, Asbjørn Hagen og Andreas Hoff
Kammermusikalen «Ruth Maier» er blitt ei mektig musikalsk oppleving, men teksten kunne nok i større grad ha handla om meir enn kjærleiksforholdet til Gunvor Hofmo.
Ruth Maier (1920-1942) vaks opp i Wien i Austerrike i ein familie med jødisk bakgrunn. Alt frå 1933 tok ho til å skrive dagbok om kvardagen, kjærleik, livet og dei store spørsmåla. Etter Anschluss og dei aukande jødeforfølgingane fekk litlesøstera hennar, Judith, reise til England som del av ein barnetransport. Ruth var for gamal for dette programmet, men via fagforeiningsmannen Arne Strøm fekk ho i januar 1939 reise til Norge for å gå på skule og bu hjå familien til Strøm på Lillestrøm. Etter artium i 1940 freista ho å kome seg vidare til USA, men utan å lykkast. Den første krigshausten blei ho med i Arbeidstenesta (AT), ein opphaveleg frivillig organisasjon for ungdom, men som etter kvart blei sterkt nazifisert. Under arbeid på Biri møtte ho den seinare forfattaren Gunvor Hofmo (1921-1995), og dei to blei kjærastar. Men i november 1942 blei Ruth Maier arrestert av norsk politi, send med skipet Donau til Tyskland og gassa i hel i Auschwitz få dagar etter.

Dette kunne ha vore berre ei av uendeleg mange relativt anonyme holocausthistorier. Men då Gunvor Hofmo døydde, fekk Jan Erik Vold tilgang til dei åtte dagbøkene etter Ruth Maier. På grunnlag av dei, ei rekkje brev frå korrespondansen mellom dei to søstrene Ruth og Judith, og eit nitid kjeldearbeid, skreiv Vold i 2007 boka «Ruth Maiers dagbok» der vi får innblikk i livet og tankane til ei uvanleg kunnskapsrik, klok og kreativ ung kvinne, og om forholdet hennar til Gunvor Hofmo. Boka er omsett til tolv språk, og då eg var i Wien for femten år sia, stod den tyske utgåva fremst i alle bokhandlane eg vitja.
Komponisten Gisle Kverndokk og regissøren og dramatikaren Aksel-Otto Bull sette seg tidleg føre å lage eit musikkspel om historia til Ruth Maier, og alt i 2014 var musikalen ferdig. Men vegen til premiere var lang, og undervegs blei det også vurdert å lage opera. Etter mindre oppsetjingar i USA, blei det urpremiere på «Briefe von Ruth» i Austerrike i 2023, og det var ei oppsetjing som hausta to av Tysklands største teaterprisar.
Endeleg, tre år etter, er kammermusikalen komen heim, og fredag hadde Trondheim Symfoniorkester & Opera norgespremiere som gjestespel på Trøndelag Teaters gamle scene. Jamvel om det musikalske ligg i grenselandet mellom opera og musikal, har Bull og Kverndokk meint at teksten, dagboksnotata og breva, er så viktige at dei har latt det vere mykje dialog, og difor kalla det ein musikal. Det er eit godt val, og sjølv om dei ni på scena alle er songarar, kjem dei, med god personinstruksjon, særs godt også frå spel og det verbale, og i særleg grad dei to hovudrolleinnehavarane.
Vi startar med at Gunvor Hofmo (Ingrid Tykhelle Kayser) i retrospekt presenterer oss for den unge Ruth (Mathilda Bonnevier) i Wien, om dagboknotat, kvardagsliv og meir dramatiske hendingar før ho kjem til Norge. Framsyninga er bygd opp som ei rekkje små tablå med utsnitt frå livet og lagnaden hennar. Men hovudvekta er lagt på kjærleiksforholdet mellom Hofmo og Maier. Sjølv om jødeforfølging, verdskrigen og dei storpolitiske spørsmåla er til stades, så blir dei diverre alt for sjeldan særleg meir enn eit bakteppe. Ruth Maier var eit uvanleg multitalent som forfattar, tenkar og biletkunstnar, og personleg syns eg det blei litt snautt å konsentrere seg i så stor grad om kjærleiksforholdet.
Markus Olzinger, som er både regissør og scenograf, har laga ein enkel scenografi med fleire nivå, og saman med draperi og utsøkt bruk av projeksjonar skapar han effektivt ulike rom og situasjonar. Det er mange tablå, men skifta går saumlaust, og det ni personar store orkesteret under leiing av Peter Szilvay bidreg til å binde det heile saman. Trøndelag Teaters gamle scene er ikkje nokon god konsertsal, og akustikken ytte diverre ikkje musikalen full rettferd. Men musikken til Gisle Kverndokk var likevel ei mektig, og ikkje minst mangfaldig oppleving. Å lage musikal av ei så tragisk historie er ikkje enkelt, men her fekk vi eit fargerikt musikalsk spenn frå det triste og mollstemde til det langt meir livsglade.
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 28. april 2026.)