TEATER
«Det åttende livet (Til Brilka)»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Nino Haratischwili
Dramatisert av: Emilia Linda Heinrich, Julia Lochte og Jette Steckel
Omsett av Ute Neumann
Regi: Mina Salehpour
Scenografi: Andrea Wagner
Kostyme: Maria Anderski
Komponist: Sandro Tajouri
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Emma Caroline Deichmann, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Arturo Scotti, Synnøve Fossum Eriksen, Maria Pontén, Marianne Meløy, Isak Holmen Sørensen og Thomas Jensen Takyi
Ei nesten fire timar lang hundreårig slektskrønike om storpolitikk, kjærleik og svik, men som faktisk med hell kunne ha vore ein time lenger.
Den georgisk-tyske forfattaren Nino Haratischwili (f. 1983) skreiv i 2014 romanen «Det åttende livet (Til Brilka)», ei bok på heile 1150 sider som tek for seg to familiar i Tbilisi i Georgia frå 1900 fram til i dag. Med historia som bakteppe er romanen blitt både ei storslått slektskrønike og ei litterær forteljing om Georgia og Sovjetunionen gjennom nittenhundretalet. Boka blei raskt ein bestseljar, blei dramatisert for Thalia Theatre i Hamburg i 2017, kom på norsk i 2021, og laurdag var det norgespremiere på Trøndelag Teater.
Eg må vedgå at eg var skeptisk til prosjektet. Romanen er rett nok ei særs god historie, men med store litterære problem. Den har eit uavklart forteljarperspektiv, svulstig språk, er for omstendeleg, og i tillegg har den norske utgåva ein del pinleg dårlege direkte omsetjingar frå tysk. Skepsisen eg hadde, blei heldigvis gjort grundig til skamme, men det tyder likevel ikkje at framsyninga kom heilt i hamn.
Trøndelag Teater har nytta dramatiseringa til Thalia Theatre og sjølv sydd den saman med den norske omsetjinga. Og så har dei engasjert det same tyske kunstnarlege laget som sette opp den særs spennande oppsetjinga «Parsifal» for halvtanna år sia. Den iransk-tyske regissøren Mina Salehpour har gjennom nærare femten år samarbeidd med komponisten Sandro Tajouri, scenografen Andrea Wagner og kostymedesignaren Maria Anderski. Den einaste utanfrå, er teaterets eigen lysdesignar Eivind Myren, som også var med på «Parsifal». Det langvarige og tette samarbeidet til dette kunstnarlege laget fører sjølvsagt til særleg einskaplege produksjonar, og det såg vi tydeleg både i «Parsifal» og i denne.
Historia tek til i 2005 når familien Jasjis yngste medlem, 12 år gamle Brilka, rømmer frå Tbilisi til Wien, og tanta hennar, Nitsa, som er krønikas eigentlege forteljar, set ut for å få send henne heim. Då finn Nitsa også ut at ho vil skrive ned og fortelje heile familiehistoria som tar til når oldemora hennar, Stasia (Maria Pontén), blir fødd i 1900. Gjennom 100 år, fem generasjonar, åtte bøker og like mange hovudpersonar følgjer vi familiane Jasji og Eristavi, med hovudvekt på den første. Jasji er ein relativt velståande konditorfamilie i Tbilisi medan Eristavi-familien er av litt meir uklår bakgrunn, og langt mindre innstilt på å tilpasse seg dei ulike politiske endringane i Georgia. Med bolsjevikrevolusjonen i 1917, borgarkrigen som følgde, Stalins utreinskingar, verdskrigen, tøvêret på 50-talet, glasnost og austblokkas oppløysing som bakteppe følgjer vi dei to familiane. Medlemane blir entusiastiske deltakarar, tilpassar seg stillteiande, eller er i ulike former for opposisjon til dei store politiske omveltingane, og det grip sjølvsagt inn i liv og lagnad, og nokre gongar på heilt umenneskeleg og brutalt vis. Viktig er det å hugse at sjølv om Georgia var ein av dei mindre Sovjetrepublikkane med færre innbyggjarar enn i Norge, så fostra landet to av unionens verste politikarar, Josef Stalin, og politisjefen hans, Lavrentij Berija. Den siste får ei viktig rolle i denne historia då Kristine (Emma Deichmann), litlesystera til Stasia, blir tvungen til å vere hans elskarinne.
Det vil føre alt for langt å gi eit resymé av innhaldet i forteljinga, men særs sentralt står Stasias to barn, sonen Kostja (Arturo Scotti) og dottera Kitty (Madeleine Brandtzæg Nilsen). Kostja blir ein trugen og systemlojal kader høgt oppe i systemet i Moskva. Medan Kitty, på grunn av kjærleiken til Andro Eristavi, som går i tysk teneste under krigen, blir utsett for umenneskeleg mishandling, tek ein brutal hemn og må reise i eksil.
I Andrea Wagners scenografi er Gamle scene ganske strippa og rekvisittane er få. Scenografien blir til etter kvart der symboltung jord og eit hav av blomar, som ofte gir gravferdsassosiasjonar, er det viktigaste. Saman med eminent lyssetting av Eivind Myren. Det er ei uvanleg omfattande historie, og Mina Salehpour har vald ei fin og balansert blanding av regi- og forteljarteater der svært mykje er stilisert og med mange og lange illustrerande, ordlause og forsiktig koreograferte innslag. Det er ei tekstrik og lang framsyning, men skodespelarane er trygge i rollene, og særleg Emma Deichmann som Kristine, Madeleine Brandtzæg Nilsen som Kitty og ikkje minst Arturo Scotti som Kostja, gir oss spesielt gode rolletolkingar. Til overmål var dette debutrolla til Arturo Scotti etter at han gjekk ut frå teaterhøgskolen i vår. Og så imponerer Synnøve Fossum Eriksen i å gi truverdig liv til fleire diametralt ulike roller.
Framsyninga er gripande og velspela, men har eit stort problem. Dei som har lese romanen, vil nok sakne mykje, men kuttingane er stort sett vellukka. Verre er det at det stundom blir meir resymé enn forteljarteater, og sjølv om vi får mange dvelande, eksistensielle og sterke tablå, er det vanskeleg å forstå korleis personane har kome dit, for så mykje av forhistoria er fjerna. Vi kjem i for liten grad under huda på dei åtte, og dette blir særleg tydeleg etter pause. I Hamburg var oppsetjinga fem timar medan denne var mindre enn fire. Personleg hadde eg nok tolt ein time til for å gå meir i djupna.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 2. oktober 2023.)