Frå Dylan Thomas til Jon Fosse
TEATER

Då Hans Petter Nilsen, saman med Ronny Patrick Jacobsen, nyleg fekk Heddapris for «særleg kunstnarleg innsats» var det ingen som var meir overraska enn han sjølv. Men for oss som har hatt gleda av å følgje Hans Petter Nilsen gjennom ein dryg mannsalder i Thalias teneste, var utmerkinga inga stor overrasking.
Saman med Ronny Patrick Jacobsen fekk Hans Petter Nilsen i år Heddapris for «særleg kunstnarleg innsats». Det dei to gjorde i tolkinga av Jon Fosses «Eg er vinden» (Trøndelag Teater og Teater Manu) var eit scenisk nybrottsarbeid det står stor respekt av der dei gav oss eit tett samspel på to ulike språk, og der ingen av dei i utgangspunktet forstod den andre sitt språk. Jacobsen nyttar teiknspråk for han kan ikkje høyre kva Nilsen seier. Og Nilsen nyttar nynorsk tale som Jacobsen ikkje kan høyre. Likevel greidde dei å gjere dette til langt meir enn eit språkleg eksperiment. Tvert om fekk vi ei framsyning som løfta Fosses tekst og gav oss heilt eineståande teateroppleving.

Slikt krev særs gode skodespelarar med særleg evne for presis timing og eit samspel som må basere seg på langt fleire signal enn motspelarens replikkar. Og sjølv om både Ronny Patrick Jacobsen og Hans Petter Nilsen, i alle fall til nå, har vore ukjende for dei fleste av landets teaterinteresserte, er dei båe særs røynde skodespelarar. Ronny Patrick Jacobsen har sia 1998 vore med i nærare førti produksjonar, men ettersom Teater Manu diverre (men kanskje berre fram til nå?) har vore eit nisjeteater for teiknspråk, har han ikkje nådd ut til det store publikummet som hadde fortent å få oppleve han. Med framsyninga «Eg er vinden» er det å håpe at glastaket er brote, og at fleire teater vil opne for liknande samarbeid og slik vere med på å gjere Teater Manu og teiknspråkteater til noko langt meir enn berre teater for døve. Sjølv har eg diverre ikkje sett mange nok av produksjonane som Jacobsen har vore med i til å kunne skrive utførleg om han, så den stafettpinnen må eg gi til nokon andre. Men Hans Petter Nilsen har eg følgd tett gjennom ein dryg mannsalder, og eg trur ikkje det er nokon eg har meld så mange gongar som akkurat han. Difor har eg funne det rett å fortelje folk utanfor nedslagsfeltet til Trøndelag Teater kva for ein framifrå skodespelar dette er.
Hans Petter Nilsen er fødd i 1970. Han vaks opp på Risvollan i Trondheim, og etter artium tok han til med universitetsstudiar på Dragvoll. Studentmiljøet i Trondheim er rikt, og navet i det heile er Studentersamfundet i Trondhjem, – det rare, raude, runde huset ved Elgeseter bru. I dette huset finn du ein av landets beste uformelle teaterskolar, Studentersamfundets Interne Teater (SIT), ein utklekkingsanstalt av dei heilt sjeldne. Og nålauget for å bli tatt opp er trongt. Faktisk finst det døme på skodespelarar som er blitt avvist av SIT, men som har kome inn på Teaterhøgskolen. Frå starten for meir enn hundre år sia, har eit utal skodespelarar, regissørar og dramatikarar fått grunnutdanninga si i SIT, og nokre faktisk så godt som heile utdanninga si. Marit Moum Aune, Øyvind Brandtzæg, Marianne Meløy og Hans Petter Nilsen er, frå om lag same generasjonen, gode døme på det.
Første gong eg såg Hans Petter Nilsen, var i 1993, og det var faktisk i den første oppsettinga Marit Moum Aune regisserte. I «Milkwood» («Under Milkwood») av Dylan Thomas følgjer vi innbyggjarane i den vesle walisiske landsbyen gjennom eit døgn. Det geniale ved denne produksjonen var at Aune sette publikum på ei tribune på dreiescena og let oss dreie sakte rundt gjennom dette døgnet medan skodespelarane spela opp mot bakveggen på scena. Dette er ei framsyning det framleis går gjetord om, og sjølv om det nok er noko av det beste og mest kreative Marit Moum Aune har gjort, skuldast suksessen ikkje berre det sceniske grepet, men også skodespelarane. For her portretterte dei ei mengd ulike menneske i Milkwood på eit meir enn overtydande vis.

Våren 1994 sette ei lauseleg gruppe som kalla seg Universitetsteateret opp Henrik Ibsens «Et dukkehjem» som eit kammerspel på Universitetet på Dragvoll. Nok ein gong med Marit Moum Aune på regi, og også denne gongen med Hans Petter Nilsen i ensemblet. Dette er også ei framsyning det framleis går gjetord om, og som var så god og spesiell at ho blei meld både i Klassekampen (av meg) og i Aftenposten (av Tron Øgrim)!
I samband med UKA-95 sette SIT opp ei nyskaping. Nattforestillinga, som etter kvart er blitt eit fast innslag på UKA, er eksperimentelt, litt svart og heilt sjølvprodusert teater. «Vi kjente ham i grunnen ganske godt», skrive av kollektivet og i regi av Nora Evensen (ja, ho har også fartstid frå SIT), og med regihjelp av Marit Moum Aune, var ikkje berre overraskande bra, det er faktisk noko av det beste eg har sett i mine snart femti år som teatermeldar. Og nok ein gong var Hans Petter Nilsen med i ensemblet og sterkt medverkande til suksessen.
Med ei slik merittliste alt i første halvdel av tjueåra, skulle ein tru at Hans Petter Nilsen for det første var dramastudent, men det var han ikkje, og at han etterpå ville kome rett inn på teaterhøgskolen, men det gjorde han heller ikkje. Rett nok søkte han, men til liks med mange andre framifrå skodespelarar, kom han ikkje inn. Men han hadde fått smaken på Fru Thalia, og fann ut at han ville freiste å gjere scenekunsten til ein leveveg. Saman med nokre av dei som var med på Nattforestillinga, starta han gruppa «Teater Gnu» som mellom anna laga kafé- og suppeteater på Café Dali i Trondheim. Og saman med Ivar Nergaard og Klaus Joacim Sonstad skipa han i 1997 gruppa «Adamseplene». Dei sette skråblikk på mannsrolla og presenterte oss for menn som ville føde, menstruere og vere hormonelle. Her fekk vi også sjå dei første teikna på at Nilsen også ve ein dyktig tekstforfattar, musikar og songar. TV-serie på NRK blei det faktisk også av Adamseplene.

Livet som frilansar er inga kjære mor, og i desse åra på slutten av 90-talet, var Hans Petter Nilsen ekstremt produktiv. Og i 1998 kom ein produksjon som har følgd han gjennom resten av livet. Saman med Sonstad og Nergaard sette han opp den sjølvlaga førjulskabareten «Alle tiders julebord» der Nilsen sjølv var den litt tragiske, men lell så eiegode figuren Svein Berg, ein mann det ikkje berre har gått bra for, men som har ein rørande sosialdemokratisk ryggmergsrefleks. Her tok nok Hans Petter Nilsen med seg rettferdskjensla og bakgrunnen sin som ein enkel arbeidarklassegut frå Risvollan og Nardo. Ivar Nergaard og Hans Petter Nilsen har seinare, med fast regihjelp av Nora Evensen, utvikla «julebordet» til ein publikumsyndling av ein biennale, nyskriven tekst annakvart år, og ein institusjon som i form artar seg som rølpete førjulsmoro, men som i innhald både er djupt eksistensialistisk og særs politisk.
På bakgrunn av nokre av suppe- og kaféteaterframsyningane til Hans Petter Nilsen, blei han invitert inn på Trøndelag Teater av Ola B. Johannessen i 1999 til ei mindre rolle i «Flettfrid tar saken». Så kunne eg ha avslutta denne artikkelen med å seie at resten er historie. Men det er ikkje rett. Det korrekte er at foten innafor institusjonsteateret rett nok gav Nilsen ei scene og kanskje litt tryggare rammer. Men framleis blei han først og fremst sett på som ein revy- og musikalartist og ein artigkaill. Og utan å få høve til å ta fram att dei djupare og meir eksistensielle sidene som han viste oss i SIT og på universitetet nokre år tidlegare.

Ei viktig endring kom i 2011. Året før hadde han spela Akhillevs i Finn Iunkers «Ifigeneia» i regi av Runar Hodne på Trøndelag Teaters studioscene. Terje Strømdahl såg denne framsyninga, og såg også noko i Hans Petter Nilsen som han ønska å utvikle vidare. Strømdahl skulle eigentleg sjølv gjere nokre av monologane til Dario Fo, men som den rause personen han er, tok han i staden ansvaret for regi og let Nilsen framføre «Mistero Buffo», fire av dei sju monologane til Dario Fo. Å sette dette opp på Trøndelag Teater kunne vere eit risikoprosjekt og som å hoppe etter Wirkola, for det var her Frode Rasmussen ein del år tidlegare hadde gjort monologane udødelege. Men Hans Petter Nilsen feide all tvil til sides og gav oss ein heilt annleis, og mykje sårare tolking. Og nok ein gong vann han publikums hjarte sjølv om han framleis sleit med imaget som artigkaill. Men alle som hugsar Arvid Nilssen og Svein Wickstrøm, veit at ingen skodespelar har større kjensleregister enn den som kan å spele klovn.

Hans Petter Nilsen er ein verdig arvtakar etter desse to, men det gjekk likevel framleis mange år før han verkeleg fekk høve til å syne kva for karakterskodespelar han også er. Det har sjølvsagt vore mange gode rolletolkingar og prestasjonar opp gjennom åra, men sjølv opplevde eg den verkelege snunaden først då han i 2019 fekk spele i «Det latterlige mørke» av Wolfram Lotz i regi av Jonas Corell Petersen (basert på kortromanen «Heart of Darkness» av Joseph Conrad og Vietnam-filmen «Apocalypse Now» av Francis Ford Coppola). Her blei Nilsen casta saman med folk han hadde vore kollega med i tjue år, men som han knapt hadde fått spele saman med, og som misjonæren Reverend Carter, viste han sider av seg som mange ikkje hadde fått augo opp for før nå.

Dei siste åra har vore ein parademarsj for Hans Petter Nilsen. Den første store prøven var i 2022 med Jon Fosses «Nokon kjem til å kome» i regi av Sigurd Ziegler (det var Zieglers regidebut) der Nilsen leverte eit formidabelt samspel med Madalena Sousa Helly-Hansen, eit så intenst spel at det mellom anna resulterte i eit trykk av Håkon Bleken. (!) Så følgde «De ti bud», basert på Kieślowskis fjernsynsserie «Dekalogen» før det som må ha vore den mest krevjande rolla han nokon sinne har aksla. I 2024 greidde Trøndelag Teater å hyre den russiske stjerneregissøren Yury Butusov (1961-2025) til å setje opp Henrik Ibsens «Kongsemnene» der Hans Petter Nilsen spela Hertug Skule, ein av dei to hovudrollene. For dei som har sett nokre av Butusovs framsyningar, vil dei vite at dei var eit teaterunivers for seg. I staden for å presentere ei forteljing, måla Butusov fram og skapte bilde, og som gjerne kunne endre seg frå dag til dag. Dette er ei ganske annleis og krevjande teaterform, og ikkje alle er like fortrulege med henne. Men i ei stor, fysisk krevjande, mangefasettert og særs vanskeleg rolle å tolke, greidde Nilsen dette meisterleg. Eg har meld mellom femti og seksti av dei produksjonane Hans Petter Nilsen har vore med i gjennom heile hans karriere. Og personleg vil eg meine at tolkinga hans av Skule Bårdsson er den avgjort sterkaste.

Framsyninga han omsider fekk ein Heddapris for, var «Eg er vinden» av Jon Fosse. I regi av Kjersti Haugen laga Hans Petter Nilsen og Ronny Patrick Jacobsen ein nyskapande og grensesprengjande framsyning som løfta teiknspråkteateret opp frå å vere nisjeteater til å bli allemannseige. Det var eit dristig prosjekt som kunne ha gått skikkeleg gale, eller i beste fall ha blitt to separate framsyningar i ei. Men i eit gjennomsynkronisert samspel med suveren timing og ei overtydande forståing av motspelaren sitt «uforståelege» språk, gav dei oss ei Fossetolking det vil gå gjetord om lenge.
Etter teppefall, men før utdelinga av Heddaprisar, har Hans Petter Nilsen i vår gitt oss nok ei ugløymeleg teateroppleving. Jean-Paul Sartres «For lukkede dører» blei, i regidebuten til Lea Fedida Claussen, sett opp som eit klaustrofobisk stykke der vi sjølve kjende oss som stengde inne i det same helvetet som dei tre på scena. Sjølv om dette først og fremst var eit formidabelt ensemblespel, var nok navet i framsyninga Hans Petter Nilsens tolking av Garcin.

Av det eg skriv over, kan det verke som eg meiner at komedie, revy og musikalar ikkje er like høgverdig teater som dei meir eksistensielle framsyningane Hans Petter Nilsen etter kvart har fått vere med i. Ikkje noko er meir feil. Når det gjeld Nilsens historie, er mitt poeng at han er ein skodespelar med mange sider og talent, og at han alt for lenge berre fekk vise delar av kva han kunne by på. Og at han, trass i at han nå får spele i eit langt meir variert repertoar, framleis er ein musikalartist og komikar av dei sjeldne, fekk vi tydeleg prov for i 2023 då han saman med Ivar Nergaard spela «Knutsen & Ludvigsen – på tide å stå opp» i regi av Øyvind Brandtzæg på Trøndelag Teaters hovudscene. Eg er så gamal at eg vaks opp med originalen, det vil seie Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen som Knutsen & Ludvigsen i Studentersamfundet i Trondhjem på 70-talet. Mange er dei som seinare har freista å mjølke suksessen, men eg må vedgå at det har vore mang ein pinleg seanse som langt frå har ytt songskatten og gjøglinga den rettvisa dei fortener. Og sjølv om rettigheitseigaren Øystein Dolmen er høfleg og lojal, trur eg heller ikkje han har vore særleg nøgd med alle kopiane han har fått presentert. Heilt til Nilsen og Nergaard synte oss korleis det kan gjerast. På premieren sat eg rett bak Øystein Dolmen, og kroppsspråket hans var ikkje til å ta feil av. Endeleg var det nokon som greidde det!

Då Hans Petter Nilsen og Ronny Patrick Jacobsen fekk Heddaprisen for særleg kunstnarleg innsats, ein pris som berre blir gitt ved heilt spesielle høve, og der det ikkje blir gitt nominasjonar, var det ingen som var så overraska som dei to prisvinnarane. For oss som hadde fått oppleve det eksepsjonelle og grensesprengjande samspelet deira i «Eg er vinden», var det derimot inga overrasking. Og Marit Moum Aune, som kjenner historia til Hans Petter Nilsen betre enn dei fleste, uttala på førehand at ho var skuffa over at dei to ikkje hadde fått ein Hedda-nominasjon. Men ettersom Hans Petter Nilsen, med unnatak av NRK-serien med Adamseplene for snart tretti år sia, etter det eg veit aldri har spela utanfor Trøndelag, er han for mange i resten av landet relativt ukjend. Eg har kalla han doldisen frå Nardo. Difor tenkte eg det kunne vere greitt å opplyse resten av det teaterinteresserte Norge om kven denne høgst fortente Heddaprisvinnaren er. Ein framifrå og særs allsidig skodespelar, tekstforfattar, gjøglar, musikar og songar. Og ein person som aldri har gløymt kor han kjem frå, med den same grunnleggjande rettferdskjensla som hans alter ego, Svein Berg.

