Kreativ galskap

Kreativ galskap

OPERA

DEVIL IN DISGUISE: Elskaren til Evrydike (Gunda-Marie Bruce) er i røynda dødsguden Pluto (Lars Eggen) som berre har kledd seg ut. Då er det ikkje like ille for Evrydike å vere i underverda. FOTO: EMMELOT GRACE PHOTOGRAPHY

«Orfeus i Underverdenen»
Opera di Setra, Svarthammerlia, Tylldalen, Tynset
Musikk: Jacques Offenbach
Libretto: Hector Crémieux og Ludovic Halévy
Omsett av: Mentz Schulerud
Tilarbeiding ved Ronald Rørvik og Toni Herlofson
Regi: Ronald Rørvik
Koreograf og regiassistent: Toni Herlofson
Scenografi: Plamena Dicheva
Dirigent og musikalsk arrangør: Eva Holm Foosnæs
Kormeister: Elin Persson
Kostymedesign: Anne Spets
Maskør: Maren Togstad
Kostymemakar: Kjersti Eckhoff
Med: Gunda-Marie Bruce, Lars Eggen, Magnus K. Fremstad, Gunnar Andor Nieland, Maia Reppe, Vilde Schwencke Johnsbråten, Sasaya Chavalit, May Toril Horten, Sigbjørn Berg Aastebøl, Hannah Hunslund, Vilde Marie Eikmo-Paulsen, Kjersti Elisabeth Pettersen, Sylvia Hetlelid Isaksen og Neven Marcetic.
Orkester: Eva Holm Foosnæs (dirigent og musikalsk leiar), Andrea Otterstad Johansen (fløyte), Jonas A. Viken og Iben Sofie Nygaard (fiolin), Ivan Penjin (bratsj), Eivind Rossbach Heier (cello), Jan Inge Moksnes (klarinett) og Kristian Bøkseth (fagott).
Kor: Nord Østerdal Operakor (litt utvida); Elin Persson (kormeister), Marte Bjørnsund, Kristina Horten, Heidi Charlotte Aas Larsen, Mina Wenstad Lohn, May Torill Horten, Ingeborg Bredesen Rusten, Eli Dorthea Moen Løkken, Oddbjørn Haugen, Halvor Horten, Einar Wenstad Lohn, Jesper Jordet, Neven Marcetic, Otto Klykken, Sander Larsen Amundsen og Brage Horten
Dansarar: Ella Foosnæs Eggen, Vilde Scwenke Johnsbråten, Vilde Marie Eikmo-Paulsen, Mina Wenstad Lohn, Kristina Horten og Neven Marcetic.

Velspela, underhaldande og heilakustisk opera i friluft, høgt til fjells og med kulturlandskapet som scenografi.

I femten år har produksjonsselskapet Opera di Setra freista å utfordre naturlovene ved å setje opp opera på ei seter i Tylldalen i Tynset, 825 meter over havet og utan straum eller aggregat. Bak dette halsbrekkande prosjektet står to generasjonar Eggen, kårkallen Arne som er operasjef, dottera Marit som er gardbrukar, og sonen Lars, skolert baryton og til dagleg leiar av Opera Trøndelag. På setra Svarthammerlia, dryge to mil sør for Tynset, er fjøset forlenga med ei scene forma som ein stor gapahuk, og med eit publikumsamfi med plass til 500. Med vakkert kultur- og seterlandskap som bakteppe, med kyr beitande heilt inntil fjøset også under framsyninga, og prisgitt vêrforholda, blir det her kvart år spela heilt akustisk opera på overraskande høgt nivå.

FIRBEINT PUBLIKUM: Setring og beitande kyr heilt inntil scena. FOTO: A. GRIMSTAD

Årets oppsetting er Jacques Offenbachs operette «Orfeus i Underverdenen». Den blei skrive i 1858 som ein parodi på den greske myten om Orfeus og Evrydike. Når Evrydike dør, reiser mannen hennar, den guddommelege musikaren Orfeus, ned til dødsriket for å hente henne heim att. Men i Offenbachs versjon er det meste snudd på hovudet. Orfeus (Magnus K. Fremstad) og Evrydike (Gunda-Marie Bruce) er gått lei av kvarandre og båe har nokon på si. Når Evrydike dør, er Orfeus difor lukkeleg over å bli kvitt henne, og når elskaren hennar (Lars Eggen) berre har kledd seg ut, og i røynda er dødsguden Pluto, er det heller ikkje like ille for henne å vere i underverda. Operetten er også ein kritikk av kongemakt og snobberi. Folkeopinionen er difor ein viktig ingrediens, personifisert ved «Den offentlege meininga» (Maia Reppe), som her er ein moralistisk sunnmøring, til forveksling lik ho Sylvi du veit. Ho pressar Orfeus til å reise etter Evrydike. Oppi dette menasjeriet dukkar også Jupiter, gudanes konge (Gunnar Andor Nieland) opp, og ei mengd andre smågudar. Meir skal eg ikkje fortelje, for til det er historia alt for omfattande og innfløkt.

DEN OFFENTLEGE MEININGA: Den sunnmørske moralisten «Den offentlege meininga (Maia Reppe) stel med seg Orfeus (Magnus K. Fremstad) for å hente heim Evrydike frå underverda. «Den offentlege meininga» omtalar på metavis seg sjølv som eit gresk kor som ikkje berre kommenterer, men også grip inn i handlinga. FOTO: A. GRIMSTAD

Regissør Ronald Rørvik og koreograf Toni Herlofson har tilarbeidd teksten til dagens forhald. Med ein god porsjon respektløyse har dei dikta vidare, og med ytterlegare lokal tilpassing frå Lars Eggen og Eva Holm Foosnæs, er historia krydra med ei rekkje humoristiske, dagsaktuelle, politiske, populærkulturelle og lokale referansar som gjer dette til stor underhaldning.

JUPITER SOM FLUGE: Jupiter, gudanes konge, (Gunnar Andor Nieland) kler seg om til ei fluge for å gjere hosene sine grøne, (eller var det blå?) overfor Evrydike (Gunda-Marie Bruce) i ei av dei mange spinnville og absurde scenene. Båe synte dei at dei i tillegg til songen også var habile skodespelarar med ein god porsjon komisk talent. FOTO: EMMELOT GRACE PHOTOGRAPHY

Ronald Rørvik har i sin regi vald ei særs uhøgtideleg tilnærming til stoffet. Operetten er opphaveleg skrive som to akter med fire scener, og seinare utvida til fire akter. Når det i Tylldalen berre er to akter på til saman to timar inklusive pause, seier det seg sjølv at mykje må komprimerast. Når alle likevel skal med, har det resultert i at mange av aktørane har fått litt for lite å spele på til å kunne etablere rollene sine fullt ut. Dette er framsyningas største problem og det gjer det også litt vanskeleg å henge med i forteljinga. Men Rørvik kompenserer med ei mengd absurde påfunn og kreativ og intelligent galskap som gjer at om vi ikkje forstår alt, så let vi oss villig underhalde i eit univers som ligg i spennet mellom scenekunstnarane Lisa Lie og Mads Bones.

HERLEG BLANDING: Her er alle samla, ei skikkeleg dugnadsblanding av profesjonelle og amatørar som gav oss kreativ og intelligent galskap i særs dyktig tapping. FOTO: EMMELOT GRACE PHOTOGRAPHY

Sjølv om dette både er mykje dugnad og eit lågkostprosjekt, held oppsettinga likevel eit overraskande høgt kunstnarleg og songleg nivå. Heile fjorten av aktørane er anten profesjonelle songarar eller under musikalsk høgare utdanning. Og utan bruk av mygg eller mikrofonar blir det levert imponerande songlege prestasjonar, også av det lokale koret som er blitt litt forsterka og som er dyktig instruert av kormeister Elin Persson. Gunnar Andor Nieland, Gunda-Marie Bruce og Lars Eggen som Jupiter, Evrydike og Pluto syner til fulle at dei også er gode skodespelarar med mykje komisk talent. Når galskapen er som verst, og det blir spela utan kryss og b’ar, kan dei andre songarane kompensere med sjarmerande overspel.

RO, RO: Eitt av mange døme på spinnville scener som her når Plutos tenar, Jon Styx (Sigbjørn Berg Aastebøl) skal passe på Evrydike (Gunda-Marie Bruce), men i staden forsøker seg på henne ved å synge om då han i sitt tidlegare liv var konge av Boeotia. (At denne scena grip rett inn i eit pågåande idrettsarrangement på motsett side av jorda, er heilt utilsikta.) FOTO: EMMELOT GRACE PHOTOGRAPHY

Offenbach skreiv stykket for tretti musikarar og utvida det seinare til langt fleire. Eva Holm Foosnæs har difor hatt ei formidabel oppgåve med å arrangere musikken for eit orkester på berre sju, men under hennar leiing er tonefølgjet blitt meir enn solid nok. Og akustikken på denne utandørs gapahukscena var forbausande bra. Det hjelpte sjølvsagt at det var uvanleg god diksjon på alle aktørane.

CAN CAN: Ein forrykande finale med «Galop infernal», kanskje meir kjend frå Moulin Rouge enn frå «Orfeus in Underverdenen». FOTO: A. GRIMSTAD

Det mest kjende innslaget frå denne operetten er «Galop infernal», eller «Can can» som det ofte blir kalla, eit dansenummer gjort udødeleg av Moulin Rouge og Folies Bergère på slutten av 1800-talet. Med seks unge dansarar, supplert av heile ensemblet, blei det ein forrykande finale som sette eit flott punktum for ei stor og underhaldande scenisk oppleving.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. juli 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.