Frå trollets ståstad
TEATER

(Elisabet Topp og Ida Ursin-Holm) nærast okkuperer huset ditt. FOTO: TORGEIR RØRVIK
«Trollet og bukkene Bruse»
Teater Ibsen, Brekkeparken, Skien
Av: Cecilie Grydeland Lundsholt
Regi: Cecilie Grydeland Lundsholt
Scenografi: Marianne Stranger
Kostyme: Unni Bang Andersen
Lyddesign/komposisjon/musikar: Sigbjørn Rell
Maskør: Hege Ramstad
Med: Hadle Reisæter, Elisabet Topp og Ida Ursin-Holm
Artig vinkling, sjarmerande og særs velspela, men ei litt for omstendeleg historie.
Eventyr, segn og myter er munnlege overleveringar, og alle veit at slik formidling ikkje alltid er til å stole på. Difor har dramatikar og regissør Cecilie Grydeland Lundsholt sett nærare på historia om dei tre bukkane Bruse og trollet. I eventyret er geitene søte, små uskuldige dyr, og trollet eit vondsinna monster. Men er dette sant? Kva om trollet er eit godsleg vesen som har søkt ro og stille under brua i øydemarka, og berre vil vere i fred? Og kva om geitene ikkje er tre bukkar, men to hoer, og i tillegg bråkete og innpåslitne masekråker? For det er slik det eigentleg er. Så Lundsholt har skrive om historia frå trollets perspektiv.

I Brekkeparken i Skien er det eit naturleg lite amfi der Marianne Stranger har laga eit vakkert og fantasifullt trollhus bygd som ei bru. Her kosar trollet (Hadle Reisæter) seg med å lese og slappe av før dei to geitene (Elisabet Topp og Ida Ursin-Holm) ein vår dukkar opp og tek seg til rette på hustaket hans. Kven er det som vil ha masete geitefrøkner trampande på taket sitt? Så trollet freistar alt han kan å få stoppa dei. Det greier han ikkje, men geitene kjem att om hausten, og då har han pønska ut andre løysingar. Sjølv om trollet er kreativ som få, og geitene ofte bit på, forstår dei likevel at dei blir lurt, og nektar å gå andre vegar. Til og med når trollet lagar ei eiga ny bru berre for geitene, er det ikkje godt nok for dei.

med villeiande skilting, men dei går ikkje alltid på. FOTO: TORGEIR RØRVIK
Vi følgjer desse tre gjennom eit par-tre år, stadig meir utspekulerte når dei på båe sider nyttar alle triks i boka. Det er artig, fullt av påfunn og gags og ungane kosar seg og tar raskt til å heie på trollet. Det er forståeleg for Hadle Reisæter er eit mildt og triveleg troll som det er lett å få sympati for. Medan geitene Elisabet Topp og Ida Ursin-Holm, utan å overspele, er så ekle og infame at det er få som ville ha hatt dei på taket, sjølv om dei og er sjarmerande på sitt vis.
Bukkane Bruse sett frå trollets perspektiv er velspela og oppfinnsamt barneteater, og regien er stram og god. Men finalen er i overkant føreseieleg, historia er blitt vel omstendeleg, og etter mitt syn kunne Lundsholt med fordel ha konsentrert seg om berre geitene og trollet, og ikkje blanda inn mange andre forteljartekniske, men forstyrrande element.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 22. juni 2026.)
