Mektig og storslått

TEATER

KONGEN OG LANDSTRYKAREN?: Populærkulturelle referansar i aust og vest, som når Hertug Skule (Hans Petter Nilsen) i møte med kong Håkon (Arturo Scotti) blir framstilt som Charlie Chaplin. FOTO: VEGARD EGGEN

«Kongsemnene»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Henrik Ibsen
Regi: Yuri Butusov
Scenografi og kostyme: Aleksandr Shishkin-Hokusai b
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Arturo Scotti, Hans Petter Nilsen, Ingunn Beate Strige Øyen, Synnøve Fossum Eriksen, Tomas Jensen Takyi, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Emma Caroline Deichmann, Per Bogstad Gulliksen, Isak Holmen Sørensen, Fabian Heidelberg Lunde, Emil Olafsson og Snorre Ryen Tøndel

Ei oppsetjing som er ulik det meste eg har sett, og som ved å blande alt og inkje likevel greier å vere eit heilskapleg kunstverk.

Henrik Ibsens «Kongsemnerne» blei skrive i 1863, og er eitt av hans siste historiske drama. Handlinga er lagt til starten av 1200-talet, slutten på dei over hundre år lange borgarkrigane i landet, og dreier seg om rivaliseringa om kongsmakta mellom Håkon Håkonsson og Skule Bårdsson. Dramaet er tekstrikt og langt, og både difor, og fordi det kan verke litt utdatert, blir det ikkje spela så ofte lenger, faktisk berre to oppsetjingar dei siste 25 åra. Men, tretti år etter førre gong, har Trøndelag Teater vald å setje det opp som hovudsceneproduksjon, og til det har dei greidd å hente inn den russiske regissøren Yuri Butusov. Opposisjonell og ein sterk kritikar av Putin, har han tatt med seg familien og gått i eksil, og er for tida ein nomade utan fast bustad. I Norge har han tidlegare sett opp eit par produksjonar på Hålogaland Teater for snart 20 år sia, i tillegg til eit russisk gjestespel av Jon Fosses «Draum om hausten» på Det Norske Teatret i 2019.

Butusovs regigrep og teaterspråk er nok uvand for dei fleste her heime. Han presenterer bilde, – store spektakulære bilde, og han er perfeksjonist og openbert heilt kompromisslaus. Saman med scenograf og kostymedesignar Aleksandr Shishkin-Hokusai og teaterets eigen lysdesignar, Eivind Myren, og ikkje minst med eit strålande opplagt ensemble, presenterer han noko av det mektigaste eg har sett på Trøndelag Teater. Han nyttar omtrent alle dei verkemiddel som finst i scenekunsten, med stadige digresjonar og brot med humor, absurditetar og ikkje minst spennande lydspor. Og trass i alle dei ulike verkemidla som kunne ha gjort dette til berre ei mengd påhitt, har han greidd å lage ei heilskapleg framsyning, tydeleg i sitt forsett, fengslande og til ettertanke, men faktisk også særs underhaldande.

Håkon Håkonsson (Arturo Scotti), som i si tid blei brakt i redning av birkebeinarane, er nå blitt vaksen, er populær og etter at kong Inge døydde har han late seg utrope til konge i Norge. Han er son av Håkon Sverresson og frilla Inga frå Varteig (Ingunn Beate Strige Øyen), men herkomsten er litt uviss, så Inga har bore jarnburd og slik stadfesta at Håkon er retteleg tronarving. Jarlen Skule Bårdsson (Hans Petter Nilsen), halvbroren til kong Inge, forstår at slaget om kongsmakta er over, og som plaster på såret tek Håkon dottera hans, Margrete (Synnøve Fossum Eriksen), til kone og gir samstundes Skule hertugtittel. Men den intrigante, maktsjuke og manipulerande biskop Nikolas (Thomas Jensen Takyi), vil det annleis og set grillar i hovudet på Skule om at kongsmakta likevel ikkje er tapt. Og så får vi ei årelang rivalisering mellom dei to som endar med at Skule blir drepen ved Elgeseter kloster, rett over elva for Trøndelag Teater.

Historia er interessant nok, men det er rivaliseringa, psykologien, maktspelet og ikkje minst tru og tvil som er temaet. Og så ligg det også ei godt synleg antikrigs-haldning i botn. For å få fram alt dette målar Butusov bilde etter bilde med uvanleg brei pensel, og med den mest fargerike palett eg har sett på noko teater. Det er sjangerblanding både i kostyme og spel, det er komikk og djup tragedie, og det er lydspor frå Bach og Händel via Led Zeppelin og Beatles til Mari Boine og Ole Paus. Til berre å kunne russisk, og med overflatisk kunnskap om Norge, er det meir enn imponerande kor presise situasjonar og illustrasjonar Butusov greier å skape. Scenografien er ei historie for seg, i opninga eit svart ruinert landskap, ei krigssone, men som ved den mest omfattande bruk av snorloftet endrar seg i takt med handlinga. Det er symboltunge verkemiddel, og avstikkarar til dette og hint frå Chaplin til komisk akrobatikk og figurteater. Og aldri har eg sett ein meir omfattande, men vellukka lysdesign frå Eivind Myren.

Ibsen er kjend for sterke kvinner, også i nokre av dei historiske dramaa. I denne oppsetjinga er dei fire kvinnene reduserte til berre mødrer og koner, og det er nok meir Butusovs enn Ibsens val. For trass i mangslungen handling og mange aktørar i dette maktspelet, er det i røynda Håkon, Skule og delvis bispen dette dreier seg om. Thomas Jensen Takyi er eit fyrverkeri og eit oppkome, ikkje minst fysisk, i sin presentasjon av biskop Nikolas. Arturo Scotti er tydeleg og myndig som Håkon, ein mann med eit kall han gjer alt for å følgje. Men det er Hans Petter Nilsen som Skule, rivalen, og ikkje minst tvilaren som har fått mest å spele på. Og han gjer det overtydande, vart og med stor innleving. Samstundes som han formidlar ein som slit med tvilen, greier han også å handtere både Chaplin, og alle digresjonane.

I Yuri Butusovs regi har «Kongsemnene» fått ny vitalitet, og er blitt ei uvanleg mangesidig framsyning i ei sjangerblanding som kunne ha blitt sprikande, men som likevel har ei klår retning og eit tydeleg forsett.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 10. februar 2024.)

Leave a Reply