Kva gjer dagens Nora?

Kva gjer dagens Nora?

TEATER

SKÅL!: Vennepara Torvald (Patrick Hilmar Ingvaldsen), Vidar (Christian Eidem), Kriss (Tiril Ramberg) og Nora (Ingrid Myhre Løvik) står på terskelen til det forpliktande. Går det bra? FOTO: VEGARD EGGEN

«Keplers Et dukkehjem»
Trøndelag Teater, Studioscenen
Inspirert av Henrik Ibsen
Konsept og regi: Arturo Scotti
Scenografi og kostyme: Vilde Jønland
Lysdesign: Daniel Takle Piel
Med: Ingrid Myhre Løvik, Patrick Hilmar Ingvaldsen, Tiril Ramberg og Christian Eidem

Med humor og uvanleg god observasjonsevne syner Arturo Scotti og Kepler Teater oss dagens Nora og Torvald.

Kepler Teater er ei frigruppe som blei skipa i Oslo i 2019 av og for folk i 20-åra. Primus motor er skodespelaren Arturo Scotti som etter utdanning på KhiO har vore tilsett ved Trøndelag Teater der han har gjort ei rekkje store rolletolkingar. Men parallelt har han også skrive og regissert framsyningar både for Kepler Teater, og i samarbeid med Trøndelag Teater, Studentersamfundets Interne Teater og frigruppa Markveien Drueklubb. Sams for desse produksjonane, i tillegg til at dei er uvanleg kreative, er at dei fortel historier frå eit ungdommeleg perspektiv. I 2028 er det 200 år sia Henrik Ibsen blei født, og som ein ouverture til jubileumsåret har Trøndelag Teater invitert Scotti og Kepler Teater til å lage ei framsyning basert på Henrik Ibsens «Et dukkehjem», men med utgangspunkt i dagens unge og kva dei balar med i parforholda.

FRAMTIDSVYAR: Med utsikt til Trondheimsfjorden og med kjærleiken til kvarandre, er framtidstrua stor for Nora (Ingrid Myhre Løvik) og Torvald (Patrick Hilmar Ingvaldsen). FOTO: VEGARD EGGEN

Nærare 150 år etter at Nora gjekk frå mann og barn er vi i Trondheim, heime hjå Nora (Ingrid Myhre Løvik) og Torvald (Patrick Hilmar Ingvaldsen). Dei er moderne menneske. Ho er aktiv, utåtvend og driv med marknadsføring medan han er litt meir sosialt utilpass og arbeidar som førskulelærar. Etter å ha vore kjærastar i åtte år, og vore alt for kvarandre, skal dei om få dagar gifte seg. Framtida er ljos, og vyane blir delte med venneparet Vidar (Christian Eidem) og Kriss (Tiril Ramberg) som ligg litt framom i løypa og alt ventar barn.

KJENSLER: Kjensler er vanskeleg å formidle utanom inkjeseiande fraser om at «eg elskar deg», så då tyr Torvald (og dagens undom) i staden til song. FOTO: VEGARD EGGEN

Med overraskande stor observasjonsevne gir Scotti oss to par på terskelen til livet med herlege, ofte humoristiske og lett attkjennelege referansar til vår tid. Men utan å hamne i vareoppteljing, er spora frå Ibsens Nora og Torvald også meir enn synlege. Slik utviklar det seg til eit fornøyeleg og litt ironisk kammerspel, og kunne nesten ha greidd seg med det. Men Kepler er ikkje Kepler om dei ikkje finn på uventa vriar. Slik er det også her. Eg skal halde meg frå å gi noko resymé for her er overraskingane ein viktig del av opplevinga. Men det dreier seg om ein fullstendig dekonstruksjon av situasjonen og historia, og ei rekkje kreative metagrep der Scotti lar oss tru at framsyninga er i ferd med å havarere berre for å syne oss at dette er del av regien.

SER HAN HENNE?: Sjølv om mykje er endra på 147 år, også med tanke på kjønsroller, er det framleis slik at Torvald (Patrick Hilmar Ingvaldsen) ikkje forstår så mykje av Nora (Ingrid Myhre Løvik), og i røynda ser henne som ein ting eller som sin lerkefugl. Veneparet Kriss (Tiril Ramberg) og Vidar (Christian Eidem) kan lite gjere. FOTO: VEGARD EGGEN

Scenografien til Vilde Jønland er opphaldsrommet til Nora og Torvald der duk, gardiner og lysekrona etter kvart får vesentlege roller. Det gjer også suffløren Martha Løseth Borgen og inspisienten Hanna Solstad utan at eg skal røpe meir om det. Som i Ibsens originalmanus, ber også dagens Nora på ein løyndom. Framsyningas hovudtema, i tillegg til ein meir enn overtydande situasjonsrapport, er korleis Torvald, Nora og venneparet taklar dette.

SKAL/SKAL IKKJE: Kjem Nora til å bli eller gå? Det er framleis det store spørsmålet sjølv om settinga er ganske endra. Her har suffløren Marta Løseth Borgen også entra scena for å dokumentere det heile. FOTO: VEGARD EGGEN

Dei fire på scena er i rette alderen, kjenner openbert sjargong og veremåte godt og blir såleis særs truverdige. Som i fleire tidlegare Kepler-produksjonar, kjenner eg meg som ei fluge på veggen som høyrer autentiske samtalar eg ikkje skulle ha høyrt. Dialogen verkar ekte, men veremåten til denne generasjonen er endå meir på kornet. Å uttrykke kjensler er så vanskeleg at dei nyttar songar for å få dei fram. Språktilfanget blir då også så fattig at dei stadig må ty til engelsk. Og som ungdom flest snakkar dei så fort og lite artikulert at det stundom er uråd å følgje med. Manglande diksjon er eit generelt problem i norsk teater, men her er det faktisk del av pakka. Bryllaupet er blitt eit ritual utan innhald, større enn seg sjølv, og handlar berre om kva som er rett og ikkje, om staffasje og ting. Og om posering. For når Torvald skal halde tale til Nora, vender han seg frå henne, og ser i staden inn i eit kamera og mot publikum. Alt er utvendig, fasade, posering, – og innhaldslaust.

«Keplers Et dukkehjem» er eit velskrive, godt regissert og presist framført tidsbilde, både overraskande og underhaldande. Men avslutninga blir noko melodramatisk, så Ibsen er nok framleis betre på å skrive finalar.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 17. oktober 2026.)

One thought on “Kva gjer dagens Nora?”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.