TEATER
«La oss snakke om klasseforskjeller i Norge»
Kepler Teater og Markveien Drueklubb, GEM Studios, Torshov
Av og med: Kepler Teater og Markveien Drueklubb –
Anders Holmberg Lurås, Arturo Scotti, Elisabeth Aschehoug, Ingeborg Myklebust, Maia Viken, Philip Lie Petersen, Sara Wist Tangenes og Sigurd Spørck Thoresen.
Også det heilt enkle, nesten til det banale, kan gi gode opplevingar. Og vi treng møteplassar som den Kepler Teater og Markveiens Drueklubb inviterte til.
Det er ikkje alltid så enkelt å følgje med i underskogen, for der gror det fram både likt og ulikt, og ikkje alle er like flinke til å fortelje meg om sin eksistens. Men nokre har fått merksemda mi, og ein av dei er skodespelaren Arturo Scotti. Etter utdanning på KhiO i 2023 har han vore tilsett på Trøndelag Teater, og slik sett vore langt unna det ein kan kalle underskog. Men mange meir eller mindre etablerte skodespelarar har fleire jarn i elden, og slik er det også med Scotti. Saman med nokre andre, stort sett i Oslo, driv han også Kepler Teater, ei lauseleg samansett gruppe som eg har sett og meld to framsyningar av («Spis de rike» og «Tenk på barna»), som har samarbeidd om ein produksjon med Studentersamfundets Interne Teater i Trondheim, og som til hausten er invitert inn i varmen og skal setje opp «Keplers Et Dukkehjem» på Trøndelag Teater. Og for eit par veker sia, hadde Kepler det ein vel så mykje kan kalle eit teaterstunt saman med ei tilsvarande gruppe. Markveien Drueklubb har halde på eit par tre år, men er eit heilt nytt kjennskap for meg.
To kveldar midt i mai hadde desse to gruppene leigd ein villa med stor hage på Torshov i Oslo, og der inviterte dei til framsyninga «La oss snakke om klasseforskjeller i Norge». Det var ein på same tid uvanleg og forpliktande tittel, og nysgjerrig som eg er på kva desse ambisiøse og kreative ungdomane held på med, og også med fartstid på nærare femti år i Klassekampen, var det naturleg at eg stakk innom.
I denne villaen blei vi mottekne i ei hagestue, og bedne på vinsmaking,- av alle ting. Eit sekstitals menneske, der ein dryg handfull nok var foreldre, medan resten var ein stad i tjueåra, kosa seg med samtalar og vin før vi flytta oss inn i ei stue der sjølve framsyninga (i den grad ein kan kalle henne det) tok til.
Medan det blei bydd på meir smaking (eg trur det blei både raud, kvit og rosé etter kvart) benka vi oss på puter og stolar rundt det som kunne minne om eit leirbål midt på golvet. For her var det lett å forstå at vi var attende til scenekunstens årestad. Forteljinga rundt leirbålet. Vinsmakinga hadde si eiga kuriøse sponsorhistorie som eg ikkje skal kome inn på her, men det var mange av oss som nok lurte litt på elefanten i rommet. Her samla vi oss i ein patrisiarvilla for å smake på vin, og deretter snakke om klasseskilnadar. Hang det heilt i hop?
Men symptomatisk for det vi fekk oppleve denne kvelden på Torshov, parerte aktørane slike innvendingar på uvanleg sjarmerande vis. For druer, som er grunnlaget for vin, blir jo trakka på så det held. Der var parallellen som avvæpna all kritikk. Så tok det heile til som ein lauseleg samtale mellom aktørar og sal. Vi blei først bedne om å rekke opp handa om vi kjende oss som arbeidarklasse, for så å få fleire tilsvarande spørsmål. Så blei vi spurte om vi kunne hugse første sommarjobben vår, og sjølv om dei fleste synst det er kleint å ta ordet eller gjere noko på teater, så kom her den eine historia etter den andre, og nokre av dei ganske spesielle. På eit umerkeleg vis hadde tersklane for å ytre seg forsvunne, og før vi visste ordet av det, var salen, eller stua, eit hav av opprekte hender frå folk som hadde noko å melde.

Etter kvart kom vi sjølvsagt også inn på klasseskilnadar, ulikskap, korleis det artar seg og kva vi kan gjere med det. Og ikkje minst om kva kunstens rolle i dette er. Ein del av det som blei sagt, blei skrive ned i sanntid som stikkord og projisert på veggen medan samtalen gjekk, og det forbausande ubesværa. Det heile var så laidback og avslappa at ein skulle tru det var fullstendig utan plan, men at dei berre improviserte seg fram. Men det som kan sjå tilfeldig ut, er ofte nøye planlagd. Det fekk vi tydeleg prov på i kveldens største sidespor. For i praten om jobbar, draumar osb. kom kveldens store brot då Arturo Scotti tok til å fortelje om karrieren sin som breakdansar. Vi fekk sjå artige gamle fjernsynsopptak frå talentkonkurranse med ein fjortenårig yngling. Og då kom det sjølvsagt folkekrav om at han måtte vise oss kva han var god for. Motstrevande og litt vegrande gjekk han etter kvart med på det som vi trudde ville være utan regi eller øving på førehand, før ei av dei andre på «scena» kunne fortelje at om vi trudde dette kom spontant, så tok vi feil. Dette var nøye planlagd!
Slik heldt denne kvelden fram som ei samling rundt leirbålet, plassen der ein deler gode historier, løyser verdsproblema eller i alle fall møtest for å diskutere og utveksle dette og hint. Fullstendig upretensiøst, og så godt regissert at det verka som alt var tilfeldig. Og av nokre små hint i invitasjonen til denne seansen går det fram at dette truleg er første del i ei rekkje slike samtaleframsyningar. Det applauderer eg. Eg har nettopp vore i Stavanger og sett premieren på Arne Lygres siste drama, «Vær meg fremmed», og nytta «Møteplassen» som overskrift på meldinga mi. Ei av dei varmaste og beste framsyningane eg såg i vinter, var Teater Innlandets «Takk for livet – en hyllest til Håkon Banken». Den handla sjølvsagt om den såre køntrimusikken til Banken, men først og fremst om at nå må vi snakke saman. For i dette samfunnet, der alle sit kvar for seg med nasen i ein skjerm, er det viktigare enn nokon gong at det finst møteplassar der vi kan møtast fysisk, bli kjende og snakke saman. Jamvel om «La oss snakke om klasseforskjeller i Norge» er enkel, nesten til det banale, så skriv prosjektet seg inn i noko større, og der eg trur kunsten har ei viktigare og meiromfattande rolle enn dei fleste forstår.

