Huset i Berjaflotvegen 9
TEATER

«Vi er brødrene Eikemo»
Det Vestnorske Teatret, hovudscena
Av: Marit Eikemo
Dramatisert av: Thomas Bye
Regi: Jeff Pedersen
Scenografi og kostyme: Silje Sandodden Kise
Med: Christine Hope, Idun Losnegård og Irene Waage
Ei god dramatisering blir skjemma av eit regival som lar finstemd humor gli over i rein parodi.
For to år sia skreiv Marit Eikemo romanen «Vi er brødrene Eikemo» som var eit bittersøtt skråblikk på det store huset i Berjaflotvegen 9 i Odda der ho sjølv vaks opp. Eit hus som bestefaren hennar bygde rett etter krigen, stutt tid før han døydde og kona sat att med fem søner og inga inntekt. Eldstesonen Per, Marit Eikemos far, blei brått vaksen då han, berre fjorten år gamal måtte ta seg arbeid på Zinken for å forsørgje familien. Nå er han 86 år, han bur åleine i huset, og tida er i ferd med å renne ut.
I ein samproduksjon mellom Det Vestnorske Teatret og Teater Vestland har Thomas Bye, som er teatersjef på Det Vestnorske, dramatisert romanen. I Silje Sandodden Kises illustrerande scenografi som er eit skjelett av eit hus i mange etasjar, møter vi dei tre skodespelarane Christine Hope, Idun Losnegård og Irene Waage. I utgangspunktet er dei Marit og systera hennar som kjem heim for å rydde, tømme og minnast etter farens død, men i tillegg spelar dei både dei fem brørne og besteforeldra.

Gjennom framsyninga der dei tre arbeider seg gjennom skuffar og skap, og minne på minne, får vi presentert ein vanleg arbeidarklassefamilie som etter kvart syner seg slett ikkje å vere så vanleg. Eller kanskje eit prov på Ivar Lo-Johanssons devise om at alt det spennande finst hjå arbeidarklassen? For her er amerikareiser, maratonløping, verdsrekordar, bortsette barn, stor skaparkraft og ein tapt ungdomstid. Men samstundes heile tida den lune humoren i alle skråblikka. Og i botn ligg ei god forteljing om norsk attreisings- og etterkrigshistorie.
Dramatiseringa og forteljargrepet til Thomas Bye er gjort med gode val for å understreke og få fram Eikemos forteljing. Starten på framsyninga er særs lovande der regissøren Jeff Pedersen har tatt godt vare på historia med ei fin blanding av humor, nostalgi og alvor. Og dei tre på scena utfyller kvarandre godt der dei samstundes er både same person og mange andre, men heile tida utan at det er vanskeleg å henge med.
Men så skjer det gradvis ei endring. Om det er eit medvite regival, veit eg ikkje, men vellukka er det diverre ikkje. For etter kvart glir den finstemde humoren over i det parodiske og eit i dobbel tyding alt for høgrøysta spel der dei fine nyansane i forteljinga ikkje lenger kjem til sin rett.
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 8. september 2026 under overskrifta «I skuffar og skap».)