Leik og oppleving

Leik og oppleving

TEATER

EIN NY «ISME»: Montørane (Gilles Berger og Espen Dekko) gløymer sitt eigentlege oppdrag, og i staden for ei utstilling av Kandinskij-inspirert kunst, endar dei opp med dekonstruktivisme. FOTO: KRISTIAN WANVIK

«Utstillingen»
Cirka Teater, Teaterkjellaren, Trøndelag Teater
Av: Cirka Teater
Regi: Anne Marit Sæther
Scenografi: Gilles Berger
Musikk: Martin Smidt
Med: Espen Dekko og Gilles Berger

Cirka Teater har laga nok ei leiken framsyning full av oppleving og humor.

Til opninga av Turnéteatret i Trøndelag for ni år sia laga Cirka Teater framsyninga «Garage» som eigentleg ikkje handla om noko som helst anna enn to mekanikarar, eller rettare skrotnissar, som utan å seie eitt ord heldt på med å leike seg i ein garasje. Med Gilles Bergers kreative scenografi kan då det meste skje. Nå har dei laga ei tilsvarande oppsetjing som for tida går som gjestespel på Trøndelag Teater. Espen Dekko og Gilles Berger er to galleritilsette montørar som held på å gjere klårt for kunstutstillinga «Høna eller egget». Med hanskar, og så varsame som det er mogeleg å vere, pakkar dei opp og monterer tre kunstverk, og med litt innlagd humor får dei også sett opp eit vifteforma bakteppe.

Det er typisk for kunstnaren og scenografen Gilles Berger at dei tre innramma bilda er så vakkert komponert både med tanke på farger og form at dei fleste nok godt kunne tenkje seg å ha dei på stoveveggen. Men verka får ein annan lagnad. Dei to montørane nærmar seg ferdigstilling, det er enno ein halvtime til galleriopning, og dermed tid for litt mat. Men så syner det seg at dei har gløymt av ei lita pakke, og fram frå bobleplast og papp, kjem det eit egg. Det finn dei ikkje plass til, og legg det difor attende i kassa. Men som alle veit, kan eit egg bli til eit lite gult og fjørkledd nurk som seinare kan vekse seg større, og større, og større….

OMSORG: Egg kan bli til fjørkre, og då trengst det både mat og reir. Så kva er meir naturleg enn at den nye bustaden blir del av utstillinga?. FOTO: KRISTIAN WANVIK

Kva som vidare skjer skal eg halde meg frå å røpe, men i denne kreative og leikne oppsetjinga kan alt skje, og det gjer det også. Og for å bøte på alle dei uventa problema som oppstår, «gløymer» dei to sitt eigentlege oppdrag og nyttar element frå kunstverka til å løyse problema sine. Så i den grad denne kunstutstillinga kan representere noka stilretning eller isme, må det vere dekonstruktivisme.

Korleis det går, både vidare og til slutt, er i røynda uinteressant, for dette er først og fremst ei opplevingsreise der du aldri veit kva som kan bli det neste. Framsyninga er ein hyllest til leiken, sjølv om tema eigentleg ligg i spennet mellom ansvar og omsorg på eine sida, og leik på den andre, men der den barnlege gleda ved å undre seg og å leike, er det gjennomgåande.

Anne Marit Sæther har ansvaret for regien, og ho har i hovudsak greidd å skape stadig nye situasjonar sjølv om det mot slutten nok går litt tråare. Personinstruksjonen er god for dei to på scena ser meir ut til å leike seg enn å spele teater. Og då er vel det meste sagt?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.