Skal ein sjå vekk?

Skal ein sjå vekk?

TEATER

LIVVAKTAS OPPGÅVE: Livvakta Kjersti (Kjersti Elvik) gjer som nasjonen og ser vekk når spørsmåla blir vanskelege. FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

«Sønnen»
Den Nationale Scene, Kulturhuset, Bergen
Av: Kate Pendry
Regi: Mads Sjøgård Pettersen
Med: Kjersti Elvik, Jonas Stene Skjelde og Jonas Fuglevik Urstad

«Sønnen» er ei litt sprikande framsyning som på modig vis grip inn i si tid og stiller eit høgst relevant spørsmål.

Torsdag 18. juni sat eg på eit hotellrom i Bergen utan noko å gjere. På tre dagar skulle eg sjå fire teaterframsyningar der ein av dei var urpremieren på «Sønnen» av Kate Pendry på Den Nationale Scene. Som dei fleste nå veit, handlar den mellom anna om Marius Borg Høibys oppvekst og rettssaka mot han. Men så blei premieren utsett til etter sommaren. Under handa fekk eg vite at årsaka var ein kombinasjon av fleire faktorar. Produksjonen var ikkje heilt ferdig, dommen i rettssaka skulle kome tre dagar før premieren, og i tillegg var helsetilstanden til kronprinsessa drastisk forverra.

VIDEO: Mykje av framsyninga er video av livvakta Kjersti (Kjersti Elvik) på veg til og frå, men videobruken er ikkje alltid like godt motivert. FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

Ny premiere for «Sønnen» blei sett til laurdag 29. august. Som ein lagnadens ironi var det dagen etter at kongen døydde. Den Nationale Scene er under oppussing, og teateret er difor avhengig av leigde lokale rundt om i Bergen. Spelelokale var tinga, billettar selde og pressa invitert. For å unngå at tilreisande presse måtte reise fåfengt til Bergen, lét teatersjefen, Solrun Toft Iversen, den opphavelege premieren gå som ei lukka framsyning for presse og produksjonsapparat medan den opne premieren blei utsett til veka etter. Når pressa får kome på ei generalprøve eller lukka førehandsvising, er det ei uskriven lov at meldarane ikkje publiserer kritikken før etter den opne premieren. Men berre tre timar etter teppefall på den lukka visinga publiserer Aftenposten ei stort oppslått melding under tittelen «Teaterhistoriens verste timing». I dagane etter følgde meldarane i NRK og Shakespearetidsskriftet opp med same indignerte moralisme. Så var bråket i gang. Men den som verkeleg stod for dårleg timing, var Aftenpostens meldar som ikkje greidde å styre seg. I tillegg meinte han at framsyninga burde ha blitt utsett ein heil månad. Då har han lite kunnskap om drift og kostnadar på eit teater. Og då eg såg framsyninga ei snau veke seinare, opplevde eg ikkje at det var nokon i publikum som fann tidspunktet særleg upassande.

OVERTYDANDE: Kjersti Elvik gjer ei sterk og overtydande rolletolking som livvakta Kjersti. FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

Om einkvan derimot fann innhaldet upassande, er ei heilt anna sak, for ei av teaterets oppgåver er å provosere. Men det gjorde denne framsyninga i særs liten grad. I staden er det blitt ein grundig og nøktern gjennomgang av dei faktiske forholda i ei fin blanding av dokumentarteater og fiksjon. Både dramatikar Kate Pendry og regissør Mads Sjøgård Pettersen sat i rettssalen under heile saka mot Marius Borg Høiby, så faktagrunnlaget deira er upåklageleg.

I kulturhuset i Bergen er scena organisert som ein u-forma catwalk som snor seg mellom publikum. Hovudpersonen, Kjersti (Kjersti Elvik) er sjukepleiar, politi og soldat med røynsler frå Telemarksbataljonen og skarpe oppdrag på Balkan og i Afghanistan. I fleire år har ho vore tilsett av kongehuset som livvakt for «sønnen». Men ho er også beden om å vere kongens auge og øyre. Kjersti fortel oss om bakgrunnen sin, og om oppgåva ho har fått. Den er å passe på at guten ikkje blir skadd eller kidnappa, men ikkje å forsvare han mot seg sjølv.

OGSÅ PRIVAT: Livvakta Kjersti (Kjersti Elvik) har også eit privatliv. Kva gjer ho når sonen Jonas (Jonas Stene Skjelde) gjer ting han ikkje burde? Ser ho vekk då også? FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

Gjennom ei intens framsyning med tidvis høgt tempo, får vi innblikk i både ungdomstid på Skaugum og rettssaka om alle overgrepa. Historia blir krydra med anekdotiske kommentarar, ofte kvinnelege, frå pausar og toalettbesøk i tinghuset. Presentasjonen er ei blanding av video og live som ikkje alltid verkar like motivert. I ei forrykande og særs overtydande rolletolking frå Kjersti Elvik si side blir vi presenterte for livsløpet til ein gut som ikkje har bede om å kome i rampelyset, men som alt frå treårsalderen får eit fulleksponert privatliv. Gjennom denne vinklinga såg eg difor lenge parallellar til tematikken Pendry presenterte i «Tales from a Wicked Child» frå 2004 om demonisering av unge kriminelle og spørsmålet om «født slik eller blitt slik». Men sjølv om Marius openbert er «blitt slik», har Pendry eit anna førelegg denne gongen.

KVINNELEGE KOMMENTARAR: Framsyninga er krydra med små anekdotar frå rettssaka, og ofte overhøyrde replikkar frå dametoalettet. FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

For når Marius køyrer for fort, nyttar ulovlege rusmiddel eller gjer andre lovbrot, grip ikkje Kjersti inn. Ho ser vekk. Å sjå bort blir etter kvart det sentrale i framsyninga som er ei historie med mange, kanskje litt for mange, lag, og der fiksjonen grip fikst inn i det faktabaserte. For Kjersti er også ein privatperson og mor. Ho har ein son på same alder som Marius. Så korleis reagerer Kjersti når hennar eigen son, Jonas (Jonas Stene Skjelde), gjer slikt han ikkje bør? Ser ho vekk då også?

FORTRULEG SAMTALE: Kongen (Jonas Fuglevik Urstad) byr på ein whisky og vil vite kva som gjekk gale. I Kjerstis svar ligg framsyningas viktigaste tema. FOTO: SEBASTIAN DALSEIDE

Mi viktigaste innvending mot «Sønnen» er at den har for mange tema før den kjem til hovudpoenget, og det i ei scene som kan mistolkast. Mot avslutninga har Kjersti ein fortruleg og privat samtale med kongen (Jonas Fuglevik Urstad) om kva som gjekk gale. Scena blir spela ut i to ulike versjonar, men kan likevel mistydast. Når Kjersti skuldar kongen for å ha svikta ved å ha sett bort, kan det tolkast som ein kritikk av han privat. Men eg les det som ein kritikk av det han representerer. For korleis kan vi, – nasjonen, sjå vekk samstundes som vi held ein heil familie som gissel gjennom vårt val av styreform? Det er eit høgst relevant spørsmål som det bør vere meir passande enn nokon gong å diskutere ved eit tronskifte.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 8. september 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.