Skysskarens svanesong

Skysskarens svanesong

TEATER

GRUNDIG LOGGFØRT: Frå ei mengd sirleg førte loggbøker hentar Nils Vik (Kyrre Eikås Ottersen) fram historie på historie frå sitt tilsynelatande heilt ordinært, men likevel mangslungne liv. FOTO: CECILIA MOLANDER

«Den dagen Nils Vik døde»
Teater Vestland
Av: Frode Grytten
Dramatisering: Aslak Moe
Regi og scenografi: Birgitte Strid
Med: Kyrre Eikås Ottersen

Eit heilt vanleg liv blir til noko langt meir i Kyrre Eikås Ottersens overtydande, men lågmælte tolking.

Frode Gryttens roman «Den dagen Nils Vik døde» (2023) trefte både publikum og kritikarar med si stillferdige, kjærleiksfulle og inderlege skildring av den aldrande skysskaren Nils Viks siste reis. Det er ikkje alle romanar som egnar seg for dramatisering sjølv om det kan vere freistande for eit teater å mjølke ein slik suksess. Men med Teater Vestlands iscenesetjing, greier dei å attskape det meste av atmosfæren frå boka. Det skuldast ei audmjuk og god forståing for Gryttens tekst, og ikkje minst solid arbeid både i dramatisering, regi og spel.

Nils Vik (Kyrre Eikås Ottersen) er ein aldrande skysskar. Rett etter krigen kjøpte han båten som han bygde om og som han har nytta til å ferje folk både hit og dit i eit fjordlandskap der vegane er få, og dessutan ikkje alltid opne. Nils Vik og båten hans har vore avgjerande i mang ein lagnad for folket langs kysten, og tallause er dei historiene som han og hunden hans, Luna, kan fortelje.

FØLGJESVEIN: Hunden Luna, for lengst avliden, er likevel sjølvsagt med, og like sjølvsagt er det at ho kan snakke. FOTO: CECILIA MOLANDER

Luna er for lengst borte, dei to døtrene har flytta ut, og Marta, kona hans, har også gått bort. Einsemda og alderen gjer sitt, og ein novemberdag tar Nils sitt endelege val. Etter å ha stått opp, kastar han senga ut av vindauget og tenner på henne. Etter den vanlege frukosten går han ned i båten, som sjølvsagt heiter Marta etter kona, og legg ut på si siste reis. Og på denne turen dukkar minne og menneske opp. Samt hunden Luna, som med eitt er spill levande, men ikkje berre det. Ho kan også snakke. Dei to deler mangt eit minne medan båten Marta tøffar utover fjorden. Og i bakgrunnen er soundtracket NRK P1.

Med ei lågmælt og kjærleiksfull forteljarstemme får vi heile livshistoria til denne kvardagshelten, og eit vell av ulike menneske han har treft og skyssa. Sentralt ligg forteljinga om Marta og kjærleiken til henne, ei beretning det er umogeleg ikkje å bli rørt av.

NOKRE GLEDER MÅ EIN HA: Ein røyk, og stundom ein liten dram, kjem godt med. FOTO: CECILIA MOLANDER

Aslak Moe, teatersjefen på Teater Vestland, har dramatisert romanen, og sjølv om han har måtta stryke mykje, er det sjeldan eg opplever at ei dramatisering tek så godt vare på både innhald og stemning. Birgitte Strid har hatt både regi, scenografi og kostymedesign. Scenografien er enkel og godt egna for turné til små grendehus. Eit skipsdekk med ein radio, haugevis av loggbøker og eit forenkla styrhus. Romanen er fortald i tredjeperson, medan Strids regi let Nils Vik sjølv føre ordet. Framsyninga er eit ganske tradisjonelt forteljarteater utan mange effektar, men med ein så solid skodespelar som Kyrre Eikås Ottersen, treng ein ikkje meir. Ottersen er ein monologens meister, noko han har vist mang ein gong tidlegare. Med gråna skjegg, islendar og losjakke tenkjer eg at akkurat slik må Nils Vik ha sett ut. Når Ottersen i tillegg har ei heilt eineståande evne til å fortelje og skape situasjonar og scener, gir han liv til ein Nils Vik som det er lett å bli glad i.

DEN GAMLE MANNEN OG BÅTEN: Både båten Marta og Nils har sett sine beste dagar, og det er vel ei tid for alt? FOTO: CECILIA MOLANDER

Alle forstår korleis det går med Nils, men korkje romanen eller framsyninga er eksplisitte om dette. Likevel blir finalen i sceneversjonen litt uforløyst ved ein voiceover av eit utal stemmer som for meg verka umotivert.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 14. september 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.