Nei, – tida lækjer ikkje alle sår!
TEATER

«Sorg i dag, glemt i morgen?»
Kloden Teater, Pilotscenen
Av: Rania Iraki
Regi: Janne Heltberg
«Ytre auge»: Pia Maria Roll
Komponist og musikk: Marthe Valle
Musikk og lyddesign: Jens Kristian Rimau
Design: Marte Veys Berg
Lyd: Remi Brevik
Lysdesign: Shiva Sherveh
Film og «fastlege»: Fahil Anweri
Med: Rania Iraki
Ein særs imponerande scene- og dramatikardebut, spesielt med tanke på kor sterkt og personleg temaet er.
Rania Iraki (f. 1992) er ein norsk-palestinsk filmskapar, produsent, regissør og podkastar. Med denne bakgrunnen skulle ein kanskje tru at vegen til scena ikkje var så lang, men når ho nå, etter det eg forstår, debuterer som skodespelar og dramatikar, har ho ikkje akkurat gjort det med tryggingsnett. For i oppsetjinga «Sorg i dag, glemt i morgen?» er fallhøgda svært stor. Difor er det ekstra imponerande at ho har greidd å skape ei framsyning som er særs personleg utan å bli privat, og der ho slik sett også gjer seg ekstra sårbar. Samstundes maktar ho på meisterleg vis å knyte saman to store forteljingar og traume. Og gjennom det eine visualiserer ho det andre.
Iraki er eit barn av den palestinske diasporaen. Bestefaren flykta frå Palestina i 1948, og foreldra hennar, faren frå Palestina og mora libanesar, overlevde på mirakuløst vis ein brutal massakre i flyktningeleiren Tel Al Zataar for femti år sia. Etter fleire år som landflyktige, kom foreldra til Norge i 1988, og har vore busett her etter det. Men sommaren for seks år sia, blei familien råka av eit nytt traume. Mikael (7) og Gabriel (1), Rania Irakis to nevøar, og søner av den fem år eldre bror hennar, blei drepne av barnas mor. Dette er bakteppet for Irakis scenedebut, og som alle vil forstå, er det eit sterkt, vanskeleg og kjensleladd tema å formidle.

Pilotscena på Kloden teater i Oslo, er ope og ganske nake. Nokre samanrulla teppe, ein monitor og ei mengd bøker. Rania Iraki er åleine på scena, og tek til å fortelje. Om eige liv og arbeid i London, men også om forholdet til dei to nevøane, og særleg Gabriel, den yngste. Samstundes høyrer vi fleire gongar ein mobiltelefon ringe. Når Iraki tek telefonen og får vite om det forferdelege som har skjedd, bryt ho opp frå London og flyttar heim. Men korleis kan ein handtere ei så stor sorg? Ei sentral og viktig scene er eit lite videoinnslag som markerer både tittel og tematikk. I ein konsultasjon med fastlegen (Fahil Anweri), spør han henne om ho hugsar oldefaren sin. Det er ein person ho aldri har møtt, så sjølvsagt hugsar ho ikkje han. Lakonisk, men på same tid lågmælt og nådelaust brutalt seier fastlegen at slik er det: «Sorg i dag, glemt i morgen.» Irakis reaksjon er spontan og tydeleg. – Nei, det er ikkje slik. Tida lækjer ikkje alle sår! Det er ikkje sant! Og med stor innleving fortel ho om sorga, og korleis ho freistar å handtere henne. Og gjennom dette får vi innblikk i sorgas fem ulike stadium.
I staden for pause, men likevel som eit kjærkome brot, ber ho oss etter kvart om å hjelpe til med å setje fram bord og stolar, og så byr ho på nydeleg palestinsk mat. Etter måltidet, medan vi framleis kosar oss med velsmakande rettar, går ho frå det nære i mikrokosmos og over til makrokosmos, eller Palestina og dermed den andre sorga hennar. Etter å ha synt oss kva lagnaden til to små gutar på Lørenskog kan gjere med ein familie, blir det som skjer med titusenvis av ungar i Palestina brått nærare og langt meir forståeleg enn alle dei nærast daglege dagsrevyinnslaga. Med dette forteljargrepet greier ho å knyte det nære og det litt fjernare saman. Slik blir med eitt sorga og traumaa til dei tallause palestinske familiane som dagleg opplever det same, langt meir enn berre tal og statistikkar, og kjem oss mykje nærare. Og som eit nytt brot, og for at dette ikkje skal bli ei dyrking av sorga, avsluttar Iraki med oppløftande framtidsvyar utan at eg skal røpe meir om dei.
Dette er, så vidt eg forstår, Rania Irakis scenedebut, og også hennar debut som dramatikar. Fordelen hennar i denne produksjonen er at ho kjenner stoffet særs godt. Men det kan også vere ei ulempe for historia kan fort bli for nær og bikke over i det sentimentale. Men den balansegangen greier ho meisterleg. Faktisk har ho også greidd å få inn både varme og litt lun humor. Iraki er tydeleg, har god diksjon og framfører forteljinga med intensitet og innleving. For å la stoffet søkke inn, tek ho seg gode pausar, nokre av dei kanskje vel lange. Godt gjort er det også at ho debuterer med ei så tekstrik oppsetjing, men utan nokon antyding til å snuble. I det heile leverte Rania Iraki ein imponerande debut både som dramatikar og skodespelar.
Janne Heltberg har hatt regi på framsyninga (med det dei omtalar som «eit ytre auge» frå Pia Maria Roll). Heltberg har lang fartstid som skodespelar, men debuterte faktisk også som regissør allereie i 2011 med «Closer» av Patrick Marber. Sjølv om eg den gongen skreiv at det var ein imponerande debut, har ho ikkje gjort regioppgåver sidan. Det kan ho trygt gjere, for i denne produksjonen har ho gjennom stor respekt for Irakis forteljing og førelegg, laga ei framsyning som er dramaturgisk godt bygd opp med fine vekslingar mellom det vonde og det lune. Slik unngår ho at dette blir berre trist og monotont, og sjølv om det er store kjensler i spel, blir det heller aldri sentimentalt. Ikkje alle grepa var like vellukka. Nokre gongar blei framsyninga vel dvelande. Og sjølv om eg forstår Irakis raseri, blei det for meg eit litt melodramatisk brot når publikum skulle vere med på å rope slagord som om vi var ein demonstrasjon. Men dette er bagatellar i ei framsyning som på innlevande vis ga oss ei særs sterk oppleving, som sa mykje om handtering av sorg, og som samstundes var ei god påminning om kva som skjer i Palestina.
Etter nokre framsyningar på Kloden, blir produksjonen, som er ein coproduksjon mellom Kloden og Transcultural Arts Productions (TrAP), flytta til Nordic Black Theatre der den også blir spela i starten av oktober. Så kjem den attende til Kloden i starten av desember.
