Utanlandsk blikk på løgnhalsen
TEATER

«Peer Gynt»
Trøndelag Teater, hovudscena
Av: Henrik Ibsen
Tilarbeidd av: Mina Salehpour, Elisabeth Egseth Hansen og ensemblet
Regi: Mina Salehpour
Scenografi: Andrea Wagner
Kostyme: Maria Anderski
Komponist: Sandra Tajouri
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Kenneth Homstad, Ingunn Beate Strige Øyen, Emma Caroline Deichmann, Madeleine Brandtzæg Nilsen og Paal Herman Ims
Symboltung og kreativ oppsetjing av «Peer Gynt», men der tematikken druknar i for mange påfunn.
Den iranskfødde tyske regissøren Mina Salehpour har gjesta Trøndelag Teater ved tre tidlegare høve. Hennar oppsetjingar er alltid oppfinnsame og med eit nytt og annleis syn på det ho set i scene. Med seg har ho også eit fast kunstnarleg lag som ho har samarbeidd med i mange år. Det gjer at oppsetjingane hennar blir uvanleg komplette og attkjennelege, trass i mange vågale påfunn. Frå tysk og portugisisk dramatikk har ho nå drista seg til å setje opp det erkenorske «Peer Gynt». Det er alltid spennande med eit utanlandsk blikk på løgnhalsen, fantasten og verdsborgaren Peer, men sjølv om Salehpour har vald uvanlege tilnærmingar, blir vi nok ikkje klokare på kven han er.

Andrea Wagners scenografi er ein stor sirkulær skøytebane som fyller det meste av ei elles nake hovudscene. Der glir Peer (Kenneth Homstad) rundt og rundt på skøyter medan Mor Åse (Ingunn Beate Strige Øyen) ser på. Så stoppar han omsider, og vi får det klassiske bukkerittet. Sjølv om mykje er stroke, følgjer vi i det vidare i stor grad Henrik Ibsens dramaturgi. Mens originalteksten har eit femtitals personar, har Salehpour skore det ned til femten, og dei blir spela av berre fem aktørar. Kenneth Homstad er Peer heile tida, medan dei fire andre (Ingunn Beate Strige Øyen, Emma Caroline Deichmann, Madeleine Brandtzæg Nilsen og Paal Herman Ims) spelar dei øvrige. Med Maria Anderskis fantasifulle kostyme er det likevel aldri vanskeleg å forstå kven som er kven. Heile første akt skjer på glattisen, og alle utanom Mor Åse går på skøyter.

Oppsetjinga byr på heilt uvanleg gode skodespelarprestasjonar av alle dei fem, men i særklasse Kenneth Homstad som Peer. Ettersom mykje av framsyninga er bygd opp om og tilpassa han, er dette ei rolle han verkeleg eig. Han er energisk, flørtar med publikum og er tidvis både Peer og Kenneth.

Med unnatak av kostyma, er framsyninga strippa for staffasje, men tek det att på nydeleg lyssetting av Eivind Myren, og eit heftig lydbilde av Sandra Tajouri. Og så får teksten og scenene stå for seg sjølv. I tillegg kjem alt det leikne, humoren og det symboltunge. Her er kreativitet så det held med påfunn etter påfunn, mangt eit metalag, og referansar i både aust og vest. Men dei mange tablåa blir diverre berre frittståande einskildscener som i liten grad byggjer opp til den neste. Det blir fragmentarisk, og påfunn utan openberr samanheng eller motivasjon i teksten.

Opninga i andre akt er eit positivt brot der Peers møte med dei utanlandske gjestane, er gjort om til ein forrykande monolog der namsosingen Kenneth Homstad byr på seg sjølv for Peer viser seg også å vere frå Namsos. Frå å vere ein skøyteløpar i stuttbukse, alltid på farten, er han nå den verdsvande storkaren. Denne scena byggjer opp til ei djupare forståing av spørsmålet om å vere seg sjølv eller seg sjølv nok. Forholdet til mora er også vakkert skildra i den skjøre scena der Mor Åse dør. Men så er vi attende til tablå etter tablå, og mot finalen blir det heile ganske uforløyst der det ikkje blir tid til å dvele nok ved dei ulike scenene.
(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 12. september 2026.)