Hovmod for fall

Hovmod for fall

TEATER

JORDPÅKASTING?: Skal Polyneikes også få ei grav? Det er dilemmaet for Antigone. Men kven som spelar henne av Hans Petter Nilsen, Isak Holmen Sørensen, Ingrid Bergstrøm eller Sunniva Du Mond Nordal er ikkje godt å seie. FOTO: VEGARD EGGEN

«Antigone»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Sofokles
Omsett av: Halldis Moren Vesaas
Regi: Anna Sharko
Scenografi og kostyme: Mark Tan
Lysdesign: Steffen Telstad
Lyddesign: Hjalte Ahnfeldt-Mollerup
Med: Ingrid Bergstrøm, Sunniva Du Mond Nordal, Isak Holmen Sørensen og Hans Petter Nilsen

Ein regidebut som trass mange rare grep likevel blir både sterk og lovande.

Persongalleria i dei greske tragediane er store, og intrigane er innfløkte. Dei litt spesielle regivala Anna Sharko har tatt for «Antigone» på Trøndelag Teater, har ikkje akkurat gjort det enklare. Men i ei oppsetjing som tidvis er ganske rar og med mange merkelege og litt umotiverte påfunn, kjem ho likevel ikkje berre ned på beina, men gir oss også ei overraskande tydeleg tolking.

Sofokles skreiv «Antigone» for 2500 år sia, men tematikken er like aktuell i dag. Uvitande om kven han er, drep Ødipus sin eigen far, kong Laios, giftar seg med mora og får fire barn med henne. Då sanninga kjem for ein dag, tek mora, Iokaste, livet av seg, medan Ødipus blindar seg og overlèt Theben til sønene Eteokles og Polyneikes. Dei kjem i strid om trona, og drep kvarandre. Slik blir Kreon, bror av Iokaste, konge. Han gir ordre om at Polyneikes, som har gått saman med utlendingar, ikkje må gravleggjast, men liggje open for åtseldyr, medan broren skal få ei verdig gravferd. Og det blir dødsstraff for å gjere ære på Polyneikes. Dei to systrene Antigone og Ismene, verdset båe brørne sine, og mislikar kongens avgjerd. Men der Ismene ikkje vågar å trasse Kreon, står Antigone klippefast på at det finst evige lover som står over kongen.

ALLE ELLER EIN OG EIN?: Skodespelarane går nesten i eitt, og kan difor vere alle eller kven som helst. FOTO: VEGARD EGGEN

Antigone blir avslørt, og det gjer ikkje saka betre at ho skal gifte seg med Haimon, kongens son. Kreon er nådelaus, men i staden for å drepe Antigone, murar han henne inne i ei hole med litt mat slik at gudane kan avgjere lagnaden hennar. Det hjelper ikkje at Haimon har eit drabeleg oppgjer med faren. Først når ein profet fortel Kreon om all død og ulykke som vil kome ut av avgjerda hans, snur han. Men det er for seint. Antigone har hengt seg, og både Haimon og mor hans tar livet av seg. Tragedien er fullkomen for Kreon.

Regissøren Anna Sharko er dansk, opphaveleg frå Russland, og nyutdanna frå regilina på KhiO. Dette er hennar debutframsyning, og på studioscena på Trøndelag Teater har ho valt ei presentasjonsform i spennet mellom forteljar- og regiteater. Dei fire skodespelarane, likt kledd i svarte trikotar, spelar alle roller, og hoppar ut og inn av dei utan forvarsel. Nokre gongar spelar same person to roller samstundes. Det meste går i sakte film, og i den grad det er fysisk spel, er det meir som koreografert, stilistisk rørsle. Dei fire er kraftig sminka, og spelar stort sett med steinandlet og såleis med stor distanse til stoffet.

I starten verkar det heile rart, og det er vanskeleg å skjøne kven det er som snakkar. Undervegs skjer det også mykje som kan synest umotivert. Men etter kvart som ein kjem inn i denne noko forvirrande presentasjonsforma, viser det seg at både handlingsforløp og tematikk likevel blir både tydeleg og slett ikkje så vanskeleg å forstå.

Mark Tan, også frå Danmark, er scenograf og kostymedesignar, og sjølv om han førebels berre er midtvegs i utdanninga si, har han skapt ein scenografi som med sitt aude landskap til fulle er i dialog med framsyninga. Kostyme og sminke gjer at skodespelarane nesten går i eitt, og difor kan vere alle eller kven som helst. Dei fire, Ingrid Bergstrøm, Sunniva Du Mond Nordal, Isak Holmen Sørensen og Hans Petter Nilsen, er samkøyrde og fortrulege med alle rollene dei spelar og den tematikken dei formidlar. Bak den noko uvanlege presentasjonsforma kjem dei særs nært og tett på konflikten og det evige dilemmaet om ein skal vere tru mot ideal og universelle lover, eller lydig følgje innfall frå herskarar fulle av hybris. Samstundes får vi også sjå ein konge som etter kvart fyllest av tvil, og til slutt fortviling når han forstår at hovmodet gjer at han mistar alt. Med dei svarte kostyma, den tunge sminka og den kjenslelause framføringa blir nokre av monologane ståande som sjølvstendige, sterke og tydelege manifest, kanskje vel så aktuelle i dag som dei var for 2500 år sia.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 1. september 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.