Livets teater

Livets teater

TEATER

EIN ODE TIL FANTASIEN: Alexander (Conrad James McLean) sluttar aldri å fantasere sjølv om bakteppet er aldri så dystert. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

«Fanny og Alexander»
Teatret Vårt, Molde
Av: Ingmar Bergman
Dramatisert av Arne Lygre
Regi: Morten Borgersen
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Lysdesign: Geir Hovland
Med: Conrad James McLean, Anne Wiig, Marit Østbye, Per Egil Aske, Kirsti Torhaug, Bjørnar Lisether Teigen, Lars Melsæter Rydjord, Johanna Mørck og Anette Sissener Amundsen.

Eit omfattande familiedrama som i større grad enn filmen greier å konsentrere seg om to viktige tema.

Mange har eit forhold til Ingmar Bergmans film «Fanny och Alexander» frå 1982, eit omfangsrikt og tre timar langt Oscarvinnande familiedrama. Slike suksessar blir ofte adapterte for scena, men i Norge er det førebels berre blitt tre teaterproduksjonar før det i haust blir to ulike oppsetjingar. Først ute er Teatret Vårt i Molde. Dei har nytta dramatiseringa Arne Lygre gjorde for Rogaland Teater i 2023. Trass i eit lite ensemble og ein produksjon som skal på turné med dei avgrensingane det inneber, har regissør Morten Borgersen ikkje berre tatt godt vare på Bergmans epos, men også greidd å spisse dramaet om eit par sentrale tema.

JUL I HERSKAPSHUSET: Lutter idyll i den Ekdahlske heimen før tragedien råkar dei. (Frå venstre: Johanna Mørck, Kirsti Torhaug, Marit Østbye, Bjørnar Lisether Teigen, Anne Wiig, Conrad James McLean og Per Egil Aske.) FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Handlinga finn stad i herskapsfamilien Ekdahl i ein svensk småby på starten av nittenhundretalet. Her regjerer enkjefrua Helena (Marit Østbye) og hennar tre søner, Oscar (Per Egil Aske), Gustav Adolf (Bjørnar Lisether Teigen) og Carl (som er kutta i denne dramatiseringa). Oscar og kona Emilie (Kirsti Torhaug) driv byens teater, og borna Alexander (Conrad James McLean) og Fanny (Anne Wiig), får ei oppseding i ei verd av fantasi og illusjon. Så dør Oscar brått og etter eit år vel Emilie å gifte seg med biskopen, Edvard Vergerus (Per Egil Aske) som har gitt henne støtte i sorga. Vergerus bur saman med ei heks av ei syster (Johanna Mørck), og huset hans ber på ein dyster løyndom. Det syner seg raskt at Emilie har tatt alvorleg feil, for biskopen er ein vondsinna pietist som plagar ungane, og særleg Alexander. Isak (Lars Melsæter Rydjord), enkjefru Ekdahls ven, og ein mann med magiske evner, greier å kidnappe ungane, og utan å gå i detalj, endar det godt, men ikkje utan mykje vond dramatikk. Bak den ytre handlinga, er det eit utal historier og psykologiske tema.

VALD: Biskopen Edvard Vergerus (Per Egil Aske) freistar med både andeleg og fysisk tortur å tukte Alexander (Conrad James McLean). FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Sjølv om teaterversjonen framleis har litt for mange historier, har likevel Borgersen kutta mykje. I tillegg er tematikken meir konsentrert om teateret, eller at vi alle spelar ei rolle i livet om vi ikkje alltid er like nøgde med henne, og at historia i større grad blir sett frå Alexanders perspektiv. Opning og avslutning er som i filmen der Alexander med sitt vesle dokketeater siterer William Shakespeare om at «verda er ei scene», og der finalen er at «det er synd på menneska» frå August Strindbergs «Eit draumspel». Men i mykje større grad enn i filmen, gjer Borgersen dette til eit teater i teateret med ei mengd lag i spennet mellom Shakespeare og Strindberg, og med stadige parallellar til tematikken i «Hamlet».

DYSTRE LØYNDOMAR: Fanny (Anne Wiig) oppdagar at huset til biskopen ber på ei svart forhistorie. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

Milja Salovaara har laga flotte og omfattande kostyme og ein enkel scenografi, godt egna for turné. Med eit lite ensemble, må fleire spele mange roller, men dei talrike skifta går likevel forbausande saumlaust. Morten Borgersen har hatt eit tydeleg førelegg med iscenesetjinga, og konsentrasjonen om teateret, illusjonen og fantasien i ei verd som er vanskeleg, parallellane til verdsdramatikken og særleg «Hamlet», og ikkje minst å la oss sjå det heile meir gjennom auga til barna, er særs vellukka.

FANTASI: Anette Sissener Amundsen gjer ein humoristisk konfekt av rolla som tenestejenta Maj, i sterk kontrast med resten av tematikken. Og den sprengkåte horebukken Gustav Adolf (Bjørnar Lisether Teigen) er tidvis like komisk. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

I tillegg til å hente inn tre solide og røynde skodespelarar som Marit Østbye, Per Egil Aske og Kirsti Torhaug, har det vesle regionteateret i Molde eit uvanleg dyktig ensemble. Dei ni på scena leverer eit så formidabelt spel at plassen gjer det uråd å nemne alle. Fremst står den relativt ferske Conrad James McLean som gir oss eit auge til handlinga og ei overtydande mangesidig tolking av Alexander. Anne Wiig seier ikkje mykje som Fanny, men tek det tifalds att på kroppsspråk og talande mimikk. Og som ein representant for dei andre i ensemblet, må eg få trekkje fram Anette Sissener Amundsen som greier å gjere ein humoristisk konfekt ut av den vesle rolla som tenestejenta Maj. Dei ni spelar stundom tilsynelatande heilt ulike drama, frå komedie til tragedie, men i Borgersens regi er dette ikkje blitt sprikande, men tvert om like mangefasettert som livet sjølv.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 31. august 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.