Kvelden før slaget
TEATER

løyser henne med det frå utburdens forbanning. FOTO: ØYVIND MALUM/SNK
«Spelet om Heilag Olav»
Stiklestad nasjonale kultursenter
Av: Olav Gullvåg
Musikk: Paul Okkenhaug
Regi: Maren Bjørseth
Musikalsk leiar: Torodd Wigum
Scenografi: Even Børsum
Koreografi: Magnus Myhr
Med: Morten Svartveit, Natalie Bjerke Roland, Hans Petter Nilsen, Ingunn Beate Strige Øyen, Even Stormoen, Aleksander Nohr, Vetle Røsten Granås mfl.
Allereie på 1960-talet meinte arrangørane på Stiklestad at manuset til «Spelet om Heilag Olav» var for dårleg. Er det ikkje på høg tid å gjere noko med det?
«Spelet om Heilag Olav» er Norges eldste historiske spel, og blir ofte omtalt som «alle spels mor». På historisk grunn på Stiklestad er det, med unnatak av pandemien, oppført kvart år sia 1954. Meir enn 900 000 publikummarar har sett det, og dyktige skodespelarar, regissørar og andre scenekunstnarar har valfarta til Verdal for å delta. Eg har sett og meldt spelet ved to tidlegare høve, og har båe gongar undra meg over kva som kunne vere så fengslande med dette dramaet. Med Maren Bjørseth på regi, Torodd Wigum som dirigent og Magnus Myhr på koreografi, var eg spent på om dei i år kanskje kunne få til noko meir givande. Men med eit alt for dårleg tekstgrunnlag, er det diverre ikkje mogeleg å lage meir enn ei spektakulær innpakking av det som i røynda er temmeleg innhaldslaust.

spektakulært.. Men blir det meir enn vakker innpakking? FOTO: ØYVIND MALUM/SNK
Vi er på historisk grunn. Det var her kong Olav Digre fall i slaget mot bondehæren for snart tusen år sia, eit slag som blei skilsetjande for kristendomens utbreiing i Norge. I eit vakkert og nærast naturleg amfi, og til den storslagne musikken til Paul Okkenhaug, får vi presentert «Spelet om Heilag Olav», som dei fleste vil tru handlar om helgenkongen og slaget på Stiklestad. Men i staden dreier det seg om kva som skjedde på nabogarden Sul kvelden før slaget. Her rår bonden Torgeir Flekk og kona Gudrid, godt tolka av Hans Petter Nilsen og Ingunn Beate Strige Øyen. Dei ber på ein vond løyndom. Fem år tidlegare fødde Gudrid ein vanskapt son som ho, i tråd med heidensk skikk, sette ut for å døy, det ein kalla utburd. Trua på Kvitekrist, og med den også andre morallover enn i den norrøne åsatrua, er i ferd med å vinne fram. Men på Sul står dei framleis stort sett med ein fot i kvar leir. Likevel rir utburden dei, og i særleg grad dottera Gudrun (Natalie Bjerke Roland) som stadig ser syner av små kvitkledde vesen.
Så dukkar kong Olav Digre og hæren hans opp før dei dagen etter skal møte den langt overtalige bondehæren. Det blir ulike konfrontasjonar om tru og tvil, gamal og ny tru og om ein utburd som får altfor stor plass. Slik har nok Gullvåg ønska å lage ei personleg vinkling på dei store spørsmåla, men det blir for mange, sprikande og ganske innhaldslause historier, og lite om det storpolitiske som skjedde dagen etter.

Med det flotte amfiet, tidsriktige kostyme, hestar i rask galopp, eit hundretals statistar i velkoreografert dans, eit mektig mannskor og eit talrikt og dyktig orkester er spelet sjølvsagt ei spektakulær framsyning, og ei stor sanseleg oppleving. I Maren Bjørseths regi er det lagt mykje vekt på det religiøse, og scena der kongen døyper Gudrun og frir henne frå utburdens forbanning, er for meg framsyningas høgdepunkt. Personinstruksjonen og dermed dei mange rolletolkingane er framifrå. Like imponerande er den omfattande koreografien til Magnus Myhr med det eine synkrone danseopptrinnet etter det andre. Paul Okkenhaugs musikk er monumental, og åleine verd besøket, og under Torodd Wigums leiing er den blitt endå meir illustrerande og tydeleg.
Morten Svartveit spelar ein noko neddempa konge prega av brytingstida der han på same tid får godt fram både den hemningslaust brutale krigarkongen og den tilsynelatande fromme som også kan vise nåde. Even Stormoen som den meir pragmatiske kårkallen Gamal-Jostein bringer ein del lun og god humor inn i handlinga. Og Natalie Bjerke Roland er særs tydeleg i tolkinga av Gudrun, ikkje heilt av denne verda, og meir eit symbol enn eit verkeleg menneske. Maren Bjørseths regi er symboltung, men nokre av grepa hennar blir i overkant tydelege. Det gjeld særleg alle dei små kvite utburdane som eigentleg berre skal vere synlege for Gudrun, og finalen med eit hav av kors.

Alle på og under scena gjer formidable jobbar, men det hjelper lite når tekstgrunnlaget er så svakt og innhaldslaust. Den unike historia og den historiske settinga fortener absolutt eit spel, men med eit betre manus. Det er eg ikkje åleine om å meine. Alt etter ti år fann spelnemnda på Stiklestad ut at manuset var for dårleg, og i 1966 lyste dei ut konkurranse om ny tekst. Den blei vunne av Bjarne Slapgard med dramaet «Den nye kongevegen». Men etter tretten år var Olav Gullvågs tekst alt blitt ein tradisjon spelnemnda ikkje våga å tukle med. Og slik blei det. Nå er det berre fire år til tusenårsjubileet for slaget, og det er mogeleg det er for seint å gjere noko. Paul Okkenhaugs musikk står seg godt. Men hadde eg vore spelnemnd, ville eg ha fått meir kompetente dramatikarar som til dømes Jon Fosse eller Edvard Hoem til skrive eit nytt drama.
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 28. juli 2026 med overskrifta «Sola er borte over Stiklestad».)
