Forvekslingar utan ende

Forvekslingar utan ende

TEATER

FEIL PAR?: Dromio (Thomas Jensen Takyi) og Antipholus (Erik Jimenez Hauge) er ikkje tenaren og mannen til Adriana (Madeleine Brandtzæg Nilsen), men det veit ho ikkje. FOTO: TORJE AAMBØ OG INGVILD HANEBERG

«Komedien om mestak»
Rabarbrateateret, Bakklandet, Trondheim,
Av: William Shakespeare
Omsett av: Hans-Magnus Ystgaard
Regi: Øyvind Brandtzæg
Musikk: Ragnhild Risnes og Jenny Frøysa
Scenografi: Jenny Hilmo Teig og Silje Botten Schrøder
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Maske og parykk: Leo Thörn
Koreografi: Erik S. Angelsen og Thomas Myklebust
Med: Ståle Kvarme Tørring, Madeleine Brandtzæg Nilsen, Stian Hovland Pedersen, Lars Magnus Krogh Utne, Erik Jimenez Hauge, Erik Sand Angelsen, Thomas Jensen Takyi, Emma Bones, Karl Bekele Steinland, Ingri Jensberg, Eva Brandtzæg og Solveig Brandtzæg

«Komedien om mestak» er neppe blant Shakespeares beste, men i lokal og fargerik språkdrakt greier Rabarbrateateret likevel å skape stor underhaldning.

Kvar sommar sia 2011 har Rabarbrateateret sett opp teater i ein bakgard på Bakklandet i Trondheim. Det er ny framsyning kvart år, og repertoaret har vore både sjølvlaga og klassikarar. Mest vellukka har det vore når dei har sett opp komediar av William Shakespeare i nordtrøndersk og særs folkeleg språkdrakt. I Sparbu utanfor Steinkjer bur Hans-Magnus Ystgaard. Han er ein språkleg trollmann som gjennom sine omsetjingar gjer arkaiske og vanskeleg tilgjengelege ord om til eit fargerikt og lett forståeleg sparbumål. Når Ystgaard i tillegg er ein stor humorist og leikar seg hemningslaust med ord og vendingar, har han rett som det er gjort komediane til Shakespeare langt artigare enn originalen.

KVEN ER KVEN?: Folka i Efesus høyrer på kva Egeon har å fortelje. Antipholus, lengst til høgre, viser seg å vere sonen hans, men det veit ingen av dei enno. Slikt blir det forviklingar av. FOTO: TORJE AAMBØ OG INGVILD HANEBERG

Årets produksjon er «Komedien om mestak» (The Comedy of Errors»), eit av Shakespeares første drama. Det er tidlegare omsett to gongar til norsk med titlane «Forvekslingskomedien» og «Tvillingene», men det er berre spela sju gongar sia norgespremieren i 1899. Intrigen legg verkeleg opp til den ultimate forvekslingskomedien. To einegga tvillingpar er like gamle. Det eine er søner av forretningsmannen Egeon og kona Emilia. Det andre er sønene til fattigfolk, og blir tatt inn som tenarar for dei to første. I tillegg til å vere kliss like, har dei to rike brørne fått same namn, Antipholus, medan båe tenarane heiter Dromio. I eit uver på sjøen kjem gutane frå kvarandre, og det gjer også foreldra. Men båe versjonane av Antipholus og Dromio held fram som herre og tenar, det eine paret i Efesus, og det andre i Syrakus. Med ei slik setting er det openbert at det kan bli forviklingar, og intrigen er så komplisert at det kan vere svært så vanskeleg også for publikum å henge med.

FORTELLARKUNST AV KLASSSE: Ståle Kvarme Tørring som den dødsdømde handelsmannen Egeon held ein monolog av ein forsvarstale som trollbind folka i Efesus, men monologen er formidla så godt at han trollbind publikum i tillegg. FOTO: TORJE AAMBØ OG INGVILD HANEBERG

Det heile tek til med at handelsmannen Egeon (Ståle Kvarme Tørring) er dømd til døden i Efesus. Men byens hertug (Stian Hovland Pedersen) er ein rettvis mann som let han få høve til å kjøpe seg fri. Frå skafottet held Egeon ein forsvarstale om kva som skjedde med kona, tvillingsønene og tvillingtenarane, og det på eit vis som trollbind forsamlinga. Slik får vi ein pedagogisk introduksjon før galskapen tek til. Det eine paret, Antipholus (Lars Magnus Krogh Utne) og Dromio (Erik Sand Angelsen) bur i Efesus, og Antipholus er gift med Adriana (Madeleine Brandtzæg Nilsen). Men så vil det seg slik at dei to andre, Antipholus (Erik Jimenez Hauge) og Dromio (Thomas Jensen Takyi) også kjem til Efesus. Dei fire er aldri på same stad samtidig. Då blir det sjølvsagt forviklingar og forvekslingar over ei låg sko, og også ekteskapelege ettersom Adriana ikkje ser forskjell på tvillingane, og han som ho ikkje er gift med, til overmål blir forelska i systera hennar (Emma Bones).

I den nesten naturgitte scenografien til Jenny Hilmo Teig og Silje Botten Schrøder er vi på torget i Efesus og villniset rundt, medan ei dør fører inn til huset til Adriana og Antipholus. Her blir det spela forvekslingskomedie i høgt tempo noko som set store krav til timing og synkrone sceneskift, og det har regissøren Øyvind Brandtzæg løyst førebiletleg. Dette er uhøgtideleg rølpeteater fullt av sjølvironi og ein god porsjon metagrep. I tidlegare produksjonar har amatørane i ensemblet kompensert og kome unna med masse sjarm, men denne gongen er personinstruksjonen så god at det ikkje er råd å kalle nokon statistar. Framsyninga denne gongen har ikkje eige orkester eller mange songar, men i staden blir handlinga illustrerande musikalsk kommentert med jazzinspirert musikk av Ragnhild Risnes på gitar og Jenny Frøysa på barytonsax.

MUSIKALSK KOMMENTERING: Ragnhild Risnes og Jenny Frøysa følgjer framsyninga og kommenterer henne musikalsk. FOTO: TORJE AAMBØ OG INGVILD HANEBERG

I dei fleste oppsettingane av dette dramaet er tvillingpara spela av to, og ikkje fire personar. I Rabarbrateaterets versjon er tvillingpresentasjonen løyst med Jenny Hilmo Teigs flotte kostyme, og gjennom utsøkt parykk- og maskearbeid frå Leo Thörn. Og dette er viktig, for i finalen møtest sjølvsagt alle fire, og denne «sanningas augneblink» er avgjerande for historia. Ikkje nok med at alle fire gutane er i live, men det syner seg også at den lokale abbedissa (Kathrine Strugstad) er Emilia, kona til Egeon og mor til to av gutane. Ho gjekk i kloster då gutane forsvann, men kastar nå habitten og held ein oppklårande epilog.

«Komedien om mestak» har ein litt for vidløftig intrige, og er ikkje av Shakespeares beste. Men trass i at framsyninga kan bli vel omstendeleg, greier ensemblet og regissør likevel å gjere det heile til stor underhaldning, toppa av Ståle Kvarme Tørrings formidable opningsmonolog som var ei lita framsyning i framsyninga.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 27. juli 2026.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.