Får ikkje pult

Får ikkje pult

TEATER

UT FOR Å DRA DAME: I eit lite husvære på Grünerløkka bur kompisane Aleks (Anders Holmberg Lurås) og Yngve (Tobias Berg Braathen). Med masse tillærte sjekketriks skal Yngve på byen for å få pult. FOTO: STIG BUVARP

«Fincel»
Markveien Drueklubb i samarbeid med Vega Scene, Grünerløkka
Av: Kim Atle Hansen
Regi: Sigurd Spørck Thoresen
Scenografi: Mina Rodal
Visuell kommunikasjon: Stig Buvarp
Musikk: Truls Matre Stangeby Andersen
Med: Anders Holmberg Lurås, Tobias Berg Braathen og Frida Østby Pedersen

I eit lite husvære på Grünerløkka får vi eit ubehageleg tett møte med to unge menn som kjenner seg som seksuelle taparar.

Markveien Drueklubb er ei spennande blome i den norske scenekunstens store underskog. Sjølv fortel dei at dei utforskar nye måtar for å gjere kunst og kultur tilgjengeleg. Det gjer dei ved å skape verkelege møteplassar og opplevingar, godt utanfor institusjonane og i settingar som gir intimitet og meir autentisitet. Sjølv blei eg klar over dei i mai i år då dei saman med Kepler Teater (ei litt tilsvarande gruppe eg har hatt gleda av å følgje ei tid) sette opp framsyninga (om ein kan kalle den det) «La oss snakke om klasseforskjeller i Norge». I stovene i ein gamal patrisiarvilla på Sandaker i Oslo inviterte dei til dialog med publikum medan dei serverte oss fleire sortar vin. (!)

Nå har dei laga ein ny produksjon, «Fincel», som dei viser for eit drygt tjuetals publikummarar om gangen (då er det fullt hus) i ei lita leilegheit på Grünerløkka i Oslo. Her bur kompisane Aleks (Anders Holmberg Lurås) og Yngve (Tobias Berg Braathen). Dei er i siste halvparten av tjueåra, og slit med å få seg dame. Dei kjenner seg båe som taparar på botnen av det seksuelle hierarkiet. Yngve er ein ganske enkel sjel, ein smule naiv, og freistar å lære seg sjekketriks og alt anna som kan hjelpe han til å få pult. Medan Aleks er den meir analytiske som tilsynelatande ser ut til å ha oversikt og kontroll, og tidvis også lyg på seg erobringar. Men alt dette er berre tilsynelatande, for under overflata gøymer det seg ei langt mørkare side som får utløp på ulike svarte nettstadar.

TITTEL: Nadia (Frida Østby Pedersen) blir med Aleks (Anders Holmberg Lurås) heim. Og føremålet er klart, og initiativet hennar. FOTO: STIG BUVARP

I det vesle husværet sit vi tett på dei to, og etter kvart ubehageleg tett på. Vi møter to unge menn frå samfunnets skuggesider, og gjennom dialogen mellom dei, som stundom kan vere ganske aggressiv, kjem vi meir innpå dei som heile menneske enn mykje av den ynkeleggjeringa eller latterleggjeringa som skjer om slike «incels». For det er sjølvsagt det dette handlar om. Ein «incel» er ein som har hamna i «involuntary celibate», altså ufriviljug sølibat. Det er blitt ein mannleg, heterofil subkultur på nettet, ein kultur som fremjar kvinnehat, rasisme, aggresjon og mykje anna reaksjonært slagg. Men her er omsider eit drama som på både litt humoristisk, empatisk og innsiktsfullt vis tek fenomenet på alvor. Det er ein tett og spennande intro mellom dei to, godt musikalsk følgd av musikk av Truls Matre Stangeby Andersen, før dei kvar for seg dreg på byen. Og så, under over alle under, – Aleks kjem heim med dame! Nadia (Frida Østby Pedersen) er ei heilt vanleg kvinne som openbert og med opne auge er med Aleks heim for å pule, og det er også ho som er den pågåande og tek initiativet. Så syner det seg at alt ikkje er berre rett fram, og at Aleks kanskje har tatt til å dyrke sølibatet sitt i staden for å kome seg ut av det. Eg skal ikkje røpe meir, og heller ikkje kva som vidare skjer, medan Yngve står ute på gata og skjeller ut Aleks i misunnelege ordelag for her ute står han medan Aleks får pult.

IKKJE GREITT: Når Aleks (Anders Holmberg Lurås) endeleg får med seg dame (Frida Østby Pedersen) heim, går ikkje alt etter boka. FOTO: STIG BUVARP

Det er Kim Atle Hansen som står bak teksten. Han har skrive fleire drama, men også medverka som skodespelar i fleire produksjonar av Susie Wang. Mykje av forteljargrepa til denne gruppa har han tatt med seg her, med overraskande og tidvis morbide vendingar. Miljøskildringa, dialogen og persontypane er tatt på kornet, men utan at eg skal røpe alt, for då vil eg øydeleggje heile opplevinga, så er den vendinga mot slutten der det verkeleg dreg seg til, litt for fantastisk til at eg trur på henne. Det er sjølvsagt ofte at ein berre må godta nokre premiss, men i ei elles særs truverdig oppsetjing, kom dette litt i vegen. Og framleis utan å røpe for mykje, kunne Hansen ha kome i hamn på eit meir truverdig vis ved å gi Nadia eit anna yrke.

Sigurd Spørck Thoresen har regien, og har laga ei tett (i dobbel tyding) framsyning der vi kjem ubehageleg tett på, og der finalen hans er ein av dei beste og mest spesielle finalane eg har opplevd, og som i tillegg gjorde at vi ikkje fekk gitt teamet den applausen dei absolutt fortente. Dei tre skodespelarane har openbert sett seg inn i tematikken, for dialog og spel fell naturleg sjølv om dette høgst truleg er langt frå deira eige liv. Særleg er det på same tid både rolege og heftige samspelet Anders Holmberg Lurås og Tobias Berg Braathen gir av kameratskapen og konfliktane mellom Aleks og Yngve godt formidla. Dei ga oss eit realistisk innblikk i subkulturen incels, eller «Fincel» som dei kallar det og som eigentleg tyder «financial incel», altså ein som ikkje har råd til anna, men som eg vel å lese som «fucking incels». Men det var mi lesing. (I ettertid har eg fått vite kva Markveien Drueklubb meiner med omgrepet «fincel», men om eg hadde fortald den definisjonen, hadde eg drive røpealarm og øydelagd mykje av spenninga, så eg held meg til mi eiga tolking.)

One thought on “Får ikkje pult”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.