Blotta for sjølvinnsikt

Blotta for sjølvinnsikt

TEATER

FAMILIEN: Johannes sitt vesle univers, kona Lina (Benedikte K. Sandberg), dottera Helle (Amanda Bråthen), sonen Kristian (Stian Isaksen) og Johannes sjølv (Bartek Kaminski).Tekst. FOTO: ØRJAN ASLAKSEN

«Svendsens Catering»
Brageteatret, Union Scene
Av: Kyrre Andreassen
Dramatisert av: Marie Hafting
Regi: Nora Evensen
Scenografi: Gjermund Andresen
Komponist: Peter Baden
Lysdesign: Markus Tarasenko Fadum
Med: Bartek Kaminski, Amanda Bråthen, Stian Isaksen, Benedikte K. Sandberg, Håkon Thorstensen Nielsen og Andrea Vik

Brageteatrets «Svendsens Catering» er ein underhaldande, lun og svart komedie som syner oss eit kvardagsmenneske som ikkje heilt får det til.

Vi er etter kvart mange som set pris på Kyrre Andreassens frodige forteljarstil der han i romanane sine fortel om kvardagsmenneske som ikkje heilt får det til i livet, men som vi likevel blir så glade i fordi dei i så stor grad er til å kjenne att. Nå har Brageteatret i Drammen fått Marie Hafting til å dramatisere romanen «Svendsens Catering» frå 2007, og i teatersjef Nora Evensens regi er det blitt ei overraskande god og underhaldande liten småsvart komedie.

For Buskeruds eige regionteater, er det naturleg å ta tak i Andreassens forfattarskap, og med base på Union Scene i Drammen, er det like naturleg å dramatisere ei bok der heile handlinga er lagt til denne byen. Men det er ikkje gitt at det skulle bli så vellukka, for romanen går føre seg over heile byen, – på utestadar, fotballbanen, i diverse hagar og i fleire bustadar. Men med Gjermund Andresens særs stiliserte, men likevel så gode og velfungerande scenografi, har vi ikkje problem med å flytte oss mellom forskjellige stadar og eit utal ulike personar.

MATDEMO: Johannes (Bartek Kaminski) har strøjobbar med promotering av matprodukt på kjøpesentra, her med hjelp av kompisen Bjørn (Stian Isaksen). I midten ho som har engasjert dei (Andrea Vik). FOTO: ØRJAN ASLAKSEN

Johannes Svendsen har hus, kone og to barn, og er openbert flink med mat. Han dreiv eit cateringfirma, men då han fekk skjemte råvarer til eit bryllaup på Slependen, gjekk det heile til helvete, avisa skreiv drepande artiklar og firmaet hans gjekk konkurs. Men han er ein stolt faen og nektar å melde seg ledig, så nå er det berre konas inntekt samt nokre strøjobbar med å promotere ulike matprodukt. Johannes er ein likande kar, flink med mat og med eit stort sosialt hjarte, men han har ei litt stutt lunte, og er fullstendig blotta for sjølvinnsikt og sjølvkritisk tenking. Det blir det fort kleine situasjonar av, og etter nokre slike, vil kona ha han med til familieterapeut, ein seanse som han heller ikkje taklar særleg bra.

TERAPI: Lina (Benedikte K. Sandberg) får Johannes (Bartek Kaminski) motstrevande med på ei samtale med ein sosionom (Andrea Vik). Det blir ikkje spesielt vellukka. FOTO: ØRJAN ASLAKSEN

Det blir separasjon, noko han stiller seg fullstendig uforståande til. Og når han etter kvart greier å stable ny cateringverksemd på beina, trur han at det er nok til å få kona heim sjølv om han i det meste elles gjer alt han kan for å øydeleggje det som måtte vere att, men sjølvsagt utan å skjøne noko av det sjølv.

FOTBALLPAPPA: På fotballtrening er Johannes (Bartek Kaminski) i sitt ess, og det er også Oppmann Thorsen (Håkon T. Nielsen). Sonen Kristian (Stian Isaksen) er ikkje like interessert. FOTO: ØRJAN ASLAKSEN

Scenografien til Gjermund Andresen er eit skålforma dobbelkrumt amfi. Det er bygd opp av fem element som kan skuvast på slik at det oppstår opningar for entrear og ulike situasjonar. Scenografien illuderer ikkje noko, men er likevel, og kanskje nettopp fordi han er så stilisert, overraskande funksjonell og effektiv. Her kan dei spele, kome og gå, gøyme seg, og ikkje minst gjere ei heil rekkje kostymeskift bak det heile.

For kostymeskifta er mange og kjappe i denne framsyninga. Nora Evensen har vald å ikkje nytte meir enn seks skodespelarar. Tre av dei spelar berre ei rolle kvar, medan dei tre andre spelar til saman tretten personar. Sjølv om det er mange skift, er dei synkrone og heilt uproblematiske for oss i salen. Og dei ulike rollene er lett å halde frå kvarandre, så Evensens personinstruksjon er god. Saman med Marie Hafting, som har dramatisert romanen, har ho sjølvsagt kutta ein del. Dei som har lese boka vil kanskje sakne nokre av dei mest outrerte og kleine handlingane og utsegnene til Johannes. Slik sett er han i Nora Evensens regi blitt litt mindre aparte, og kanskje difor endå enklare å kjenne att og bli glad i, sjølv om han framleis er ille nok. Når Johannes også stadig framstår ufriviljug komisk i si sjølvrettferd og manglande sjølvinnsikt, blir det også mogeleg å le litt av alt det kleine.

FAR OG DOTTER: Helle (Amanda Bråthen) og Johannes (Bartek Kaminski). FOTO: ØRJAN ASLAKSEN

Mykje av det skuldast at Bartek Kaminski gjer ei så strålande tolking av Johannes. Når han spelar ut ein mann som er så ynkeleg, men samstundes så truverdig, krympar vi oss og tenker, Å nei! Må du seie slikt? Og om det er morsinstinkt eller kva det er, veit eg ikkje, men vi blir berre så inderleg glade i og får slik medkjensle med den figuren Kaminski portretterer med slik fingerspisskjensle. Eg ser at nokre som har vore på premieren påpeiker at han ikkje heilt meistrar Drammensdialekta, men då eg såg framsyninga eit par dagar seinare, var ikkje dette noko påtrengjande problem, kanskje fordi han då snakka meir vanleg austnorsk. I alle fall skal ein leite etter ein meir truverdig Johannes Svendsen. Og dei ufriviljug komiske kjenslene han, nok ein gong utan snev av realisme, med enkel mimikk formidlar til publikum i finalen, var ei nydeleg oppsummering av det heile.

I BESTE LAGET: Svigerinna Mette (Andrea Vik) er frisør og har eit godt handlag. Kanskje litt for godt for Johannes (Bartek Kaminski)? FOTO: ØRJAN ASLAKSEN

Lina, kona til Johannes blir spela av Benedikte K. Sandberg. Ho har eg tidlegare berre sett i nokre mindre roller på Sogn og Fjordane Teater og Teatret Vårt, men her får ho meir rom til å vise kva ho kan. Å vere gift med, og i utgangspunktet glad i, ein person som Johannes er ikkje enkelt, og difor heller ikkje lett å formidle på scena. Men med ein litt kjøleg distanse til det heile greier ho dette på eit overtydande vis. Amanda Bråthen debuterer så vidt eg forstår med rolla som tenåringsdottera Helle, og det er ein debut ho kan vere godt nøgd med. Jenter på denne alderen kan vere like uregjerlege og vanskelege å forstå seg på som vår mann Johannes, og vekslinga hennar mellom den trumpete ungjenta, og den hjelpsame dottera står absolutt til truande. Dei øvrige tre, Stian Isaksen, Andrea Vik og Håkon Thorstensen Nielsen akslar i alt tretten roller, men maktar likevel å gi dei fleste av dei ein personleg signatur. I tillegg til at dei greier å gjere alle dei ulike skifta imponerande synkront.

Med «Svendsens Catering» har Brageteatret laga ein på same tid svart, lun og underhaldande komedie, velspela og med solid forankring i det lokale. Kva meir kan ein forlange av eit regionteater?

One thought on “Blotta for sjølvinnsikt”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.